Så heldig eg er som har eit stort teppe med tusenvis av krokuser ute på mitt tun. Eller rettare sagt dei veks på marka til mine svigerforeldre. For ca. 20 år sidan kjøpte svigerfar ein pose med krokuser. Dei blomstrer ved påsketider, dei får stå i fred til sauene blir slepp ut eller slåtten byrja. Dermed sår dei seg vidare og heldige meg har krokusane funne vegen til min hage.
Med så mange krouser måtte det bli ein KROKUSLØPER. Sjølve krokusane er sydd med restestoff på papir. Eg har brukt forskjellige kvaliteter i kvit stoff, lappestoff /bomull og gardinstoff. Lukkekanten er laga av gult lappestoff, bomull stoff. Ouilta med stoppefoten med «hjernemasse » mønster på det kvite .
Første gang puplisert; 6.april 2015 SyOddny. blogspot.no