Tutorial: Sybeskrivelse på korelis ein syr remser til kvadrat, Lappeteppe Merete.

Lappeteppe av firkanter 2,5″ x 2.5″.

Rosa, blomstra og pastell – stoff var samla i ei kasse.

Her var nokre av mine første lappestoff frå slutten av 90-talet!!

No er det «inn» igjen med blomstra stoff og då på tide å bruke opp stoffa!

Kutta striper  på 2,5 » ( 2.5 inches).

Sydde i hop fire striper.

Rette mot rette.

1/4 inch saumrom.

Saumane sydde eg kvar sin veg.

Dvs:

Første saum sydde eg frå venstre side.

Andre saum  frå frå høgre side.

 Tredje saum igjen frå venstre side osv.

Dette fordi arbeidet ikkje skal dra  og bue seg.

Så skar eg på tvers av stripene, 90 grader .

Til nye remeser 2,5 » breie.

Remser med 4 kvadrat.

La like remser i lag.

4 remser vart sydd i hop.

Rette mot rette.

Stryk saumroma kvar sin veg!

På første remse strauk eg saumane ein veg t.d. høgre.

For andre remsa strauk eg saumane  motsett veg, t.d vestre.

Og på tredje remsa strauk eg saumane same veg som den første remsa.

osv…

Når ein gjer det slik  «låser» hjørnene seg fint og det blir ikkje klumper.

På denne måten er det då lettare å få  fine/eksakte hjørne-treff.

Bunke med lapper;

60 stk, kvadrat av 16 firkanter.

Sy ihop to lapper.

Retta mot retta.

Sy i hop fleire lapper til ei remse,

så breitt teppet skal vere.

Eg hadde 6 lapper i breidda.

Sy så ihop to og to remser.

Retta mot retta.

Sy så ihop alle remser til eit  stort lappeteppe.

Eg brukte 10 lapper i lengda.

Sy så på ramme og  sett på bakstykke.

Her har eg brukt flecee stoff til bakstykke.

Bruker ein flecee, treng ein ikkje vatt mellom topp/ framside og bakstykke.

Quilt og sett på lukkekant.

Les meir om montering av lappeteppe her og sying av lukkekant her

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 24.02.18

Toalettveske i «Ole Brum» stoff

Ei Ole Brum toalettveske stod på ønskelista til ein godt voksen mann !

Stoffrester med motiv av Ole Brum og Nasse Nøff vart leita fram.

Eg har brukt litt andre mål men

Sy- beskrivelse,- Tutorial finn du ved å trykke  HER

«Her kommer Ole Brumm,

en liten bjørn i Skogen

tra-la-la la-la bom!

jeg heter Ole Brumm.

Dette er en liten bjørnevise,

og mon tro jeg snart får litt å spise?

Her kommer Ole Brumm,

en liten bjørn i Skogen

tra-la-la la-la bom!

jeg heter Ole Brumm.»

(Torbjørn Egner)

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.28.08.17.

Gul vår kjole

For nokre år sidan sydde eg  ein gul kjole.

I dag er det Påskeafta og det passa fint å leite fram kjolen.

Kjolen er mjuk og god, eit plagg for avslapping og kos i påska.

Den har ein herlig gul farge, som konkurerer med vår sola!

Mønster til kjolen:

Eg tok  utganspunkt i ei jakke . Armer og hette vart klipt av og brukt som mønster

til hette og armer på kjolen.  Resten av kjolen tilpassa eg sjølv.

Underdelen framme er rynka. Bakdelen er figursydd, med ein søm midt bak.

Over oppleggsaumen nede, sydde eg fast ei gul krokalisse i velour.

Kassa med gultstoff gav inspirasjon til å sy ein kjole. Eg brukte eit reste-stoff i strekk  chenille frå  Stoff&Stil og eit blomstra stoff frå 1960-70 tallet . Gidelåset er kjøpt på ein tur til Oslo,

i ein stoffbutikk på Grønnland.

Overdelen er fora og quilta.

 Det blomstra stoffet vart inspirasjon til quilte- mønsteret,

 frihandsquilta med symaskin.

 Langs kanten, oppe på underdelen, sydde eg med overlock ,

så  rynka eg og sydde den fast, ned på den quilta overdelen.

Hetta er fora med det blomstra stoffet.

Ein skikkeleg gla` kjole om våren!

