Sy Spisebrikker i det Norske flagg

Kok deg ein kopp kaffi og leit opp stoff i raudt, kvitt og blått!
Eg har brukt bomull-stoff fra gamle skjørt, kjole, gardiner og «second hand» stoff.
Kos deg med syinga av spisebrikker 🙂
På bilde er måla for alle lappane som du må skjere ut. Måla er sånn ca. Reinskjer etter kvart.
Eg har brukt 1/4″ i sømmonn.

På blider, her under, viser eg framgangsmåten. Slik eg syr saman flagget, steg for steg.

«Quilta» Diagonalt . Starta med å teikna ein strek frå hjørne til hjørne. Nb! Bruk ein penn eller tusj som går vekk med vatn. Sy ein søm/ stikning på streka. Så brukte eg ein syfot der eg festa på ein linjal, så eg kunne måle kor eg skulle sy videre. Eg hadde ca 4 cm mellomrom mellom saumane/ «quiltinga». Men du kan streke opp rutenett på heile spisebrikka, der du skal sy. Quilta med lange symaskinsting. Minimum stinglengde 3.
Reinskjer kantane og sett på skråband eller kanteband.
Gratulerer med dagen!
Lykke til med 17.mai feiringa!

17.mai løper. Snurrande vindmølle.

Whirligig Wildflower Pachwork

Denne lappeteknikk er mest kjendt som «Virvlande Villblomster » på norsk.

«Villblomst», var faktisk eit av temaet for mitt aller første kurs i Nordfjord Lappe og Quilte klubb. Eg trur det var ei som heite Kari Anne som holdt kurset, som var på Selje hotell, ca. 1997.

Min aller første løper sydd på kurs i regi av Nordfjord Lappe og Quilte klubb.
«Villblomst»

Virvlande villblomster er eit tradisjonelt lappeteknikk mønster som ein finn mange plassser på internett. Ved å søke på «whirligig wildflower quilts» på internett, finn ein mange fine mønster og bilder til inspirasjon!

Eit av mine aller første 17.mai minner, var at eg fekk ein vindmølle. I Vinden snurra den rundt med dei norske farger, raudt, kvitt og blått. Det var kjekk å leike med vindmølla. Om det ikkje var vind var det berre å blåse på propellen!

Det er dette som har inspirert meg til å sy årets 17. mai løper. Eg deler herunder min sy- bekrivelse.

Sy-bekrivelse «Virvlande villblomst»

Start med å velge stoff i farger raudt kvitt og blått. Det enklaste er å velge berre 3 ulike stoff, i kvar sin farge.

Det skaper meir kontrast, til meir ulike stoff ein bruker. Kvar enkelt blomst vill då komme fram. Blomane vill forsvinne meir om stoffa er like.

På bilde ovenfor, har eg sydd løparen i 6 forskjellige stoff. Då krev det meir å holde orden på stoffa, enn når ein bruker berre 3 forskjellege stoff.

Eg har brukt stoff ifrå gamle skjørt, gardiner og «second hand» tekstiler.

Ein juleduk som eg har sydd for mange år sidan.
Her har eg berre brukt 3 ulike stoff .
Dei gule blomane stikker seg fram ,
sidan dei to andre stoffa er er meir like i mønster og valør.

Skjer kvadrat på 5 x 5 cm og 7,5 x 7,5 cm . Du treng 4 stk av dei store og 4 stk av dei små til ein blomst.

I min 17.mai løper har eg brukt:

Mørke blå: 12 store og 12 små kvadrat.

Blå ruta: 12 store og 12 små kvadrat.

Blå og kvit: 8 store og 6 små kvadrat.

Kvit med raude små hjerter: 16 store og 16 små kvadrat.

Raud og kvit: 16 store og 16 små kvadrat.

Raud: 44 store og 20 små kvadrat.

Ønskjer du større blomster, lager du kvadrata større.

Brett alle dei små firkantane, vranga mot vranga, diagonalt, slik at dei blir til ein trekant. Press med eit strykejarn.

Legg utover dei store firkantane, slik at du ser korleis dei ulike blomstrane skal ligge. Plaser så dei små trekantane der dei skal vere, opp på dei store firkantane. Slik at du ser at det er ei mølle.

Greit å ha ein anna duk å sjå etter, når du skal plasere alle lappane. Lett for at lappane med små trekanter, blir snudd feil vei! Teikn gjerne eit mønster på pair og fargelegg ! Så ser du korleis det blir.

Brett ut trekanten igjen og legg den lille firkanten , retta mot retta, hjørne mot hjørne mot den store firkanten. Sy ein søm i bretten. Brett over igjen og press med strykehjarnet. Prøv å ver nøyaktig som mogleg. Blir firkantane skeive, kan du reinskjere alle firkanter ned til samme mål, feks. 7 x 7 cm.

Ei blokk.
4 store kvadrat med 4 små kvadrat- trekanter i eit anna stoff.

Når alle små trekanter er sydd fast, legg eg alle bitar utover der dei høyre heime. Nb! Pass på at alle trekanter ligg rett veg!

