Sy Spisebrikker i det Norske flagg

Kok deg ein kopp kaffi og leit opp stoff i raudt, kvitt og blått!
Eg har brukt bomull-stoff fra gamle skjørt, kjole, gardiner og «second hand» stoff.
Kos deg med syinga av spisebrikker 🙂
På bilde er måla for alle lappane som du må skjere ut. Måla er sånn ca. Reinskjer etter kvart.
Eg har brukt 1/4″ i sømmonn.

På blider, her under, viser eg framgangsmåten. Slik eg syr saman flagget, steg for steg.

«Quilta» Diagonalt . Starta med å teikna ein strek frå hjørne til hjørne. Nb! Bruk ein penn eller tusj som går vekk med vatn. Sy ein søm/ stikning på streka. Så brukte eg ein syfot der eg festa på ein linjal, så eg kunne måle kor eg skulle sy videre. Eg hadde ca 4 cm mellomrom mellom saumane/ «quiltinga». Men du kan streke opp rutenett på heile spisebrikka, der du skal sy. Quilta med lange symaskinsting. Minimum stinglengde 3.
Reinskjer kantane og sett på skråband eller kanteband.
Gratulerer med dagen!
Lykke til med 17.mai feiringa!

Eplesang, -bordbrikke og mugrugs

På butikken Primula Design, Nordfjordeid er der Eplefest! Der har vi leita fram mønsteret «Eplesang»  av AnnAKa og sydd  bordbrikker og  MugRugs (koppeunderlag, gryteklutar el.)Det vart både raude og grønne epler, og jammen det eit blomstra og!

Epla er sydd med vanlig saum på maskin, applikasjon, frihandsquilting med stoppefoten og litt handsøm.

På butikken  Primula Design i Eidsgata på Nordfjordeid kan du  kjøpe mønsteret «Eplesang» av AnnAKa og  stoffpakkar til epler og mug rugs.

Første gang publisert  SyOddny.blogspot.com 06. juli 2015.