Vinpose til ein God Venn. Sybeskrivelse/ Tutorial.

MATERIAL:

Restestoff, halvlin m.m tilsammen: 2 stk. 18 cm x 40 cm brei

Støttestoff:    2 stk. 18cm x 40 cm

Forstoff: 2 stk. 18 cm x 41 cm

Stempel og blekk

Tau, Blonder og band el.

1 cm sømrom.

STEMPEL:

 Trykk stempel på blekkputa

og  trykk  det så  med blekksida  ned på stoffet.

Bruk helst blekk som tåler vask.

Eg bruker å trykke på lyst stoff, gjerne bomull, lin el. halvlin.

Klipp/ skjer  rundt  stempeltrykket til ein høveleg lapp.

Her måtte lappen vere 18 cm brei.

SY VINPOSE

Prøver med stoff  og detajer  for  sjå korleis eg vil ha posen.

Legg lappen med stempeltrykk opp på eit stivt støttestoff .

Sy fast lappen på støttestoffet.

Sy på blonder og band.

Legg blonder  litt innpå, slik at dei ikkje  forsvinn inn i saumar seinare.

Legg på anna stoff  ( her stoff med mønster) opp på lappen , kant i kant, retta  mot retta

og sy saum.

Brett over, stryk  og sy ein pyntesaum/ stikning på rettsida.

Ein må ha tjukt støttestoff på  begge baksidene.

Pynt gjerene med blonder, band og knapp ol.

Reinskjer tilstørrelse 18 cm x 40 cm.

Nede i kvart hjørne skjer ein vekk ein firkant 3,5 cm x 3,5 cm

Sy ein hjelpe saum rundt sårkanten, -heilt ute ved kanten.

Då ligg  framsida stabilt og blir festa  til  støttestoffet.

Skjer to stykker med for,

 men dei skal vere 1 cm lenger enn utsida, 18 cm x 41 cm.

Klipp vekk firkanter nede ved hjørnet 3,5 cm x 3,5 cm

Legg   framstykka  opp på  fòret,  retta mot retta,

kant i kant heilt oppe.

Sy  søm oppe.

Brett ut så vi ser retta og stryk.

Gjer det samme med det andre framstykke og fòret.

Då har vi to lange stoff stykker slik som bildet under:

Legg stykka mot kvarnadre, retta mot retta .

Sy på alle sider, men ikkje sy  hjørna og eit lite stykke på eine sida ved fòret.

På den eine sida ved fòret;

 Sy 7-8 cm og stopp.  Hopp over  ca 4-5 cm og fortsett med å sy ned resten av sida.

Der ein ikkje har sydd, er det hol til vrenging av arbeidet seinare.

Ikkje sy hjørna no.

Først må ein brette   hjørna .

Legg om arbeidet, slik at sidesaum ligg rett opp på botnsaumen .

Sett i knappenåler, så  arbeidet held seg på plass.

Sy alle dei fire hjørna.

Sy langs klippekanten, 1 cm sømrom.

Vreng arbeidet ut gjennom åpninga.

Sy igjen  holet  .

Eg har her sydd med symaskin, men ein kan  sy igjen holet for hand.

Putt fòret ned i posen.

Foret vil gjerne legge seg rundt støttestoffet og lage ein fin kant. 

Det går heilt fint, når ein har klipt fòret 1 cm lenger enn ytterstoffet.

Då er posen ferdig og ein kan ha ei flaske med vin, saft eller noko anna godt opp i!

Knyt  tau eller band rundt flaskehalsen.

«Noen gjør verden

mer spesiell

og betre å leve i

bare ved å vere til

Takk for at du er den du er»

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 04.09.17.

Toalettveske i «Ole Brum» stoff

Ei Ole Brum toalettveske stod på ønskelista til ein godt voksen mann !

Stoffrester med motiv av Ole Brum og Nasse Nøff vart leita fram.

Eg har brukt litt andre mål men

Sy- beskrivelse,- Tutorial finn du ved å trykke  HER

«Her kommer Ole Brumm,

en liten bjørn i Skogen

tra-la-la la-la bom!

jeg heter Ole Brumm.

Dette er en liten bjørnevise,

og mon tro jeg snart får litt å spise?

