Frå kursoppgåve i kursleiarutdanninga til ferdig quilt og kurs på quiltetreffet 2026.
Sommaren, sivet og lyset over innsektdammen vart utgangspunktet for denne quilten. Augestikkaren starta som ei oppgåve i kursleiarutdanninga mi hos Norsk Quilteforbund, men utvikla seg til ei forteljing sydd i stoff – om overgang, lys og bevegelse. I dette blogginnlegget deler eg både historia bak motivet og dei faglege vala som forma quilten.
Når augestikkaren flyr mot lyset – ei forteljing i tekstil.
Sommaren er komen, og vatnet i innsektdammen er varmare. Morgonsola sender sine fyrste strålar innover dammen, og sollyset kryp ned mellom sivstråa. Fleire fargar i lyse, grøne nyansar blir synlege, medan delar av graset framleis ligg i skugge og får mørkare grøne sjatteringar. Sollyset når ikkje heile dammen med ein gong – og det er nettopp i dette spelet mellom lys og skugge historia tek til.
Augestikkaren har levd i dammen som nymfe i minst tre år, kanskje lenger. No kjenner han seg uroleg. Er det i dag eg skal forlate innsektdammen?
I det siste nymfestadiet kryp nymfa opp av vatnet og festar seg til eit grasstrå. Der får ho tørke godt, før huda rivnar og eit vaksent insekt sakte kryp ut. Augestikkaren speglar seg i dammen og ser ein skapning med lang kropp, fire tynne venger med ornament og perlemor. To store auger ser tilbake før han løftar seg på vengene og flyr mot lyset. Augestikkaren ser vi helst når det er sommar og sol.
Frå forteljing til quilt
Quilten «Augestikkar» er eit bildeteppe som viser den siste scena i forteljinga – augestikkaren i det augeblikket han flyr mot lyset. Quilten vart laga som ei besvarelse på ei av oppgåvene i kursleiarutdanninga mi. Oppgåva gav rom for både kunstnarisk fridom og grundig fagleg refleksjon rundt teknikk, farge og komposisjon.
Bakgrunnen – sivet, graset og lyset – er sydd saman av smale remser med buande linjer. Desse linjene skaper rytme, djupne og bevegelse i bildet. Sjølve augestikkaren er applikert på bakgrunnen ved hjelp av vlisofix, og festa med doble knappeholsting sydd på symaskin. Eg valde denne typen sting fordi dei passar godt til strukturen i vengene, som har tydelege brettar og mange årer.
Quilten er sydd med symaskin, quilta med bordvatt som mellomlag og bomullsstoff på baksida. Rundt heile quilten er det sydd ein dobbel, smal lukkekant.
Materialval og fargar
Til sivet og graset er det brukt tekstilar i ulike kvalitetar: bomull, silke, møbelstoff og andre syntetiske stoff. Dei ulike strukturane og glansen i stoffa gir liv til bildet. Glansen speglar solstrålane som ein kan førestille seg reflektert i vatnet – sjølv om sjølve dammen ikkje er synleg i quilten.

Fargebruken i bakgrunnen er monokromatisk, med grønt i ulike valørar. Fargane går frå mørkt til lyst og tilbake til lyst igjen. Dei mørke fargane skaper skuggar, medan dei lyse viser kvar sola treff.
Augestikkaren er sydd av bomullsstoff. Eg vurderte å bruke tekstilar med meir glans og å dele opp mønsterdelane i mindre bitar, men valet fall på bomullsstoff med mønster og fargenyansar som minner om det naturlege mønsteret i vengene til insektet.

Auge, kontrast og val som måtte takast.
Eg var lenge usikker på fargen på augo. Først prøvde eg turkisblå, men då vart augestikkaren flat og forsvann litt i bakgrunnen. Det same skjedde med lilla auge – fargane harmonerte for godt med vengene og gav eit for snilt uttrykk.
Då eg valde raud-oransje auge, skjedde det noko heilt anna. Det var litt skummelt, men augo «poppa» fram og heile insektet fekk liv. Hovudet fekk meir merksemd, og det vart tydeleg at augestikkaren flyr mot lyset. I naturen har augestikkaren store, dominerande auge, og dette valet kjennest derfor riktig. Raud er komplementærfargen til grøn, og oransje er komplementærfargen til blå. Dette gjer at fargane forsterkar kvarandre og gir meir liv til motivet.
Det som kan sjå gult ut i quilten, er eigentleg lyst grønt stoff. På avstand – og på foto – verkar det nesten gult. Lilla er komplementærfargen til gult, og eg opplever at dei blå og lilla fargane i augestikkaren påverkar det lyse grøne stoffet slik at det verkar endå lysare. Dette kan vere eit døme på simultankontrast – der fargar endrar uttrykk i møte med kvarandre. (Eit lite men er at eg brukar briller med gule filterglas, så eg ser verda litt gulare enn mange andre.)
Quilting og balanse.
Eg vurderte å legge til gule, oransje og raude sommarfuglar i bildet, men dei vart alt for dominerande. Augestikkaren forsvann i bakgrunnen, og for å skape balanse måtte eg flytte motivet – då forsvann også kjensla av at han flyr mot lyset. Løysinga vart å kutte ut sommarfuglane og heller bruke raud og oransje sytråd i quiltinga på dei grøne sivblada. Slik fekk eg meir liv og kontrast utan å ta fokus frå hovudmotivet.

Eg prøvde først å quilte med rette, vertikale stikningar på tvers av saumlinjene i blada, men dette vart for rotete og dominerande. Det vart meir harmoni då eg quilta innfor kantane av sivblada, slik at stikningane følgjer same retning som blada. Øvst i bildet – «himmelen» eller lyset – hadde eg eigentleg tenkt å quilte lite, men då vart quilten ujamn og bulkete. Meir quilting i dei lyse partia gjorde at heile quilten vart fysisk jamnare og flatare.
Det er brukt sytråd i mange ulike fargar: raud, oransje og fleire nyansar av grøn – frå heilt lys til mørk. Ein av sytrådane er flamma, med fargar som går frå lyst grønt via blått til lilla. Samla speglar trådane alle fargane i bildet og skaper liv, kontrastar og skuggar.
Vidare liv
Augestikkaren starta som ei oppgåve i kursleiarutdanninga, men har fått eit vidare liv. Denne quilten er no sett opp som kurs og vil også vere eitt av kursa på Norsk Quilteforbund sitt quiltetreff på Gardermoen i mars 2026. Det kjennest både stort og meiningsfullt å kunne dele denne prosessen vidare – frå forteljing, via tekstil, til kurs.
Link til Norsk Quiltetreff 2026: https://www.nqf.no/norsk-quiltetreff-2026-2/
Ønskjer du at eg skal komme og halde kurs i din klubb eller på din heimplass, er det berre å ta kontakt: syoddny@gmail.com
På kurset lagar vi eit unikt bildeteppe (art quilt) med utgangspunkt i Augestikkaren. Bakgrunnen blir sydd saman av smale remser og buande linjer i ulike tekstilkvalitetar, som gir eit dynamisk og spennande uttrykk. Motivet kan vere ein augestikkar – eller noko heilt anna, som ein fugl, ein sommarfugl, eller eit reint abstrakt uttrykk.
Kurset passar både for nybyrjarar og meir erfarne. Du får bruke dei tekstila du har tilgjengeleg, og lærer om ulike tekstilkvalitetar, stabilisering, korleis lage buande linjer, applikasjon, quilting og enkel fargelære – og korleis ein kan skape djupn og liv i eit tekstilt bilde.
Bli med og utforsk kreativiteten din gjennom tekstilkunst!
