Blomsterpotteskjuler og pute med knapp

Pute og blomster potteskjuler  sydd av 50 cm bomulstoff og linstoff (restestoff).

Pute:
Klipte to kvadrat  50cm x 50cm  av bommulstoffet.
Eg klipte og to stykker med bomullsvatt/ Babyvatt og la det på vranga,- dette som støttestoff så puta blei  meir solid men og mjukare.
La retta mot retta og sydde ein søm ved  dei fire sidene. Søm-rom 1cm.
Sydde  gjennom dei to laga med bomullstoff, men og gjennom vatten. Let vere å sy ein del på den eine sida, hol for vrening av puta og stapping av fyll.
Når puta var vrengt og stappa med fyll vatt, sydde eg holdet igjen for hand.

Eg fann midten på puta og sydde gjennom puta med ein sterk tråd, drog puta sammen med hjelp av den sterke tråden og festa to store knapper på begge sider.

Blomsterpotteskjuler

Når  puta var sydd hadde eg igjen ei remse av det blå bomullstoffet som eg ville bruke til ein blomsterpotteskjuler.
Eg brukte 50 cm (breidt)  x 23 cm halv lin, 9 cm blå bommulstoff og 30 cm grov lin  (med sømrom).
Dvs. tilsamman: 50 cm (breidt) x 60 cm (langt)
Desse måla er til ein litt høg blomsterpotte .
Under den  grove linen har eg eit stykke med bordvatt (50 cm x 30 cm) denne er festa i sømmen mellom det blå bomullstoffet og den grove  linen.
Eg sydde i hop langsidene i ein søm. Her og måtte eg la vere å sy eit stykke på foret (halvlinen) slik at eg fekk hol til vrenging.
 Strauk med strykehjarn slik at sømmen kom midt bak.

Sydde igjen oppe og nede Sjå bilde under:

Klipte ut firkanter i alle hjørner. 4 cm i høgda x 3 cm i breidda,  1 cm meir på høgda pga. det forsvinner 1 cm ved sømrommet.

La sårkantane mot kvarandre og sydde ein søm. Gjorde  dette ved alle dei  fire hjørna.

Sjå bilde under:

Vrengte  posen og  sydde igjen holet.
Halverte arbeidet ved å brette foret/halvlinen og det blå stoffet ned i ytterstoffet/ det grove linstoffet. To og to hjørne mot kvarandre.  Bretta så det blå stoffet tilbake  og ned slik at det viste på yttersida.
Så då hadde eg ein fin blomsterpotteskjuler eller ei lita korg.
Fleire sybeskrivelser på blomsterpotteskjuler, korger og poser finn du
Første gang publisert 23.mars 2016 syoddny.blogspot.com