Endelig var helga komen, der
Vestlandstreffet 2015, 16.-18. oktober, stod med store bokstaver på kalenderan! Eg og mine quiltevenniner i Nordfjord Lappe og quilteklubb ( NLQ) hadde lenge sett fram til «Quiltefestivalen på Vestlandet»- i år på Nordfjordeid!
Nordfjordlappe og quilteklubb feirar i år 20 års jubileum.
Klubben ville då invitere andre syglade til å komme å feire ilag med oss på Vestlandstreffet.
Sidan ca. 1997 har eg vore med medlem i Nordfjordlappe og quilte klubb.
NLQ har arrangert Vestlandstreffet, både i 2000 og 2006.
Eg har delteke på Vestlandstreffet i Bergen i 2006 og på Voss i 2012
og som besøkande i Florø 2014.
Eg hugsar ikkje så mykje frå dei første Vestlandstreffa eg var med på.
Derfor vil eg lage ei lita minne bok frå treffet i år – her på bloggen min.
UTSTILLING:
På Vestlandstreffet hadde medlemane i NLQ hengt opp noko av dei siste års arbeid i korridorene på EidUngdomsskule.
Twisterteppe:
Twisterteppet er eit av lappeteppa mine som eg er mest glad i . Teppet er sydd i friske fargar av for det meste gamle stoff – eit ekte lappeteppe! Eg hadde aldri prøvd twister linjalen, så på første forsøk ville eg bruke stoff som eg ikkje var så redd for ! Eg fekk finne gamle stoff frå mamma sine hyller. Gardiner og bluser vart klipt opp, men dei fleste stoffa låg og venta på å bli skjert og sydd i hop!
Til den lyseblå ramma måtte eg kjøpe stoff på Lappestua på Nordfjordeid.
Meir om twister teppet mitt kjem seinare på bloggen min.
Valmueblide:
Valmue bildet mitt som eg sydde på kurs med Randi Røys, våren 2015, var utstilt inne på klasserommet der Randi hadde kurs på treffet.
Her kunne ein sjå bilder og løparar, mønster frå Randi Røys.
Kurs med Randi Røys kan de lese meir om
Sommerbristeppe:
I sommer sydde eg Sommerbris slumreteppe for butikken Primula Design. Mønster etter Bente Malm.
Veldig kjekt å treffe igjen June Enerstad frå Bernina!
Les meir om Sommerbris slumreteppe her:
Buggy-Barn Hjerteteppe:
Mitt blå Buggy-Barn Hjerteteppe, sydde eg på eit kurs med Marie Myklebust som NLQ arrangert i 2013. Stoffet er kjøpt på Primula Design og på baksida er det micro fleece frå nettbutikken Kreativ. Fleecen er kjøpt med eit gavekort som eg vann på ein syalong på Facebooksida :» Voksne Sygalne». Enkelt quilta fordi dette skal vere eit mjukt kose teppe!
Tina Eckeroth , June Enerstad og Bente Boksasp studerer teppet mitt.
Dei andre klubb medlemane hadde stilt ut masse fint! Eg tok masse bilder av «kunstverka» for eg ville ha å syne til mamma ,som var sjuk og ikkje kunne vere med denne gangen.
Nyt bilda som kjem under her. Eg kom iallefall i julestemning!
KAFFI &KAKER:
I år og var det kiosk med mange fine og gode kaker!
.
Kake med Tråsneller, nål og lappeteppe laga av mi gode venninne Laila J. Vangberg Gangdal
Foto: June Enerstad frå. Bernina Nordic
BUTIKKER:
På Vestlandstreffet er det alltid ein del quilte butikker som sel stoff og sytilbehør til oss «Quilteglade». Butikkane har med ferdige modellar og materialpakkar, som vi let oss friste av!
Her er litt av utvalget deira!
Sølvi Quiltestudio:
Primula Design:
Trapp Ned:
Lappestua:
Northen quilts:
FOREDRAG:
Vestlandstreffet åpnar alltid med eit foredrag på fredagskvelden.