Her kommer Ole Brumm,

en liten bjørn i Skogen

tra-la-la la-la bom!

jeg heter Ole Brumm.»

(Torbjørn Egner)

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.28.08.17.

Gul vår kjole

For nokre år sidan sydde eg  ein gul kjole.

I dag er det Påskeafta og det passa fint å leite fram kjolen.

Kjolen er mjuk og god, eit plagg for avslapping og kos i påska.

Den har ein herlig gul farge, som konkurerer med vår sola!

Mønster til kjolen:

Eg tok  utganspunkt i ei jakke . Armer og hette vart klipt av og brukt som mønster

til hette og armer på kjolen.  Resten av kjolen tilpassa eg sjølv.

Underdelen framme er rynka. Bakdelen er figursydd, med ein søm midt bak.

Over oppleggsaumen nede, sydde eg fast ei gul krokalisse i velour.

Kassa med gultstoff gav inspirasjon til å sy ein kjole. Eg brukte eit reste-stoff i strekk  chenille frå  Stoff&Stil og eit blomstra stoff frå 1960-70 tallet . Gidelåset er kjøpt på ein tur til Oslo,

i ein stoffbutikk på Grønnland.

Overdelen er fora og quilta.

 Det blomstra stoffet vart inspirasjon til quilte- mønsteret,

 frihandsquilta med symaskin.

 Langs kanten, oppe på underdelen, sydde eg med overlock ,

så  rynka eg og sydde den fast, ned på den quilta overdelen.

Hetta er fora med det blomstra stoffet.

Ein skikkeleg gla` kjole om våren!

Publisert første gang på SyOddny. Blogspot.com 17.04.2017

Duk og puter i enkel lappeteknikk med blonder og stempel

Byrja å sy puter i enkel lappeteknikk med blonder og stempel.

Og det enda opp med 7 puter og 3 løpara!

Nokre er selde, og resten gitt vekk 🙂

FRAMSIDE PUTE:


Ca. 40 cm x 40 cm.

Skar opp;

 9 kvadrat til ei pute; 4,1/2 » x  4, 1/2  (ca 11,5 cm x 11,5 cm).

  4 remser; 16 1/2″ x  2 1/2″ (ca. 42 x 6,5  cm) til ramme på puta.

Alt er inkl. 1/4″ sømrom (ca. 7 mm.)

Stempla «God Jul» på ein firkant av halvlin….

…og sydde på blonder.

Sydde ihop tre  firkanter til ei remse.

Til putene brukte eg tre remser.

På første remse strauk eg saumane ein veg t.d. høgre.

For andre remsa strauk eg saumane  motsett veg, t.d vestre.

Og på tredje remsa strauk eg saumane same veg som den første remsa.

Når ein gjer det slik  «låser» hjørnene seg fint og det blir ikkje klumper.

På denne måten er det då lettare å få  fine/eksakte hjørne-treff.

La remsene rette mot rette.

Pass på at saumane (mellom kvadrata)  ligg over for kvarandre,

hjørna blir då  mot kvarandre.

Sydde saum.

Sydde  på neste remse, slik at alle 9 firkantane vart sydd saman  til ein stor kvadrat.

Langs sidene sydde eg så på remsene som skulle ramme inn puta.

 Først  oppe og nede på puta.

Reinskar.

Så på remsene på dei to andre sidene.

( som starten på teknikken «Rådhustrapp»)

Reinskar.

Klipte bomullsvatt /babyvatt og fòr/ bommulstoff like stort som framstykket på puta.

La dei tre laga opp på kvarnadre, nåla og gjorde klar for quilting

– sydde i hop dei tre laga; framside, vatt og bakstykke.

Eg quilta, sydde   ned i saumane. «Stitch in the Ditch».

Det finst eigne syføtter  til «Stitch in the ditch».

Nål godt og bruk gjerne overtransportør.

 Eller først tråkle saman alle tre laga  godt for hand .

Det går då fint å sy med ein vanleg syfot og midtstilt nål.

BAKSIDE PUTE:

Bakstykke og støttestoff: 2 stk:  ca 11″  x 17 »  (ca. 30 cm x 42 cm).

Tilpass etter framstykket på puta.

