Når jula blir jaga ut – og duken får nytt liv.

Frå blondeduk og juledul til vaskeposar.

Når juleduken først er avdanka, har fått ein flekk eller eit lite hol, og er teken av bordet – kvifor ikkje la han få eit nytt liv? ✨

Eg diggar gjenbruk og likar å sjå meg nytte av alt, både gammalt og nytt. Denne gongen fekk syntetiske juleduker og blondedukar nytt bruksområde: vaskeposar – store og små.

Dette er ikkje første gong eg syr vaskeposar av gamle tekstilar.
✨ Eg har tidlegare sydd vasketøyposar av kvite blondegardiner og duker, og dei har vore i flittig bruk i lang tid.

Ved dei kvite vaskeposane har eg brukt den fine jarekanten som blondekant og latt han overlappe glidelåsopninga. Det gir ein mjuk og dekorativ avslutning, samstundes som glidelåsen blir litt skjult og posen får eit meir gjennomarbeidd uttrykk.

Men:
Eg var så lei av at dei kvite vaskeposane vart rosa når eg vaska raude tekstilar 😅
Så då vart det å sy raude vasketøyposar i staden. Kanskje blir det òg eit par grøne vaskeposar – eg har nemleg liggjande ein grøn blondeduk som ventar på nytt liv.

Kvifor bruke heimelaga vaskeposar?

– Ekstra fine til BH-ar – held fasongen og forlenger levetida
– Tek godt vare på hekla brikker og andre sarte tekstilar i vask
– Fine når eg vaskar stoff, restar og scrap, og
👉 skånar vaskemaskina for lause trådar – og BH-bøylar som vil på avvegar…!

Med eigne posar kan eg sortere smartare – både før, under og etter vask. Når undertøyet er nyvaska og tørka, kan det leggjast rett i posane og takast med på reise. Det gjer det enkelt å halde orden i kofferten, og undertøyet ligg samla og beskytta. Dei lette og fine posane er òg praktiske til oppbevaring heime – anten i skuffa, på hylla eller i reisebaggen. Små løysingar som gjer kvardagen litt enklare ✨

Dette er ekte gjenbruk og upcycling , kombinert med oppbevaring og system på ein god og smart måte – praktiske løysingar som både tek vare på tekstilane og gjer kvardagen enklare ♻️✨ Og veldig kjekt å sy!!

Materiale

Desse dukene er kjøpte på NMS Gjenbruk i Førde – ein gullstad for tekstilskattar som ventar på nytt liv 💚

Enkel sybeskriving: Vaskepose med glidelås

  1. Klipp eitt rektangel i ønska storleik.
  2. Brett inn sidene på dei korte endane og
    sy i ein glidelås.
    → no har du ein sylinder.
  3. Brett posen flat, med rettsida ut, og glidelåset opp og slik at glidelåsen ligg der du vil ha åpninga.
  4. Sy fransk saum i sidene
    – først overlock eller sikk-sakk sidesaumane.
  5. Vreng gjennom glidelåsopninga.
  6. Sy ein søm på kvar side.
  7. Vreng tilbake til retta.

Voilá! Du har ein eller fleire vaskeposer til klesvask og oppbevaring ✨

Sy Spisebrikker i det Norske flagg

Kok deg ein kopp kaffi og leit opp stoff i raudt, kvitt og blått!
Eg har brukt bomull-stoff fra gamle skjørt, kjole, gardiner og «second hand» stoff.
Kos deg med syinga av spisebrikker 🙂
På bilde er måla for alle lappane som du må skjere ut. Måla er sånn ca. Reinskjer etter kvart.
Eg har brukt 1/4″ i sømmonn.

På blider, her under, viser eg framgangsmåten. Slik eg syr saman flagget, steg for steg.

«Quilta» Diagonalt . Starta med å teikna ein strek frå hjørne til hjørne. Nb! Bruk ein penn eller tusj som går vekk med vatn. Sy ein søm/ stikning på streka. Så brukte eg ein syfot der eg festa på ein linjal, så eg kunne måle kor eg skulle sy videre. Eg hadde ca 4 cm mellomrom mellom saumane/ «quiltinga». Men du kan streke opp rutenett på heile spisebrikka, der du skal sy. Quilta med lange symaskinsting. Minimum stinglengde 3.
Reinskjer kantane og sett på skråband eller kanteband.
Gratulerer med dagen!
Lykke til med 17.mai feiringa!

