No skal eg vise steg for steg korleis eg syr enkel og klassisk toalettveske,
der ein slepp å sy foret fast med hand. Toalettveska har lommer på innsida.
Mønster og syforklaring har eg laga sjølv.
Det er lov å dele mønstra med andre, til syinspirasjon!
Eg synest det er godt å ha innerlomme i toalettvesker og i vesker.
Om det tek ekstra tid å sy lommer på foret, synest eg det er verdt bryet.
Veska er då meir anvendelig i bruk.
Veska bør ha ei lomme med gildelås,
der ein kan gøyme små ting som smykker og tabletter.
MATERIALLISTE:
Hovudstoff:
til utside:
1 stk. ca. 37 cm x 27 cm (reinskjerast til 35 cm x 25 cm).
1 stk. 35 cm x 25 cm.
Bordvatt:
1 stk. ca. 37 cm x 27cm (reinskjerast til 35 cm x 25cm).
1 stk. 35 cm x 25 cm.
1 stk . 35 cm x 11 cm.
For:
2 stk. . 35 cm x 25 cm .
Støttestoff til for:
2 stk. 35 cm x 25 cm.
Lommer:
A: 2 stk.: 25 cm høg x 10 cm brei (Kan gjerne vere samme stoff som foret).
B: 2 stk.: 22 cm brei x 5 cm høg.
C: 2stk.:22 cm brei x 16 cm høg.
Glidelås:
1 glidelås minst 22 cm langt D
og 1 glidelås minst 33 cm langt.
Stoffremse til glidelås:
ca. 10 cm. x 5 cm.
Stoffrester:
Til applikasjon
Flisofix:
Til Applikasjon
Symaskin med sytilbehør
1 cm sømrom om ikkje noko anna er nemt.
Det er opp til kvar enkelt korleis toalettveska skal sjå ut.
Her er det berre å bruke fantasien!
Eg viser to måter å lage yttersida på, der eg skil mellom eit framstykke og eit bakstykke.
Eit stykke med quilting og applikasjon og eit vanlig stykke uten dekor og søm.
Men begge sidene på toalettveska kan syast likt.
FRAMSTYKKE:
Skjer eit stykke bordvatt og eit stykke stoff (framsida), begge 27 cm x 37 cm .
Framstykket skal quiltast og då er det lurt å skjere/ klippe litt ekstra mål
Stoffet og vatten vil krympe og dra seg litt ved vattering/ «quilting».
Legg bordvatten under stoffet.
Vater eller «quilt «med å sy gjennom stoffet og vatten.
Eg brukte trippelsøm og dekorsøm som eg sydde på skrå av stoffet.
Frihandsquilting med Stich Regulator syfot ( Bernina) .
Ein kan også bruke stoppefoten til frihandsquilting.
NB! Hugs å koble ifrå undertransportøren på symaskina når ein frihandsquilter!
Eit ferdig «quilta» eller vattert stoffstykke!
Applikasjon av hjerte:
Teikn hjerter på flisofix.
Lim flisofix på stoffet.
Klipp ut hjerte.
Riv av støttepapiret på flisofixen
og plasser hjerta på stoffstykket der du vil ha dei.
Stryk fast hjerta med strykejern.
Sy fast hjerta med symaskin.
Eg har her brukt søm nr: 720 (Bernina symaskin 710).
Les meir om applikasjon av hjerte HER
Skjer/klipp det ferdige vattert/ «quilta»,
stoffstykket til 35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to firkanter nede i hjørna, 4 x 4 cm.
BAKSTYKKE:
Klipp eller skjer bakstykke og eit stykke bordvatt med samme mål som framstykke (sjå bilde over).
35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to firkanter nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg hovudstoffet opp på vatten, kant i kant.
Sy ein søm, heilt ut i kanten rundt sidene så stoffa heng fast i kvarandre.
Stoffa glir då ikkje ifrå kvarandre og frynser og rakner.
No har du eit bakstykke og eit framstykke som er like store.
FOR / INNSIDE:
Klipp / skjer fòr (blå) og støttestoff (kvit):
2 stk.: 35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to firkanter nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg foret opp på støttestoffet, kant i kant.
Vranga på foret mot støttestoffet.
Sy ein søm rundt sidene, heilt ut i kanten,
slik at stoffa heng fast i kvarandre og ikkje glir.
Støttestoff er for å gjere foret sterkare.
Viss ein ikkje skal ha lommer i veska treng ein ikkje støttestoff.
Hoppe då over avsnittet om korleis ein syr lommene
og fram til korleis ein syr glidelås og syr samman toalettveska.
Lomme:
Klipp eller skjer stoff 35 cm x 24 cm og bordvatt 35 cm x 11 cm.
Brett stoffet i to. Stryk så det blir ei linje midt på stoffet.
Legg vatten inn til midden og brett stoffet rundt vatten.
Sy ein stikkning ved bretten slik at vatten blir festa i stoffet.
På den andre sida, ved sårkanten (klippekanten) er stoffet ca. 1 cm større enn vatten, dette for sømrom.
Legg lommedelen på eine fòrstykke,
retta mot retta.
Sårkanten skal ligge oppover ca. 8 cm parallelt frå nedre kant av foret.
Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.
Brett lomma oppover og styrk.
Sy ein stikkning (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Del inn lomma til midre lommer,alt etter smak og behag.
Tenk litt på kva du vil ha i lommene; mobil, maskara, penner ol.