Tok først eit  bakstykke og  eit støttestoff, la rette og rette og sydde ein saum langs eine langsida.

Bretta ut og strauk saumen.

La vrange mot vrange og  sydde ei pyntestikning langs kanten.

Gjorde det samme med det andre bakstykke og støttestoffet, slik at eg hadde to like stykker.

NB! pass på at mønstret på stoffet blir rette vegen -med bruk av mønstra stoff!

På det eine stoffet skal du sy på langside oppe.

Og på det andre stykke stoff, skal du sy på langside nede.

La dei to stykka med stoff,  slik at dei lappa over kvarandre.

Sida med søm og pyntestikkning mot kvarandre.

La  bakstykka mot framstykket, retta mot retta.

Sydde  først ein saum rundt alle dei fire sidene.

Klipte av hjørna utanfor saumen.

Sydde sikk-sakk-saum langs sårkanten slik at stoffet ikkje skal rakne.

Vrengde puta.

Og putta ei innerpute inn i åpning bak.

LØPAR :

Firkanter sydd saman på same måte som putene ovenfor.

18 kvadrat  4,5″ x 4,5″ ( ca. 11,5 cm x 11,5 cm).

Ramme rundt: 2 remser 16 3/4″ x  2  1/2″  (43cm x  6,5 cm)

2 remser  25″ x  2 1/2″  (64 cm x 6,5 cm )

Inkl 1/4″  saumrom (ca. 7 m.m)

Quilting: Merka opp på skrå begge veger og sydde gjennom framstykke, vatt og bakstykke langs oppmerkning.

Sydde fast blonder langs saum ved innramming av løparen og sette på lukkekant ved sårkanten, sidene.

Publisert første gang på Syoddny. blogspot.com 31.12.16.

Grå toalettveske

Toalettveske sydd av «hyllevarmere»- restestoff som låg i hylla mi.

Bomullsstoffet med trykk er kjøpt på butikken Primula Design, Nordfjordeid.

Toalettveska er 35 cm brei og 30 cm høg.

Ytterstoffet er eit tjukt møbelstoff,så då  let eg vere  å vattere ytterstoffet med bordvatt.

Bordvatt vart brukt istandenfor støttestoff under foret.

Elles så brukte eg denne mønstra:

https://www.syoddny.no/2019/06/monster-pa-klassisk-toalettveske/

Inside lomme med glidelås

Inside med fleire lommer.

Publisert førstegang på syoddny.blogspot.com 11. des. 2016

Juleteppe i Crazy quilt

Etter fleire år har det samla seg ei stor kasse med raude stoffrester.
Lenge har eg  hatt tanker om å sy eit  juleteppe med berre raude stoff.
Eg har òg samla på ein del kle som eg meinte eg kunne sjå meg nytte av.
Bla. ein morgon-kåpe som tanta til mamma, Liv Myren sydde til meg då eg var lita.
Kåpa var litt øydelagt i sømmane og ikkje i bruk,
Kåpa vart sydd om til ei toalettveske og restane fekk vere med i dette minne- teppet.
Eg byrja med å finne fram lerret og anna kvit stoff – til støttestoff .
Eg klipte 70 lapper   ca 23 x 23 cm.
Eg fann ein bit med raudt stoff og la det ca. på midten av ein kvit lapp.
Så fann eg ein anna raud lapp som eg la kant i kant med den første raude lappen, retta mot retta.
Sydde ein saum langs kanten og gjennom støttestoffet (det kvite).
Bretta den andre lappen tilbake over sømmen , så sømmen vart skjult.
Strauk sømmen med strykehjarnet slik at arbeidet la seg fint ned på støttestoffet.
Fann ein ny lapp og forsette vidare på samme måte.
Bekledningstoff som jersy og chenille kan vere utfordrandre å bruke i lappeteknikk.
Då må ein gjerne feste stoffet ned  i støttestoffet med nokre  knappenåler.
Bruk det ein har av bitar og remser. Klipp og tilpass gjerne med ei saks.
Viktig å stryke kvar søm før ein forsetter å sy vidare på lappen
Sy gjerne på trekanter
Bruk knappenåler til å feste stoff som vil «leve»
Fyll ut lappen, slik at ikkje det kvite støtestoffet viser.
 Det er best å bruke små smale biter på midten, store og  breide lapper ytterst.
 Lappane skal til slutt  reinskjerast og ein må ha sømrom når ein skal sy  lappane ihop.
Bruk trekanter i hjørne som ikkje har vorte sikkelig dekt.
Ein kan sy i hop to stykker til ei remse, før ein syr det fast til lappen.
Lapp klar til å bli klipt/ skjert til 22 x 22 cm
Eit tips som eg kom på då eg skulle skjere fleire kvadrat i samme mål.
Eg blir så forvirra av alle strekane på linjalen,
så eg festa markeringsteip ved den streken på linjalen eg skal legge kanten etter.
Arbeidet går fortare  og teipen er lett å ta av og på.
.
Eg sydde ihop lappane. Først sydde eg ihop 7 lapper til remser.
Så sydde eg ihop remsene til eit stort teppe
På baksida sydde eg fast falsk pels frå Panduro.
Til slutt sydde eg  lukkekant rundt teppet.
Til tross for ulike kvalitetar i stoffa, vart teppet  veldig lekkert og levande
 då stoffa var i samme farge skala.
Nusse pus likte teppet veldig godt  og stod frivillig modell.
Teppet har mange stoff med minner,så teppet er ikkje til sals.
Men fram til jul 2016 er teppet er utstilt på Siv og Synnøve Oddny sitt  Syatelier i Eidsgata 24. Nordfjordeid.
Besøk oss gjerne!
<3 Velkommen  <3
Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 11.Des. 2016