Kurs : Svevande blomst.

Bli med på eit kreativt og nostalgisk sykurs: Sy din eigen «Svevande Blomst»! 🌸✂️

Har du lyst til å dykke inn i ei verd av fargar, former og nostalgi? Då vil eg invitere deg med på eit kurs der du får lære korleis du syr dei sjarmerande, virvlande og svevande blomane frå det tradisjonelle mønsteret Whirligig Wildflower.

På kurset lærer eg – SyOddny – deg steg for steg korleis du kan lage desse propellforma blomane som gir liv og rørsle til tekstilen. Desse blomane passar perfekt til alt frå løparar og veggbilde til større teppe og dekorative prosjekt.

Vi jobbar med enkle former og brukar vanleg skjereutstyr og linjal. Du treng ikkje vere ekspert – det viktigaste er at du har lyst til å lære! Kurset kombinerer presisjon med leik, kreativitet og rein skaparglede.


Du lærer:

✔️ Gode teknikkar for presis lappesaum
✔️ Korleis fargar og kontrastar får kvar blomst til å «sveve»
✔️ Komposisjon som gjer arbeidet personleg og levande
✔️ Tips til stoffval og fargesamansetjing som skapar harmoni og spenning


Dette kurset passar for deg som vil bli tryggare på teknikk, men også ha det moro undervegs. Vi syr med eit snev av historie og tradisjon – og kanskje dukkar det opp nokre gode barndomsminne frå snurrande vindmøller og sommarblomar?


Vil du vere med?

Kurs nr. 3. Fredag, Norsk Quiltetreff , 20.-22.- Mars 2026. Gardemoen.

🎉 Meld deg på via Norsk Quilteforbund :

https://www.nqf.no/norsk-quiltetreff-2026-2/?fbclid=IwY2xjawOyNlVleHRuA2FlbQIxMABicmlkETB4c3RCU2lvOTFMYTd5RmtOc3J0YwZhcHBfaWQQMjIyMDM5MTc4ODIwMDg5MgABHg28mrOXbqZznNs94i6jp_9uGeVzFHFRy95FkPLlZhf8DI0l8c-0xXl1ok_N_aem_kK88P1qTE47tLracEd3R5g

Eller ta kontakt dersom du ønskjer at eg kjem og held kurs der du bur!


La kreativiteten få snurre fritt – og bli med å sy din eigen «Svevande Blomst»! 🌬️🌼


🌼 Bakgrunn og inspirasjon

Nedanfor kan du lese og sjå bilete av bakgrunnen til denne løparen og inspirasjonen bak prosjektet.
La deg inspirere av korleis ideen blei til, kva som ligg bak fargevala, og kvifor nettopp desse blomane fekk nytt liv i tekstilform. Kanskje du òg vil kjenne att noko frå din eigen barndom?

Whirligig Wildflower Pachwork

Denne lappeteknikk er mest kjendt som «Virvlande Villblomster » på norsk.

«Villblomst», var faktisk eit av temaet for mitt aller første kurs i Nordfjord Lappe og Quilte klubb. Eg trur det var ei som heite Kari Anne som holdt kurset, som var på Selje hotell, ca. 1997.

Min aller første løper sydd på kurs i regi av Nordfjord Lappe og Quilte klubb.
«Villblomst»

Virvlande villblomster er eit tradisjonelt lappeteknikk- mønster som ein finn mange plassser på internett. Ved å søke på «whirligig wildflower quilts» på internett, finn ein mange fine mønster og bilder til inspirasjon!

Eit av mine aller første 17.mai minner, var at eg fekk ein vindmølle. I Vinden snurra den rundt med dei norske farger, raudt, kvitt og blått. Det var kjekk å leike med vindmølla. Om det ikkje var vind var det berre å blåse på propellen!

Det er dette som har inspirert meg til å sy årets 17. mai løper.

Eg brukte kantebandsapparat når eg sydde på lukkekant.

