Sommerbris slumreteppe etter mønster av Bente Malm

På butikken Primula Design  har eg sydd ein modell etter mønster av  Bente Malm sitt  slumreteppe «Sommerbris» og ei pute av  stoff restane.

Etter å ha sydd 16 blokker  fekk  eg  ein «blokk» til overs.
 Eg sydde på remser rundt blokka slik at det vart  ei fin pute som passa til teppet.

Bente Malm brukte stoff  i fargane kvit,  rosa-raud, gul, blå-lilla og kanskje litt grønt.  Eg valte å holde meg til rosa og raudt, ilag med kvitt og litt grønt.  Sjå Bente Malm sitt mønster og teppe på nettsida hennar HER

Teppet er sydd av metervare og stoffpakke «LayerCake» frå butiken Primla Design .
Eg kosa meg med å sy dette  teppet som er sydd i tradisjonell lappeteknikk. Eg vart meir og meir glad i dei  blomstra rosa lappetsoffa og fryda meg over at enkelte av stoffa var veldig like mine aller første lappestoff som eg kjøpte  for ca 25 år sidan!
Mellom topplokket og bakstykket har teppet ein  mjukt og tynn silke vatt som ikkje gjer det for tjukt: Eit skikkelig slumreteppe som er godt og varmt å ha rundt seg!
Teppet er quilta med rettsøm der eg brukte overtransport fot på Symaskina  Bernina 710. Denne symaskina gir god plass for quilting av tepper. Kantebandsapperatet Bernina #88 32mm vart brukt til å sy på lukkekanten på  teppet.
På Lappe og Quilte butikken Primula Design , Eidsgata, Nordfjordeid er  teppet og puta utstilt og der kan mønster og stoff kjøpast .
Teppet og puta på utstilling under Vestlandstreffet 2015- Qulite festivalen på Vestlandet.
 Der var eg så heldig å treffe igjen June Enerstad frå Bernina. Veldig kjekt! 🙂
Publisert første gang på syoddny.blogspot.no 5. juli 2015.