Kvit vinterkjole i ull og pels til barn

Barnekjoler  4 år, 6 år 8 år og 10 år
sydd i ull på rull frå JANUS og pelsstoff frå butikken Fantasi på Sandane og Panduro.
Mønsteret  har eg  hatt liggande,  usikker på kvar  mønsteret kjem ifrå.
Det er eit heilt enkelt mønster til kjole i strekkstoff
som dei fleste mønster merker/firma  og syblad har.
Ser at  Soff &Stil  har mønster som  fint kan brukast.
Eg laga armane vidare sidan pelsstoffet er eit faststoff og ikkje strekker seg.
Sydde på bråt framme på armane.
Ein kan og bruke eit  mønster til gensar, som ein forlenger og skråer ut nede,
 slik at det blir til ein kjole.
Ideen til  å sy  slike  kjolar   kom  etter at eg hadde sydd ein slik kjole til meg sjølv
og eg fekk spørsmål om å sy samme kjole til barn.
Les om kjolen min HER
God og varm kosekjole til vinteren!
Publisert første gang  på Syoddny. blogspot.com29. okt. 2016