Søk på » BERNINA Webinar: Kantbåndsapparat på Quilt » på YouTube korleis du syr på kanteband med kantebandsapparat. https://www.youtube.com/watch?v=EyymnKYT1II

Nostalgisk hjerte, redesign av kjole

Denne kjolen må ha vore nydelig som ny. Brokadestoff, blonder, strass og paljetter. Overdelen var korsett med spiler.

Klipte opp kjolen og sprette av blonder og pynt , før eg tok i bruk stoffet.

Når eg spretta opp kjolen, sat eg og tenkte på kor mykje arbeid det har vore å sydd denne kjolen. Skal tru kor gamal den er ? Var det ein brudekjole eller ballkjole? Tenk på kor mykje den har dansa…. eg satt å mimra og fantaserte , levde meg tilbake til ei anna tid …

Eg teikna eit hjerte som eg brukte som mønster.

Klipte ut to hjerte i stoffet. La dei rette mot rette. Sydde ein søm rundt, men let stå igjen eit lita åpning for vrening av hjertet.

Reparerte og forsterka blondene med sikk – sakksøm over sølvbanda på blondene. Brukte sølvtråd i undertråden. Pynta hjerta med bloder og strass, brukte nål , tråd og lim. Ein sterk tråd til oppheng.

Redesign av ullteppe.

 

 

Teppet som vart  til ei jakke! For  mange år sidan, fekk vi  eit teppe frå ei bestemor. Teppet vart mykje brukt, godt å ha  over seg både i stova og i bilen.  I det siste var det katten som hadde glede av teppet.

Vi var tenkt å kaste   teppet.  No i desse gjenbrukstider, fekk eg lyst til å redesigne teppet.

 

Teppet som  var godt brukt!

Sjølv om der  var eit hol i teppet og nokre  kattehår på  det, synest eg det var for godt til å kaste!

Teppet fekk nokre omganger i vaskemaskina og vart lufta godt ute i nokre dager.

Fann eit mønster på ei fin jakke i eit symagasin.  Teikna av mønstret, tilpassa og lag det på teppet.  Bretta teppet dobbelt.  La midtbak på  bakstykket inntil bretten på teppet .

 

 

Framstykket la eg inn til den andre kanten. Eg ville bruke dei  fine kantane på teppet.   Då vart jarekanten på teppet   midtframme på jakka. Då slapp eg belegg der .

Jarekanten på teppet,  midt framme på jakka, åpning . Frynser nede på jakka.

Nede på jakka kom frynsene, frå eine enden av teppet.  Då slapp eg opplegg nede  på jakka. Resten av frynsene brukte eg til krage.

Klipte ut alle mønsterdelane i teppet, med 1 cm sømrom.  Då stoffet var bretta dobbelt,  fekk eg 2 stk. framstykke, 2 stk. armer og 1 stk. bakstykke. Bretten midt bak skal ikkje klippast !

Sybeskrivelse: 

Eg brukte overlock- cover- og rettsøm.  Det går fint å bruke ei heilt valig symaskin med rettsøm og sikk-sakksøm , og gjerne ein falsk overlocksøm.

  1. Sy skuldersøm.   Legg skulder  på framstykket, retta mot retta til skulder på bakstykke.
  2. Sy armane fast på framstykke + bakstykke.
  3. Sy sidesøm.  Sidene til framstykke og bakstykket leggast  med retta mot retta. Sidene på arm blir og  lagt retta mot retta.
  4. Legg opp armer til passelig lengde. Eg har  coversøm. Søm med  tvilingnål eller enkelt nål går fint.
  5. Tilpass kragen   etter lengda på halsåpning.   Lengd på kragen tilpassast med ein søm midtbak.                                                                                                                                    Sy kragen fast i halsåpning, bakside på kragen  leggast på rettsida av bakstykke  og framstykke. Legg sømmen ned på framstykket og bakstykket og sy ein stikning, så  sømrommet held seg fast og kragen ligg fint.

    Søm midtbak på kragen.

    Innsida av jakka, midt bak. Søm midtbak på kragen blir skjult , når kragen blir bretta ned .

    Stikning på rettsida, søm som held sømmrommet nede og  på plass.