Eg syr ihop ein og ein lapp, retta mot retta, 1/4 » i sømmonn. Du kan gjerne bruke anna sømmonn, men du må da passe på at du har likt sømmonn på heile duken. Så syr eg saman fire lapper, så seks lapper, til ei heil remse. Syr anna kvar rettning for kvar omgang, slik at den lange løparen ikkje vil bue seg i sida, svinge.

Press sømmane med strykehjarn. Stryk med trekantane. Då vil kvar omgang med søm stemme overens med dei andre sømmonna.

Sømmonn går kvar sin veg ved sammensying av remser. Når ein gjer det slik,  «låser» hjørnene seg fint og det blir ikkje klumper. På denne måten er det då lettare å få  fine/eksakte hjørne-treff.

Legg bordvatt på baksida, så fòr på baksida. Stryk ut aller rynker, nål godt med tynne lange knappenåler for pachwork eller tråkle. «Quilt», det vil seie sy gjennom alle dei tre laga; Topp, vatt og bakside. Velg sjølv kva quiltemønster du vil bruke. Eg quilta eit rutenett .

Eg merka duken med ein strek , diagonalt frå hjørne til hjørne. Slik eg såg kor eg skulle sy. Nb! bruk ein tusj eller pen som går vekk med vatn! Er du stødig, kan du sy direket frå hjørne til hjørne. Bruk lange sting. Minimum sting lengde 3. Reinskjer duken i sidene.

Quilting på baksida av duken.

Sy på lukkekant.

Eg brukte kantebandsapparat når eg sydde på lukkekant.

Søk på » BERNINA Webinar: Kantbåndsapparat på Quilt » på YouTube korleis du syr på kanteband med kantebandsapparat. https://www.youtube.com/watch?v=EyymnKYT1II

Skål for ein fin 17.mai feiring!

Nostalgisk hjerte, redesign av kjole

Denne kjolen må ha vore nydelig som ny. Brokadestoff, blonder, strass og paljetter. Overdelen var korsett med spiler.

Klipte opp kjolen og sprette av blonder og pynt , før eg tok i bruk stoffet.

Når eg spretta opp kjolen, sat eg og tenkte på kor mykje arbeid det har vore å sydd denne kjolen. Skal tru kor gamal den er ? Var det ein brudekjole eller ballkjole? Tenk på kor mykje den har dansa…. eg satt å mimra og fantaserte , levde meg tilbake til ei anna tid …

Eg teikna eit hjerte som eg brukte som mønster.

Klipte ut to hjerte i stoffet. La dei rette mot rette. Sydde ein søm rundt, men let stå igjen eit lita åpning for vrening av hjertet.

Reparerte og forsterka blondene med sikk – sakksøm over sølvbanda på blondene. Brukte sølvtråd i undertråden. Pynta hjerta med bloder og strass, brukte nål , tråd og lim. Ein sterk tråd til oppheng.

Raud velour kjole

I kassa for raude stoff, hadde eg fleire stykker med velour stoff.

 Både store og mindre stykkjer stoff som var quilta.

Tidleg på 1980, talet sydde mamma seg kjole og vest i dette stoffet!

Resten av stoffet var nok til ein kjole til meg.

Mamma hadde sjølv quilta stoffet med ruter .

Ruta vatt med nylonfor  på eine sida, la ho opp på baksida av velour stoffet.

 Tråkkla  godt fast med store sting og sydde/quilta med raud tråd etter dei merka rutene på vatten

Det quilta stoffet brukte eg til berstykke, framme på kjolen.

Stoffet er fast, med lite strekk.

Brukte då mønster til ein college gensar,  som eg forlenga til kjole.

Då det er eit fast stoff, er halskanten og brota på armane er klipt på tvers av tråd retninga.

Når ein klipper/skjer på skrått, vert det litt strekk i stoffet og ein får betre hold bl.a. i halskanten.

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 17.04.17.

Gul vår kjole

For nokre år sidan sydde eg  ein gul kjole.

I dag er det Påskeafta og det passa fint å leite fram kjolen.

Kjolen er mjuk og god, eit plagg for avslapping og kos i påska.

Den har ein herlig gul farge, som konkurerer med vår sola!

Mønster til kjolen:

Eg tok  utganspunkt i ei jakke . Armer og hette vart klipt av og brukt som mønster

til hette og armer på kjolen.  Resten av kjolen tilpassa eg sjølv.

Underdelen framme er rynka. Bakdelen er figursydd, med ein søm midt bak.

Over oppleggsaumen nede, sydde eg fast ei gul krokalisse i velour.

Kassa med gultstoff gav inspirasjon til å sy ein kjole. Eg brukte eit reste-stoff i strekk  chenille frå  Stoff&Stil og eit blomstra stoff frå 1960-70 tallet . Gidelåset er kjøpt på ein tur til Oslo,

i ein stoffbutikk på Grønnland.

Overdelen er fora og quilta.

 Det blomstra stoffet vart inspirasjon til quilte- mønsteret,

 frihandsquilta med symaskin.

 Langs kanten, oppe på underdelen, sydde eg med overlock ,

så  rynka eg og sydde den fast, ned på den quilta overdelen.

Hetta er fora med det blomstra stoffet.

Ein skikkeleg gla` kjole om våren!

Publisert første gang på SyOddny. Blogspot.com 17.04.2017