Bruk ein linjal og ein tusj (som kan strykast vekk) eller kritt
til å merke der ein skal sy.
Sy stikninger over merkelinjene.
Fest sidene av lomma til foret med ein hjelpesøm.
Slik ser lomma ut i ferdig veske:
Lomme med glidelås:
A: 2 stk.: 25 cm høg x 10 cm brei ( Kan gjerne vere samme stoff som foret). B: 2 stk.:22 cm brei x 5 cm høg.
C: 2 stk.: 22 cm brei x 16 cm høg.
D: Glidelås minst 22 cm ( helst litt lenger).
Legg eit stoffstykke B langs glidelåset D, retta mot retta .
Sy ein smal søm (lite sømrom)
Eg bruker glidelåsfot når eg syr fast glidelås.
Det er ein fordel at glidelåset er lenger enn 22 cm,
då er det lenger enn arbeidet og glidaren kjem ikkje i vegen når ein skal sy.
Ta 2. stoffstykke B og legg retta mot vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med 1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm. Somrøm tilpassa etter glidelåset.
Når du snur arbeidet, er der to sømmer.
Brett stoffstykka mot kvarandre, vranga mot vranga.
Stryk stoffstykka godt oppover slik at glidelåsen viser.
Ta eit stoffstykke C og gjer det samme som ovanfor, men på den andre sida av glidelåset:
Legg stoffstykke retta mot retta på glidelåset.
Pass på at stoffstykke B og C er kant i kant.
Sy ein smal søm.
Ta det 2. stoffstykke C og legg med retta på vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med 1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm , Sømrom tilpassa etter glidelåset.
Brett stoffstykka mot kvarandre vranga mot vranga
Stryk stoffstykka godt nedover slik at glidelåset vise.
Sy stinkninger og gjerne pynte-søm langs glidelåset.
Dra glidelåsglidaren innom sidene på stoffet
og klipp av glidelåset på begge sider viss det er for langt.
Reinskjer lomma 22 cm brei x 20 cm høg.
Legg lomma opp ned på ned på det andre stykke med for.
Retta mot retta.
Retta mot retta.
Sårkanten nede på lomma skal vere ca. 7 cm parallelt frå nedre kant av foret.
Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.
Brett lomma oppover og stryk sømmen.
Sy ein stikkning (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Fest lomma oppe ved ein søm ved kanten.
Ta dei to stoffstykka A og legg dei på kvar si side av lomma,
retta mot retta.
Sy ein søm.
Brett stoffstykka over til sida og stryk.
Sy ein stikkning.
Snu arbeidet over på baksida og reinskjer eller klipp rundt støttestoffet med for.
Sy ein søm heilt ut ved kanten.
Då er den andre sida med fòr ferdig!
Slik ser lomma med glidelås ut i ferdig toalettveske .
Då er begge stykka på innsida /foret klar til å sy i hop.
GLIDELÅS:
Skjer/ Klipp ei 5 cm brei remse, ca 10 cm lang.
Brett den dobbelt og stryk slik at det blir ein strek på midten.
Brett sårkantane inn mot midten, stryk.
Brett så igjen og stryk slik at stoffet er bretta som eit skråband.
Klipp glidelåset 33 cm langt.
Nb! Pass på at glidaren på glidelåset er innanfor der ein klipper.
Legg eine enden av glidelåset inn i det bretta bandet.
Sy fast bandet på glidelåset, som ein firkant .
Sjå bilde ovenfor.
Klipp av bandet på sida av glidelåset.
Gjer det samme på den andre sida av glidelåset.
Då er glidelåset klar for bruk!
SY SAMMAN TOALETTVESKA:
Legg glidelåset retta mot retta på framstykket.
Midt på glidelåset skal vere midt på framstykket.
Sy ein smal søm.
Gjer det samme med bakstykket.
Dra sidene ifrå kvarandre og stryk ved søm ved glidelås.
Snu arbeidet.
Legg det eine stykket med fòr, retta mot vranga av glidelåset.
Sy ein søm .
Sømrom tilpassa glidelåset.
Sy så det andre stykke med for fast i glidelåset på samme måte.
Dra stykka med for ifrå kvarndre så baksida av glidelåset vise .
Legg framstykke og bakstykke mot kvarandre, retta mot rette.
Legg begge stykka med for mot kvarandre, retta mot retta.
Dersom ein ønskjer merkelapp i sida på toalettveska,
legg ein den no inn i sømmen.
Putt merkelappen inn i sida mellom framtstykke og bakstykke, ca .4 cm nedan ifrå.
Sy søm rundt alle dei fire sidene.
NB! Hugs å ha åpning på eine sida av foret for seinare vrening av veska.
NB! Ved hjørna, der firkantane er klipt vekk, skal det ikkje syast no!
Hjørna skal først brettast flate.
Sidesøm og søm i bunnen skal vere rett mot kvarandre.
Sjå bilde ovenfor og under.
Sy ein søm ved sårkant, ved alle fire hjørner.
Når alle hjørnene er sydd, ser arbeidet slik ut på vranga.
Vreng veska gjennom holet i foret.
Brett til vrengeholet og sy igjen med ein fin stikning med symaskin
(eller sy i hop for hand).
Brett foret ned i veska og
SIMSALABIM!
Toalettveska er ferdig!!
Publisert første gang på SyOddny.Blogspot.com 22.sep.2016