Nostalgisk hjerte, redesign av kjole

Denne kjolen må ha vore nydelig som ny. Brokadestoff, blonder, strass og paljetter. Overdelen var korsett med spiler.

Klipte opp kjolen og sprette av blonder og pynt , før eg tok i bruk stoffet.

Når eg spretta opp kjolen, sat eg og tenkte på kor mykje arbeid det har vore å sydd denne kjolen. Skal tru kor gamal den er ? Var det ein brudekjole eller ballkjole? Tenk på kor mykje den har dansa…. eg satt å mimra og fantaserte , levde meg tilbake til ei anna tid …

Eg teikna eit hjerte som eg brukte som mønster.

Klipte ut to hjerte i stoffet. La dei rette mot rette. Sydde ein søm rundt, men let stå igjen eit lita åpning for vrening av hjertet.

Reparerte og forsterka blondene med sikk – sakksøm over sølvbanda på blondene. Brukte sølvtråd i undertråden. Pynta hjerta med bloder og strass, brukte nål , tråd og lim. Ein sterk tråd til oppheng.

Julehjerter i crazy quilt

 Crazy quilt hjerte sydd på same måte som juleteppet.
Juleteppet kan du lese  om HER
Laga ein mal til hjerte og teikna det på lerret/ kvit bomullsstoff.
Snudde stoffet, slik at omrisset av hjertet var på baksida .
Midt på hjertet la eg ein bit med raudt stoff.
Tok ein ny raud lapp som eg la kant i kant med den første  lappen, retta mot retta.
Sydde ein saum langs kanten og gjennom støttestoffet (det kvite).
Bretta den andre lappen tilbake over sømmen , så sårkanten vart skjult.
Strauk  over med strykejernet, slik at stoffa la seg fint ned på støttestoffet.
Tok ein ny lapp og sydde den fast på samme måte.
Forsette slik til arbeidet dekte hjertet på baksida.
Klipte  ut hjerte etter risset på baksida.
Sydde fast silkeband der det passa.
Laga eit nytt hjerte, der eg brukte større raude stoff -biter.
Eg laga ei lita lomme med glidelås og
stempla  «God jul » på hjertet.
Klipte ut hjertet etter omrisset på baksida.
La dei to hjerta mot kvarandre, retta mot retta.
Sydde rundt hjertet, slik som ein gjer når ein syr pute.
 Hugs åpning for vrenging og stapping.
Når  hjertet var vrengt og stappa  med fyllvatt, sydde eg igjen holet for hand.
Sydde fast ein liten raud ring til oppheng.
Hekta ein karabinkrok med band ned i den raude ringen.
Publisert første gang  på Syoddny.blogspot.com 27.Des 2016.
Gjøym  gjerne snop i den lille lomma.
Julegavetips for neste jul?