Mønster på klassisk toalettveske

No skal eg vise  steg for steg korleis eg  syr  enkel og klassisk toalettveske,
 der ein slepp å sy foret fast med  hand. Toalettveska har  lommer på innsida.
Mønster og syforklaring har eg laga sjølv.
Det er lov å dele mønstra med andre, til syinspirasjon!
Eg synest  det er godt å ha  innerlomme i toalettvesker og i vesker.
Om det tek ekstra tid å sy lommer på foret, synest eg det er verdt bryet.
Veska er  då meir anvendelig i bruk.
Veska  bør ha  ei lomme med gildelås,
 der ein kan gøyme små ting  som smykker og tabletter.
MATERIALLISTE:
Hovudstoff til utside:         1 stk. ca. 37 cm x 27 cm                                                                (reinskjerast til 35 cm x 25 cm).
                                         1 stk. 35 cm x 25 cm.
Bordvatt:                          1 stk. ca. 37 cm x 27cm (reinskjerast til 35 cm x 25cm).
                                        1 stk. 35 cm x 25 cm.
                                        1 stk . 35 cm x 11 cm.
For:                                 2 stk. . 35 cm x 25 cm .
Støttestoff til for:             2 stk. 35 cm x 25 cm.
Lommer:                         A: 2 stk.: 25 cm høg  x 10 cm brei
                                        ( Kan gjerne vere samme stoff som foret).
                                       B: 2 stk.: 22 cm brei  x 5 cm høg.                                                       C: 2stk.: 22 cm brei x 16 cm høg.
Glidelås:                         1 glidelås minst 22 cm langt D
og 1 glidelås  minst 33 cm langt.
Stoffremse til glidelås:    ca.  10 cm. x 5 cm.
Stoffrester:                     Til applikasjon
Flisofix:                          Til Applikasjon
Sytråd
1 cm sømrom om ikkje noko anna er nemt.
  Det er opp til kvar enkelt korleis toalettveska skal sjå ut.
 Her er det berre å bruke fantasien!
Eg viser to måter å lage yttersida på, der eg skil  mellom eit framstykke og eit  bakstykke.
Eit stykke med quilting og applikasjon og eit vanlig stykke uten dekor og søm.
Men begge sidene på toalettveska kan syast likt.
FRAMSTYKKE:
 Skjer eit stykke bordvatt og eit stykke stoff (framsida), begge  27 cm x 37 cm .
Framstykket skal quiltast og då er det lurt å  skjere/ klippe litt ekstra  mål
Stoffet og vatten vil krympe og dra seg litt ved vattering/ «quilting».
Legg bordvatten under stoffet.
Vater eller «quilt «med å sy gjennom stoffet og vatten.
Eg brukte  trippelsøm og dekorsøm som eg sydde på skrå av stoffet.
 Frihandsquilting med  Stich Regulator syfot ( Bernina) .
Ein kan også bruke  stoppefoten til frihandsquilting.
NB! Hugs å koble ifrå undertransportøren på symaskina når ein frihandsquilter!
Eit ferdig «quilta» eller vattert stoffstykke!
 Applikasjon av hjerte:
Teikn hjerter på flisofix.
Lim flisofix på stoffet.
Klipp ut hjerte.
Riv av støttepapiret på flisofixen
 og plasser hjerta på stoffstykket der du vil ha dei.
Stryk fast hjerta med strykejern.
Sy  fast hjerta med symaskin.