Publisert første gang på SyOddny. Blogspot.com 17.04.2017

Mønster på klassisk toalettveske

No skal eg vise  steg for steg korleis eg  syr  enkel og klassisk toalettveske,
 der ein slepp å sy foret fast med  hand. Toalettveska har  lommer på innsida.
Mønster og syforklaring har eg laga sjølv.
Det er lov å dele mønstra med andre, til syinspirasjon!
Eg synest  det er godt å ha  innerlomme i toalettvesker og i vesker.
Om det tek ekstra tid å sy lommer på foret, synest eg det er verdt bryet.
Veska er  då meir anvendelig i bruk.
Veska  bør ha  ei lomme med gildelås,
 der ein kan gøyme små ting  som smykker og tabletter.
MATERIALLISTE:
Hovudstoff:
til utside:
1 stk. ca. 37 cm x 27 cm (reinskjerast til 35 cm x 25 cm).
1 stk. 35 cm x 25 cm.
Bordvatt:
1 stk. ca. 37 cm x 27cm (reinskjerast til 35 cm x 25cm).
1 stk. 35 cm x 25 cm.
1 stk . 35 cm x 11 cm.
For:
2 stk. . 35 cm x 25 cm .
Støttestoff til for:
2 stk. 35 cm x 25 cm.
Lommer: 
A: 2 stk.: 25 cm høg  x 10 cm brei (Kan gjerne vere samme stoff som foret).
B: 2 stk.: 22 cm brei  x 5 cm høg.
C: 2stk.:22 cm brei x 16 cm høg.
Glidelås:
1 glidelås minst 22 cm langt D
og 1 glidelås  minst 33 cm langt.
Stoffremse til glidelås:    
ca.  10 cm. x 5 cm.
Stoffrester:                     
Til applikasjon
Flisofix:                          
Til Applikasjon
Symaskin med sytilbehør
1 cm sømrom om ikkje noko anna er nemt.
  Det er opp til kvar enkelt korleis toalettveska skal sjå ut.
 Her er det berre å bruke fantasien!
Eg viser to måter å lage yttersida på, der eg skil  mellom eit framstykke og eit  bakstykke.
Eit stykke med quilting og applikasjon og eit vanlig stykke uten dekor og søm.
Men begge sidene på toalettveska kan syast likt.
FRAMSTYKKE:
 Skjer eit stykke bordvatt og eit stykke stoff (framsida), begge  27 cm x 37 cm .
Framstykket skal quiltast og då er det lurt å  skjere/ klippe litt ekstra  mål
Stoffet og vatten vil krympe og dra seg litt ved vattering/ «quilting».
Legg bordvatten under stoffet.
Vater eller «quilt «med å sy gjennom stoffet og vatten.
Eg brukte  trippelsøm og dekorsøm som eg sydde på skrå av stoffet.
 Frihandsquilting med  Stich Regulator syfot ( Bernina) .
Ein kan også bruke  stoppefoten til frihandsquilting.
NB! Hugs å koble ifrå undertransportøren på symaskina når ein frihandsquilter!
Eit ferdig «quilta» eller vattert stoffstykke!
 Applikasjon av hjerte:
Teikn hjerter på flisofix.
Lim flisofix på stoffet.
Klipp ut hjerte.
Riv av støttepapiret på flisofixen
 og plasser hjerta på stoffstykket der du vil ha dei.
Stryk fast hjerta med strykejern.
Sy  fast hjerta med symaskin.

Eg har her brukt søm nr: 720 (Bernina symaskin 710).

Les meir om applikasjon av hjerte HER
Skjer/klipp det  ferdige vattert/ «quilta»,
  stoffstykket til  35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
BAKSTYKKE:
Klipp eller skjer bakstykke og eit stykke bordvatt med samme mål som framstykke (sjå bilde over).
35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg hovudstoffet opp på vatten, kant i kant.
Sy ein søm,  heilt ut i kanten  rundt sidene så stoffa heng fast i kvarandre.
Stoffa glir då ikkje  ifrå kvarandre og frynser og rakner.
No har du eit bakstykke og eit framstykke som er like store.
FOR / INNSIDE:
Klipp / skjer fòr (blå) og støttestoff (kvit):
2 stk.: 35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg foret  opp på støttestoffet, kant i kant.
Vranga på foret mot støttestoffet.
Sy ein søm rundt sidene, heilt ut i kanten,
slik at stoffa heng fast i kvarandre og ikkje glir.
Støttestoff  er for å gjere foret sterkare.
Viss ein ikkje skal ha lommer i veska  treng ein ikkje støttestoff.
Hoppe då  over avsnittet om korleis ein syr lommene
 og fram til korleis ein syr glidelås og syr samman toalettveska.
Lomme:

Klipp eller skjer stoff 35 cm x 24 cm og bordvatt 35 cm x 11 cm.
Brett stoffet i to. Stryk så det blir ei linje midt på stoffet.
Legg vatten inn til midden og brett stoffet rundt vatten.
Sy ein stikkning ved bretten slik at vatten blir festa i stoffet.
På den andre sida, ved sårkanten (klippekanten) er  stoffet  ca. 1 cm større enn vatten, dette for sømrom.
Legg lommedelen  på  eine fòrstykke,
retta mot retta.
Sårkanten skal ligge oppover ca. 8 cm parallelt frå nedre kant av foret.
Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.
Brett lomma oppover og styrk.
Sy ein stikkning  (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Del inn lomma til midre lommer,alt etter smak og behag.
Tenk litt på kva du vil ha i lommene; mobil, maskara, penner ol.
Bruk ein linjal og ein tusj (som kan strykast vekk) eller kritt
 til å merke  der ein  skal  sy.
Sy stikninger over merkelinjene.
 Fest sidene av lomma til foret med ein hjelpesøm.
Slik ser lomma ut i ferdig veske:
Lomme med glidelås:
A: 2  stk.: 25 cm høg  x 10 cm brei ( Kan gjerne vere samme stoff  som foret). B: 2 stk.:22 cm brei  x 5 cm høg.
C: 2 stk.: 22 cm brei x 16 cm høg.
D: Glidelås minst 22 cm ( helst litt lenger).
Legg eit stoffstykke B langs glidelåset D, retta mot retta .
Sy ein smal søm  (lite sømrom)
Eg bruker  glidelåsfot når eg syr fast glidelås.
Det er ein fordel at glidelåset er lenger enn 22 cm,
 då er det lenger enn arbeidet og glidaren kjem ikkje i vegen når ein skal sy.
Ta 2. stoffstykke B og legg retta mot vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med 1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm.  Somrøm  tilpassa etter glidelåset.
Når du snur arbeidet, er der to sømmer.
Brett stoffstykka mot kvarandre, vranga mot vranga.
Stryk stoffstykka godt oppover slik at glidelåsen viser.
Ta eit stoffstykke C og gjer det samme som ovanfor, men på den andre sida av glidelåset:
Legg stoffstykke retta mot retta på glidelåset.
Pass på at stoffstykke B og C er kant i kant.
Sy ein smal søm.
Ta  det 2. stoffstykke C og legg med retta på vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med  1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm , Sømrom  tilpassa etter glidelåset.
Brett stoffstykka mot kvarandre vranga mot vranga
Stryk stoffstykka godt nedover slik at glidelåset vise.
Sy stinkninger og gjerne pynte-søm langs glidelåset.
Dra glidelåsglidaren  innom sidene på stoffet
 og klipp av   glidelåset på begge sider viss det er for langt.
Reinskjer lomma 22 cm brei x 20 cm høg.
Legg lomma opp ned på  ned på det andre stykke med for.
Retta mot retta.
Sårkanten nede på lomma  skal vere ca. 7 cm parallelt frå nedre kant av foret.

Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.

Brett lomma oppover og stryk sømmen.
Sy ein stikkning  (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Fest lomma oppe ved ein søm ved kanten.
Ta  dei to stoffstykka A og  legg dei på kvar si  side av lomma,
retta mot retta.
Sy ein søm.
Brett stoffstykka over til sida og stryk.
Sy ein stikkning.
Snu arbeidet over på baksida og reinskjer eller klipp rundt støttestoffet med for.
Sy ein søm heilt ut ved kanten.
Då er den andre sida med fòr ferdig!
Slik ser lomma med glidelås ut i ferdig toalettveske .
Då er begge stykka på innsida /foret klar til å sy i hop.
GLIDELÅS:
Skjer/ Klipp ei 5 cm brei  remse, ca 10 cm lang.
Brett den dobbelt og stryk slik at det blir ein strek på midten.
Brett sårkantane inn mot midten, stryk.
Brett så igjen og stryk slik at stoffet er bretta som eit skråband.
Klipp glidelåset 33 cm langt.
Nb! Pass på at glidaren på glidelåset er innanfor der ein klipper.
Legg eine enden av glidelåset inn i det bretta bandet.
Sy fast bandet  på glidelåset, som ein firkant .
Sjå bilde ovenfor.
Klipp av bandet på sida av glidelåset.
Gjer det samme på den andre sida av glidelåset.
Då er glidelåset klar for bruk!
SY SAMMAN TOALETTVESKA:
Legg glidelåset retta mot retta på framstykket.
Midt på glidelåset skal vere midt på framstykket.
Sy ein smal søm.
Gjer det samme med bakstykket.
Dra sidene ifrå kvarandre og stryk ved søm ved glidelås.
Snu arbeidet.
Legg  det eine stykket med fòr, retta mot vranga av glidelåset.
Sy ein søm .
Sømrom tilpassa glidelåset.
Sy så det andre stykke med for fast i glidelåset på samme måte.
Dra stykka med for ifrå kvarndre så baksida av glidelåset vise .
Legg framstykke og bakstykke mot kvarandre, retta mot rette.
Legg begge stykka med for mot kvarandre, retta mot retta.
Dersom ein ønskjer merkelapp i sida på toalettveska,
legg ein den no inn i sømmen.
Putt merkelappen inn i sida mellom framtstykke og bakstykke, ca .4 cm nedan ifrå.
Sy søm rundt alle dei fire sidene.
NB! Hugs å ha åpning på eine sida av foret for  seinare vrening av veska.
NB!  Ved hjørna, der  firkantane  er klipt vekk,  skal det ikkje syast no!
Hjørna skal  først brettast flate.
Sidesøm  og søm i bunnen skal  vere rett mot kvarandre.
Sjå bilde ovenfor og under.
Sy  ein søm ved sårkant,  ved alle fire hjørner.
Når alle hjørnene er sydd, ser arbeidet slik ut på vranga.
Vreng veska  gjennom holet i foret.
Brett til vrengeholet og sy igjen med ein fin stikning med symaskin
 (eller sy i hop for hand).
Brett foret ned i veska og
SIMSALABIM!
Toalettveska er ferdig!!
Publisert første gang på  SyOddny.Blogspot.com 22.sep.2016