I år var det Wenche Wolff Hatling som fortalde om seg sjølv og oppsarten til design firmaet «Northern quilts» og ho viste fram mykje av sine arbeid ! Ho liker å kombinere lappeteknikk med «broderusk» ( stitcery-broderi).Veldig kjekt å få sjå mange av teppa hennar «live» !
Ho fortalde og om prosessen med å designe eigne lappestoff der ho er inspirert av natur, reiser og kultur, f.eks. blomster, bygninger og rosemåling.
«Heldige meg» som fekk vere assistenten til Wenche under foredraget!!!
Leiar i NLQ Anne Marie Holsvik studerer det flotte juleteppe til Wenche.
Wenche svarte gjerne på spørmål etter foredraget.
Les meir om foredraget
HER
KURS:
Klubben hadde mykje arbeid med å avikle Vestlandstreffet, men alt var veldig godt organisert så vi fekk både tid til å gå på kurs, sjå innom dei andre kursa , drikke kaffi og snakke med dei andre .
Kurs med Kari Renolen ( My Quilt):.
Eg gjekk på kurs med Kari Renolen som driv «My Quilt».
Vi laga»Butterfly»Skulderveske med stilige detaljer med eit stort lokk der vi med hjelp av decoupage limte servietter på lokket.
SyOddny
SyOddny
og andre kursdeltakara sine kreative serviett collage:
Kari sine ferdige quilta modeller:
Kari si veske
Eg vart ikkje heilt ferdig med veska mi på kurset…
Medan andre vart ferdig med veska på kurset !
Til slutt vart veska mi ferdig og er godt brukt!!
Les meir om sommerfuglveska mi
Andre veske frå Kari Renolen:
Meir om kurset til Kari Renolen kan du lese om
HER
Kurs med Vigdis Hovden Månsson:
Vesker fletta av kaffiposar, ukeblad, reklamer, sjokoladepapir og Donald blad!
Fleire bilder frå kurset med Vigdis Hovden Månsson:
HER
Kurs med Ingeborg Strupstad:
Ei lita fin veske.
Ingeborg sine modeller.
Fleire bilder frå kurs med
Ingeborg Strupstad trykk her:
HER
Kurs med Liv Ingunn Holvik:
På dette kurset sydde ein vesker av dongri bukser.
Dette kjekke kurset har eg gått på tidligare og du kan lese meir om det
Her.
Sjå fleire
Bilder frå kurset på Vetlandstreffet.
Kurs med Patricia Iden:
Bilde, applikasjon av hus og ulike sting med symaskin.
Anita Obo
Ingrid Olaisen
Symaskina med underlag til Patricia Iden og andre modeller under:
Sjå fleire bilder frå kurset med Patricia Ida
HER
JUBILEUMSMIDDAG:
På Nordfjord hotell var det nydelig pynta til festmiddag til nesten 150 personer.
Det vart severt koldtbord
Rundt om i festlokalet hadde medlemer i lappeklubben pynta med eigne arbeid.
Under festmiddagen hadde nokre «Vis & fortell».
Turid Bakken frå Ulsteinvik syr hexagon med handsaum
og skriv bloggen «Den syende himmel.»
Turid med sitt store prosjekt «La Passions» Design av
Grift`s Life.
I Facebook gruppa: » Hexagonquilt «La Passion» » samlar den tyske designar mange som syr
«La Passion».
Marianne Gjesdal Lyngås frå Rogaland
viste eit fellesprosjekt frå hennar lappeklubb
og eit juleteppe med familiebilder.
Les meir om Festmiddagen
Her
Jippi eg vant denne kjempe fine haust løparen på lotteriet!
Fint minne å ta med meg frå Vestlandstreffet 2015!
Tusen takk til gamle og nye quiltevenninner for ei kjempe flott helg!!
———————————————————————————————————————
Ein må gjerne kopiere bilda mine men då ser eg at de likar facebooksida mi «
SyOddny«
Publisert første gang 23.10.15. på SyOddny.blogspot.no