To gensara med ekstra hals.

To nye gensara! Denne modellen har vorte mamma sin favoritt!

Gensar sydd av stoff frå http://www.stoffbutikken.no

Som utganspunkt har eg brukt eit grunnmønster til gensar.

Eg har tilpassa mønsteret til modellen sine mål og ønskjer.

Gensaren er skråa ut nede og der er sett på ein brei ribb  for å få ein fin hold på gensaren .

Då mamma liker å ha sjal rundt halsen , fann eg ut at eg kunne sy ein laus hals av reststoffet .

Halsen er klipt 60 cm x 60 cm . 

Eg kjem tilbake til korleis ein syr denne halsen. 

Laus hals passa fint til gensaren.

Publisert første gang på syoddny. blogspot.com19.feb. 2017.

Maritime kle- til siste del av båtsessongen

Foto: Sol Ulve
Så fekk eg tid til å sy  ein «Båt kjole»   av  dette fine stoffet med kvitte anker på blå botn.
 Mjukt, behageleg strech jersey   frå Stoffbutikken.no.
Foto: Sol Ulve.
Eg kanta halsen og armane med  kantebandsapparatet.
Eg har ikkje kanta kle med kantebandsapparatet før, men dette var gøy!.
  Eg vart så fornøgd!
 Så morgonen etterpå sydde eg  meg ein shorts.
SHORTS
Mønster frå boka  «Heilt Spesiell: Sy til liten og stor» av Kristin Thorsnes.
Shortsen passa perfekt og er veldig behaglig å ha på.
Dette blir absolutt ein favoritt!
Men eg forstod  ikkje korleis  eg skulle sy linningen, så linningensydde eg på min eigen måte.
KANTEBANDSAPPARAT
Eg har kun brukt Bernina Kantebandsapparat #88  til kanting av lappetepper og duker.
Men det gjekk veldig fint å kante kle på denne måten, som June Enerstad viste meg på Vestlandstreffet (quiltefestival på Vestlandet) i Florø 2014 .
Ein kan  sjå korleis June kanter med kantebandsapparatet  på BERNINA Webinar HER
KJOLE TIL JENTE:
Mjuk og fin kvardagskjole  str. 98.
HERREGENSAR
Så klart må skipperen må  ha maritim gensar!!
No håper vi på masse fint ver, så  båtsessongen held seg langt utover hausten!
Foto: Sol Ulve.
Velkommen til å like meg på Facebook sida mi «SyOddny»
Publisert første gang på  Syoddny.blogspot.com  12.aug.2016

To gensere med katter og eit par hunder

Ei jente og mormora som begge er veldig glad i katter, forelska seg i dette stilige stoffet med katter og nokre få hunder.
 Før SyOddny  hadde sagt seg villig til å sy , så var stoffet kjøpt inn og det var klar beskjed om at eg skulle sy gensar! Kva kan du seie når både mamma  og datter hadde bestemt seg?!
Stoffet med print er kjøpt hos Bademiljø Sandane , Avdeling  Fantasi .
Hos Primula Design, Nordfjordeid fann eg eit svart ribb/ jersy stretch stoff som passa veldig fint i kombinasjon med stoffet med print.
Det kjennes ut som begge stoffa har  god kvalitet og det var veldig godt å sy i !
Gensaren til mamma er klipt etter  mønster som eg har teikna sjølv og tilpassa.
Eg har  sydd fleire gensere til henne og denne modellen har vorte henna favoritt!
Tenkte eg hadde litt kort stoff med print, så eg sydde på eit nokså breitt bråt /ribb nede på gensaren.
Jente gensaren er klipt etter eit mønster  frå  «Alt om Håndarbeid» Nr. 3/15.
Framstykket på begge gensarane er klipt i katte stoffet, mens resten av mønsterdelane er klipt i det svarte stoffet.  Gensaren er heilt svart bak.
For ein god  kjendsle det er når plagget er ferdig og det sitter som det skal!
Og ikkje minst er det veldig kjekt når  «kundane» er fornøgde!
Første gang publisert 18.april 2016 syoddny. blogspot.com