Klipp hakk i sømrommet, slik at det blir lettare å vrenge over stoffa og stryke fin kant.
Gjer det samme med bakstykka; Vend bakstykka slik at dei ligg med vranga mot kvarndre. Stryk.
2. Sy i hop på skulder:
Skill for og frontstoff ifrå kvarnadre.
Legg fronstykke og bakstykke mot kvarnadre ved skulder. For mot for og ytterstoff mot ytterstoff. Sy samman først den eine skuldra og så syr ein saman den andre skuldra . NB! Pass på at sømmen rundt halsen stemmer. Sett ei knappe nål i sømmane slik at dei ligg over kvarandre. Legg sømromma til halsåpninga til kvar sin vei slik at det ikkje blir så tjukt
Då er begge skuldersømmane sydd og ein vrenger kjolen til den ser slik ut:
3. Vrangsy armhol:
Ein vrangsyr armhola før ein syr sidesømmane av kjolen.
Eg syr ferdig første armhol før eg syr det andre armholet.
Legg armhol framstykke yterstoff og for , retta mot retta . Eg bruker å sette nåler frå sida og jobber meg opp mot skulder søm. Så syr eg eg ein søm frå skuldersøm og ned til sida av kjolen. Klipp hakk i sømrom. Så drar eg ut og vrenger kjolen over til retta igjen.
Legg så armhol bakstykke ytterstoff og for, retta mot retta. Sett nåler og jobb deg oppover. Sy ein søm frå skuldersøm ( sy imotsatt retning av forige søm) og ned til sida av kjolen. Klipp hakk i sømrom.
Gjer det samme med den andre sida/armhol.
Eg har overlocka sidesømmane. På dei andre sømmane har eg berre sydd ein vanlig søm sidan desse sømmane blir gjøymt inne i kjolen og blir skjult av stikninger . Bruk gjerne trippelsøm dersom du syr i strech stoff. Vreng til kjolen slik den skal vere.
5. Sy stikninger
Sy stikninger/ pynte søm rundt halsåpning og armhola.
6. Legg opp kjolekant nede
Legg opp kjolen nede, eller sett på ein rynke kappe på ytterstoffet og/eller foret.
No er kjolen ferdig ! Det kjekke er at kjolen kan brukast på begge sider!
Sjå fleire vrangsydde kjoler her: https://www.syoddny.no/2019/02/fora-barnekjoler-som-kan-brukast-pa-begge-sider/
Facebook side: @SyOddny. Instagram: SyOddny