Jakka bak

No er det eg som har glede av teppet. Jakka er god å ha på seg når det er kaldt ute.  Ekstra kjekt er det å tenke på alle minnene ein har frå dette teppet. Og kor mykje omsorg det ligg i eit varmt og godt  teppe frå ei bestemor. Eg hadde ikkje hjerte til å kaste det og eg er glad det kjem til nytte igjen somei jakke.  Trur denne jakka vert god å ha med seg på busstur , båtur og andre spennande reiser. Jakka er alt i god bruk!

Ferdig jakke

Redesign av rosa blonde kjole

Ein rosa kjole var litt trang.

Utvida den med  å sette inn orange stoff  i side- saumane.

Kjolen vart då betre å bruke og vart finare på.

Orange og Rosa er nydelig  fint i lag.

Og framfor den fine gula bobla vart dette berre «smashing»!

Ha ha, eg synte iallefall igjen på  festen! 🙂

Tilbehør i   gull, sølv og  «diamanter»  passa fint til rosa og orange.

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 04.09.17.

Redesign, kjole, jakke og hatt

Kjole i redesign

Jakke, hatt og sjerf er tilbehør.

Mitt bidrag til:

Sewalong 3, 2014 Redesign og bruk av det man allerede har. 

Facebookgruppa :»Voksne Sygale»

«Tema for denne sew alongen er Redesign og bruk av stoffer man allerede har(nye stoffer,som ligger og varmer godt i hyllene) og da skal man sy minst 2 plagg, disse må kunne kombineres. Disse 2 er med i avstemningen. men man må gjerne 4 og enda fler,evt tilbehør i tillegg for de som ønsker 🙂 Man bestemmer selv om man syr ett redesigns plagg og ett plagg av «nye/glemte» stoffer,eller om man lager en kombinasjon i plaggene…

Å redesigne vil si å gjøre om ett plagg,det kan være noe som er for stort, for lite, ikke har rett passform osv, da kan man  bruke fantsti og mønster til å gjør dette om til noe man kan bruke 🙂 redesignet må være mer enn å sette to lommer på en genser, mer enn å klippe beina av en bukse og kalle det shorts. 🙂

Det som skal redesignes kan være klær fra hvem som helst i huset der du bor,evt. gamle gardiner og sengetøy kan være tillegg. Det du syr må kunne brukes av deg, din partner eller dine foreldre/svigerforeldre.

Alt av stoff og dekor skal man ha i hus allerede når man melder seg på. man kan ikke gå på butikken i morgen og kjøpe nytt, da forsvinner hele poenget 🙂

Mønster skal være noe du har fra før, fra ett blad eller en bok. Mønsteret må ikke følges slavisk,men må minst være ett utgangspunkt som kan gjenkjennes 🙂 i større grad. Skal man bare gjøre små endringer på ett plagg trenger man ikke mønster, men endringene må kunne være merkbare.

For og delta i Alongen må du starte på ett nytt prosjekt for avstemning/premiering!..

sew alongen starter 01.06.2014, og avsluttes 30.07.2014.»

Jakke, hatt og sjal:

Sjalet er sydd samman av remser med jarekant,- Eit lyst tynt gardinstoff.

Eit gamalt «Alt om Håndarbeid» (9/1994) inspirerte meg til å sy om ei jakke og sy ein hatt.

I dette bladet er det mønster på hatten.

Hatten er sydd i eit svart stoff, som eg hadde liggande i skåpa.

Hatten er fora med stoff, frå eit gamalt skjørt .

Mannen min hadde ei dressjakke med utslitt krage!

Ullstoffet var forsatt fint, så eg  syntest  at jakka kunne bli ein ny jakke til meg!

Tok vekk ein del stoff, oppe på skuldrane og på armane.

Sydde ny søm på skuldrane og sette på armane.

Foret på jakka måtte også tilpassast!

Tok vekk den gamle kragen og sette på ny .

Ny krage er av samme stoff eg brukte til hatten.

Det svarte stoffet brukte eg og til detajer på skuldane og framme på armane.