Eg har her brukt søm nr: 720 (Bernina symaskin 710).

Les meir om applikasjon av hjerte HER
Skjer/klipp det  ferdige vattert/ «quilta»,
  stoffstykket til  35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
BAKSTYKKE:
Klipp eller skjer bakstykke og eit stykke bordvatt med samme mål som framstykke (sjå bilde over).
35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg hovudstoffet opp på vatten, kant i kant.
Sy ein søm,  heilt ut i kanten  rundt sidene så stoffa heng fast i kvarandre.
Stoffa glir då ikkje  ifrå kvarandre og frynser og rakner.
No har du eit bakstykke og eit framstykke som er like store.
FOR / INNSIDE:
Klipp / skjer fòr (blå) og støttestoff (kvit):
2 stk.: 35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg foret  opp på støttestoffet, kant i kant.
Vranga på foret mot støttestoffet.
Sy ein søm rundt sidene, heilt ut i kanten,
slik at stoffa heng fast i kvarandre og ikkje glir.
Støttestoff  er for å gjere foret sterkare.
Viss ein ikkje skal ha lommer i veska  treng ein ikkje støttestoff.
Hoppe då  over avsnittet om korleis ein syr lommene
 og fram til korleis ein syr glidelås og syr samman toalettveska.
Lomme:

Klipp eller skjer stoff 35 cm x 24 cm og bordvatt 35 cm x 11 cm.
Brett stoffet i to. Stryk så det blir ei linje midt på stoffet.
Legg vatten inn til midden og brett stoffet rundt vatten.
Sy ein stikkning ved bretten slik at vatten blir festa i stoffet.
På den andre sida, ved sårkanten (klippekanten) er  stoffet  ca. 1 cm større enn vatten, dette for sømrom.
Legg lommedelen  på  eine fòrstykke,
retta mot retta.
Sårkanten skal ligge oppover ca. 8 cm parallelt frå nedre kant av foret.
Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.
Brett lomma oppover og styrk.
Sy ein stikkning  (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Del inn lomma til midre lommer,alt etter smak og behag.
Tenk litt på kva du vil ha i lommene; mobil, maskara, penner ol.
Bruk ein linjal og ein tusj (som kan strykast vekk) eller kritt
 til å merke  der ein  skal  sy.
Sy stikninger over merkelinjene.
 Fest sidene av lomma til foret med ein hjelpesøm.
Slik ser lomma ut i ferdig veske:
Lomme med glidelås:
A: 2  stk.: 25 cm høg  x 10 cm brei ( Kan gjerne vere samme stoff  som foret).                                   B: 2 stk.: 22 cm brei  x 5 cm høg.
C: 2 stk.: 22 cm brei x 16 cm høg.
D: Glidelås minst 22 cm ( helst litt lenger).
Legg eit stoffstykke B langs glidelåset D, retta mot retta .
Sy ein smal søm  (lite sømrom)
Eg bruker  glidelåsfot når eg syr fast glidelås.
Det er ein fordel at glidelåset er lenger enn 22 cm,
 då er det lenger enn arbeidet og glidaren kjem ikkje i vegen når ein skal sy.
Ta 2. stoffstykke B og legg retta mot vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med 1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm.  Somrøm  tilpassa etter glidelåset.
Når du snur arbeidet, er der to sømmer.
Brett stoffstykka mot kvarandre, vranga mot vranga.
Stryk stoffstykka godt oppover slik at glidelåsen viser.
Ta eit stoffstykke C og gjer det samme som ovanfor, men på den andre sida av glidelåset:
Legg stoffstykke retta mot retta på glidelåset.
Pass på at stoffstykke B og C er kant i kant.
Sy ein smal søm.
Ta  det 2. stoffstykke C og legg med retta på vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med  1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm , Sømrom  tilpassa etter glidelåset.
Brett stoffstykka mot kvarandre vranga mot vranga
Stryk stoffstykka godt nedover slik at glidelåset vise.
Sy stinkninger og gjerne pynte-søm langs glidelåset.
Dra glidelåsglidaren  innom sidene på stoffet
 og klipp av   glidelåset på begge sider viss det er for langt.
Reinskjer lomma 22 cm brei x 20 cm høg.
Legg lomma opp ned på  ned på det andre stykke med for.
Retta mot retta.
Sårkanten nede på lomma  skal vere ca. 7 cm parallelt frå nedre kant av foret.

Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.

Brett lomma oppover og stryk sømmen.
Sy ein stikkning  (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Fest lomma oppe ved ein søm ved kanten.
Ta  dei to stoffstykka A og  legg dei på kvar si  side av lomma,
retta mot retta.
Sy ein søm.
Brett stoffstykka over til sida og stryk.
Sy ein stikkning.
Snu arbeidet over på baksida og reinskjer eller klipp rundt støttestoffet med for.
Sy ein søm heilt ut ved kanten.
Då er den andre sida med fòr ferdig!
Slik ser lomma med glidelås ut i ferdig toalettveske .
Då er begge stykka på innsida /foret klar til å sy i hop.
GLIDELÅS:
Skjer/ Klipp ei 5 cm brei  remse, ca 10 cm lang.
Brett den dobbelt og stryk slik at det blir ein strek på midten.
Brett sårkantane inn mot midten, stryk.
Brett så igjen og stryk slik at stoffet er bretta som eit skråband.
Klipp glidelåset 33 cm langt.
Nb! Pass på at glidaren på glidelåset er innanfor der ein klipper.
Legg eine enden av glidelåset inn i det bretta bandet.
Sy fast bandet  på glidelåset, som ein firkant .
Sjå bilde ovenfor.
Klipp av bandet på sida av glidelåset.
Gjer det samme på den andre sida av glidelåset.
Då er glidelåset klar for bruk!
SY SAMMAN TOALETTVESKA:
 
Legg glidelåset retta mot retta på framstykket.
Midt på glidelåset skal vere midt på framstykket.
Sy ein smal søm.
Gjer det samme med bakstykket.
Dra sidene ifrå kvarandre og stryk ved søm ved glidelås.
Snu arbeidet.
Legg  det eine stykket med fòr, retta mot vranga av glidelåset.
Sy ein søm .
Sømrom tilpassa glidelåset.
Sy så det andre stykke med for fast i glidelåset på samme måte.
Dra stykka med for ifrå kvarndre så baksida av glidelåset vise .
Legg framstykke og bakstykke mot kvarandre, retta mot rette.
Legg begge stykka med for mot kvarandre, retta mot retta.
Dersom ein ønskjer merkelapp i sida på toalettveska,
legg ein den no inn i sømmen.
Putt merkelappen inn i sida mellom framtstykke og bakstykke, ca .4 cm nedan ifrå.
Sy søm rundt alle dei fire sidene.
NB! Hugs å ha åpning på eine sida av foret for  seinare vrening av veska.
NB!  Ved hjørna, der  firkantane  er klipt vekk,  skal det ikkje syast no!
Hjørna skal  først brettast flate.
Sidesøm  og søm i bunnen skal  vere rett mot kvarandre.
Sjå bilde ovenfor og under.
Sy  ein søm ved sårkant,  ved alle fire hjørner.
Når alle hjørnene er sydd, ser arbeidet slik ut på vranga.
Vreng veska  gjennom holet i foret.
Brett til vrengeholet og sy igjen med ein fin stikning med symaskin
 (eller sy i hop for hand).
Brett foret ned i veska og
SIMSALABIM!
Toalettveska er ferdig!!
Publisert første gang på  SyOddny.Blogspot.com 22.sep.2016