Redesign av ullteppe.

 

 

Teppet som vart  til ei jakke! For  mange år sidan, fekk vi  eit teppe frå ei bestemor. Teppet vart mykje brukt, godt å ha  over seg både i stova og i bilen.  I det siste var det katten som hadde glede av teppet.

Vi var tenkt å kaste   teppet.  No i desse gjenbrukstider, fekk eg lyst til å redesigne teppet.

 

Teppet som  var godt brukt!

Sjølv om der  var eit hol i teppet og nokre  kattehår på  det, synest eg det var for godt til å kaste!

Teppet fekk nokre omganger i vaskemaskina og vart lufta godt ute i nokre dager.

Fann eit mønster på ei fin jakke i eit symagasin.  Teikna av mønstret, tilpassa og lag det på teppet.  Bretta teppet dobbelt.  La midtbak på  bakstykket inntil bretten på teppet .

 

 

Framstykket la eg inn til den andre kanten. Eg ville bruke dei  fine kantane på teppet.   Då vart jarekanten på teppet   midtframme på jakka. Då slapp eg belegg der .

Jarekanten på teppet,  midt framme på jakka, åpning . Frynser nede på jakka.

Nede på jakka kom frynsene, frå eine enden av teppet.  Då slapp eg opplegg nede  på jakka. Resten av frynsene brukte eg til krage.

Klipte ut alle mønsterdelane i teppet, med 1 cm sømrom.  Då stoffet var bretta dobbelt,  fekk eg 2 stk. framstykke, 2 stk. armer og 1 stk. bakstykke. Bretten midt bak skal ikkje klippast !

Sybeskrivelse: 

Eg brukte overlock- cover- og rettsøm.  Det går fint å bruke ei heilt valig symaskin med rettsøm og sikk-sakksøm , og gjerne ein falsk overlocksøm.

  1. Sy skuldersøm.   Legg skulder  på framstykket, retta mot retta til skulder på bakstykke.
  2. Sy armane fast på framstykke + bakstykke.
  3. Sy sidesøm.  Sidene til framstykke og bakstykket leggast  med retta mot retta. Sidene på arm blir og  lagt retta mot retta.
  4. Legg opp armer til passelig lengde. Eg har  coversøm. Søm med  tvilingnål eller enkelt nål går fint.
  5. Tilpass kragen   etter lengda på halsåpning.   Lengd på kragen tilpassast med ein søm midtbak.                                                                                                                                    Sy kragen fast i halsåpning, bakside på kragen  leggast på rettsida av bakstykke  og framstykke. Legg sømmen ned på framstykket og bakstykket og sy ein stikning, så  sømrommet held seg fast og kragen ligg fint.
    Søm midtbak på kragen.
    Innsida av jakka, midt bak. Søm midtbak på kragen blir skjult , når kragen blir bretta ned .

    Stikning på rettsida, søm som held sømmrommet nede og  på plass.
Jakka bak

No er det eg som har glede av teppet. Jakka er god å ha på seg når det er kaldt ute.  Ekstra kjekt er det å tenke på alle minnene ein har frå dette teppet. Og kor mykje omsorg det ligg i eit varmt og godt  teppe frå ei bestemor. Eg hadde ikkje hjerte til å kaste det og eg er glad det kjem til nytte igjen somei jakke.  Trur denne jakka vert god å ha med seg på busstur , båtur og andre spennande reiser. Jakka er alt i god bruk!

Ferdig jakke