KJOLE:

Brukte klede, som eg hadde fått, hadde eg liggande;

 Jakker, kjoler skjort , bukser m.m

Kjolen, som eg sydde av desse kleda og det svarte stoffe, er inspiret av lappeteknikk .

Først tok eg for meg den svarte og grå jakka. Kragen vart avruda og det vart vart sydd snitt i ryggen. Framstykket vart teke av og skifta ut med det svarte stoffet og stoff frå ei kåpe.

Glidelåset måtte syast i på nytt.

Eit grått skjørt og ei lys linbukse, vart til deler av kjoleskjørtet.

Deler frå ein tunika, kåpe og det svarte stoffet vart brukt til resten av skjørtet!

I skjørtet er for frå ein ein gamal kjole til  mamma.

Kjolen er pynta med;

Stempeltrykk; blonder, knapper, svarte krokalisser

og stikningar langs saumar.

 

Stempeltrykk:

Eg stempla på eit stykke stoff frå den lyse lin buksa.

Viktig å bruke blekk som tåler vatn , slik at trykket  tåler nokre ganger med vask!

Sydde fast lappen på plagget

 Stryk gjerne på litt flisofix på baksida av lappen og stryke på lappen!

Som ei ramme rundt, sydde eg på ein svart krokalisse (over saumen)

Eg let det vere litt sårkant på sidene av lappen.

Då «rufser» kantene seg fin inn til krokalissa/saumen ved bruk.

«I går møtte jeg en engel

Jeg ba den om å passe på deg

Men den kom tilbake

Jeg spurte hvorfor, og den svarte:

Engler passer ikke på Hverandre»

<3

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 29.08.17.

Gensar-kjole

Kjolen er sydd  i mjuk strekk velour.

Stoffet på skuldrane er frå rester frå ein gamal gensar i gullstoff.

Stoffa har eg og brukt i ein anna kjole, som du kan lese om her:

 http://syoddny.blogspot.no/2017/04/kjole-sydd-av-ein-gamal-gull-gensar-og.html

Mønster frå Stoff og Stil  nr.: 23087

Andre kjoler eg har sydd i samme modell:

Her har eg brukt eit tynnare stoff:

Jersy viscose, farge  mandarin rød, frå Stoff & Stil .

Det svarte paljettstoffet kjem frå ein gamal kjole.

Denne  kjolen er sydd i jersy viskose, farge brent orange frå Stoff & Stil .

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 22.04.17

Redesign: Kjole sydd av ein gamal gull gensar og orange velour stoff.

Ein gamal gensar i gull -vart inspirasjon til denne kjolen

Gensaren var av tynt strikkstoff, laga av gull tråd.

Klipte armane av gensaren og brukte dei på kjolen.

Bolen til gensaren vart omsydd til hals på  kjolen.

Resten av kjolen er sydd av orange strekk velour.

 Kjolen er  klipt og sydd slik at den passa meg.

Eg er veldig fornøgd med kjolen og har brukt den veldig mykje.

Gullstoffet gjer kjolen  ekstra lekker.

Det orange stoffet er mjuk og godt!

Ein kjole som kan brukast både til kvardags og fest!

Sjå fleire bilder av kjolen i bruk HER

Publisert første gang på syoddny.blogspot.com 17.04.17.

Raud velour kjole

I kassa for raude stoff, hadde eg fleire stykker med velour stoff.

 Både store og mindre stykkjer stoff som var quilta.

Tidleg på 1980, talet sydde mamma seg kjole og vest i dette stoffet!

Resten av stoffet var nok til ein kjole til meg.

Mamma hadde sjølv quilta stoffet med ruter .

Ruta vatt med nylonfor  på eine sida, la ho opp på baksida av velour stoffet.

 Tråkkla  godt fast med store sting og sydde/quilta med raud tråd etter dei merka rutene på vatten

Det quilta stoffet brukte eg til berstykke, framme på kjolen.

Stoffet er fast, med lite strekk.

Brukte då mønster til ein college gensar,  som eg forlenga til kjole.

Då det er eit fast stoff, er halskanten og brota på armane er klipt på tvers av tråd retninga.

Når ein klipper/skjer på skrått, vert det litt strekk i stoffet og ein får betre hold bl.a. i halskanten.

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 17.04.17.