Kvit vinterkjole i ull og pels til barn

Barnekjoler  4 år, 6 år 8 år og 10 år
sydd i ull på rull frå JANUS og pelsstoff frå butikken Fantasi på Sandane og Panduro.
Mønsteret  har eg  hatt liggande,  usikker på kvar  mønsteret kjem ifrå.
Det er eit heilt enkelt mønster til kjole i strekkstoff
som dei fleste mønster merker/firma  og syblad har.
Ser at  Soff &Stil  har mønster som  fint kan brukast.
Eg laga armane vidare sidan pelsstoffet er eit faststoff og ikkje strekker seg.
Sydde på bråt framme på armane.
Ein kan og bruke eit  mønster til gensar, som ein forlenger og skråer ut nede,
 slik at det blir til ein kjole.
Ideen til  å sy  slike  kjolar   kom  etter at eg hadde sydd ein slik kjole til meg sjølv
og eg fekk spørsmål om å sy samme kjole til barn.
Les om kjolen min HER
God og varm kosekjole til vinteren!
Publisert første gang  på Syoddny. blogspot.com29. okt. 2016

Applikasjon av hjerte på kjoler

To blå kjoler

Kjoler sydd i blå jersey viscose  frå Stoff&Stil
og blå  mønstra strech jersey frå Sybutikken  på Lillehammer
Damekjole
Damekjolen er sydd av mønster frå Onion 2035.
Barnekjole
Lomme på barnekjolen:
Vrangsydde to firkanter.
(Nb! Hugs å sette av åpning  for vrenging.)
Stryk lomma  og sy den fast lomma på kjolen.
På symaskina fann eg ein fin dekorsøm som eg brukte på lomma.
Applikert  hjerte: 
 
Eg teikna eit hjerte på frihand.
Teikna hjertet over på flisofix.
Strauk flisofix over på stoffet.
Klipte ut hjertet og strauk det på kjolen.
La eit støtte-stoff på baksida av kjolestoffet der hjertet var .
Sydde fast hjertet med tette sikk-sakk sting.
Publisert første gang på Syoddny. blogspot.com 12. sep.2016

Maritime kle- til siste del av båtsessongen

Foto: Sol Ulve
Så fekk eg tid til å sy  ein «Båt kjole»   av  dette fine stoffet med kvitte anker på blå botn.
 Mjukt, behageleg strech jersey   frå Stoffbutikken.no.
Foto: Sol Ulve.
Eg kanta halsen og armane med  kantebandsapparatet.
Eg har ikkje kanta kle med kantebandsapparatet før, men dette var gøy!.
  Eg vart så fornøgd!
 Så morgonen etterpå sydde eg  meg ein shorts.
SHORTS
Mønster frå boka  «Heilt Spesiell: Sy til liten og stor» av Kristin Thorsnes.
Shortsen passa perfekt og er veldig behaglig å ha på.
Dette blir absolutt ein favoritt!
Men eg forstod  ikkje korleis  eg skulle sy linningen, så linningensydde eg på min eigen måte.
KANTEBANDSAPPARAT
Eg har kun brukt Bernina Kantebandsapparat #88  til kanting av lappetepper og duker.
Men det gjekk veldig fint å kante kle på denne måten, som June Enerstad viste meg på Vestlandstreffet (quiltefestival på Vestlandet) i Florø 2014 .
Ein kan  sjå korleis June kanter med kantebandsapparatet  på BERNINA Webinar HER
KJOLE TIL JENTE:
Mjuk og fin kvardagskjole  str. 98.
HERREGENSAR
Så klart må skipperen må  ha maritim gensar!!
No håper vi på masse fint ver, så  båtsessongen held seg langt utover hausten!
Foto: Sol Ulve.
Velkommen til å like meg på Facebook sida mi «SyOddny»
Publisert første gang på  Syoddny.blogspot.com  12.aug.2016

Barnekjole med katt

Ein behagelig kjole for ei skikkelig katte mamma !
 Denne kjolen er sydd  i mjuk orange strech velour og bomull stoff  med katter.
  Modellen, Stoff og mønster Onion 20045 er på butikken Primula Design.
Kjolen er som ein genser med ei rynka kappe nede.
Ein katt er klipt ut av bomullstoffet og applikert framme  på  kjolen.
Kjolen  er lett å dra over hovudet og ha utanpå ein   behagelig  tights eller strømpebukse.
Praktisk plagg for små jenter som liker  å pynte seg med kjole el skjørt!
Andre barnekjolar frå Onion sjå HER
Publisert første gang på SyOddny.blogspot.com 29.sep.2015.

Sommerkjole og hatt

 Barnekjole  med raglansarma mønster frå Oniom  nr: 20042
Mønster får ein kjøpt på Primula Design, Nordfjordeid.
Sommerhatt, mønster  frå boka: «Sy av håndklær» av Hilde Reier og Ellen Dyrop
Bomull stoff og skråband frå butikken Primula Design.
Her får ein kjøpt masse fint bomullstoff både til kjoler og lappeteknikk.
Butikken  Primula Design er ein sikkelig «snopebutikk» for oss som elsker å sy.
Hærlig å plukke med seg fine skråband  i mange forskjellige fargar og mønster!
Publisert førtse gang på SyOddny.blogspot.com juli.2015.