Juleteppe i Crazy quilt

 

Etter fleire år har det samla seg ei stor kasse med raude stoffrester.
Lenge har eg  hatt tanker om å sy eit  juleteppe med berre raude stoff.
Eg har òg samla på ein del kle som eg meinte eg kunne sjå meg nytte av.
Bla. ein morgon-kåpe som tanta til mamma, Liv Myren sydde til meg då eg var lita.
Kåpa var litt øydelagt i sømmane og ikkje i bruk,
Kåpa vart sydd om til ei toalettveske og restane fekk vere med i dette minne- teppet.
Eg byrja med å finne fram lerret og anna kvit stoff – til støttestoff .
Eg klipte 70 lapper   ca 23 x 23 cm.
Eg fann ein bit med raudt stoff og la det ca. på midten av ein kvit lapp.
Så fann eg ein anna raud lapp som eg la kant i kant med den første raude lappen, retta mot retta.
Sydde ein saum langs kanten og gjennom støttestoffet (det kvite).
Bretta den andre lappen tilbake over sømmen , så sømmen vart skjult.
Strauk sømmen med strykehjarnet slik at arbeidet la seg fint ned på støttestoffet.
Fann ein ny lapp og forsette vidare på samme måte.
Bekledningstoff som jersy og chenille kan vere utfordrandre å bruke i lappeteknikk.
Då må ein gjerne feste stoffet ned  i støttestoffet med nokre  knappenåler.
Bruk det ein har av bitar og remser. Klipp og tilpass gjerne med ei saks.
Viktig å stryke kvar søm før ein forsetter å sy vidare på lappen
Sy gjerne på trekanter
Bruk knappenåler til å feste stoff som vil «leve»
Fyll ut lappen, slik at ikkje det kvite støtestoffet viser.
 Det er best å bruke små smale biter på midten, store og  breide lapper ytterst.
 Lappane skal til slutt  reinskjerast og ein må ha sømrom når ein skal sy  lappane ihop.
Bruk trekanter i hjørne som ikkje har vorte sikkelig dekt.
Ein kan sy i hop to stykker til ei remse, før ein syr det fast til lappen.
Lapp klar til å bli klipt/ skjert til 22 x 22 cm
Eit tips som eg kom på då eg skulle skjere fleire kvadrat i samme mål.
Eg blir så forvirra av alle strekane på linjalen,
så eg festa markeringsteip ved den streken på linjalen eg skal legge kanten etter.
Arbeidet går fortare  og teipen er lett å ta av og på.
.
Eg sydde ihop lappane. Først sydde eg ihop 7 lapper til remser.
Så sydde eg ihop remsene til eit stort teppe
På baksida sydde eg fast falsk pels frå Panduro.
Til slutt sydde eg  lukkekant rundt teppet.
Til tross for ulike kvalitetar i stoffa, vart teppet  veldig lekkert og levande
 då stoffa var i samme farge skala.
Nusse pus likte teppet veldig godt  og stod frivillig modell.
Teppet har mange stoff med minner,så teppet er ikkje til sals.
Men fram til jul 2016 er teppet er utstilt på Siv og Synnøve Oddny sitt  Syatelier i Eidsgata 24. Nordfjordeid.
Besøk oss gjerne!
<3 Velkommen  <3
Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 11.Des. 2016

Konfirmasjonskjole

Veldig kjekt å  sy ein festkjole,
då jenta ikkje ville gå med bunad i broren sin konfirmasjon  !
Kjolen er designet av  12 år gamle Lise Skov Jensen frå Danmark .
Dottera mi  på samme alder likte kjolen då ho såg den i «Alt om Håndarbeid» .
Mønster frå » Alt om Håndarbeid nr.02/2016.
Str. 34-44.
Kjolen er sydd av kvit brude tyll, kvit satin, kvit strech blonde og kvit strech jersy frå Stoff&Stil.
«Nusse» pus godt fornødt med «fotoshoot`en»!
Les om Pynting til konfirmasjonsfesten Her og
du er velkommen til å like Facebooksida mi SyOddny
Første gang publisert 23.aug 2016 Syoddny.blogspot.com

To gensere med katter og eit par hunder

Ei jente og mormora som begge er veldig glad i katter, forelska seg i dette stilige stoffet med katter og nokre få hunder.
 Før SyOddny  hadde sagt seg villig til å sy , så var stoffet kjøpt inn og det var klar beskjed om at eg skulle sy gensar! Kva kan du seie når både mamma  og datter hadde bestemt seg?!
Stoffet med print er kjøpt hos Bademiljø Sandane , Avdeling  Fantasi .
Hos Primula Design, Nordfjordeid fann eg eit svart ribb/ jersy stretch stoff som passa veldig fint i kombinasjon med stoffet med print.
Det kjennes ut som begge stoffa har  god kvalitet og det var veldig godt å sy i !
Gensaren til mamma er klipt etter  mønster som eg har teikna sjølv og tilpassa.
Eg har  sydd fleire gensere til henne og denne modellen har vorte henna favoritt!
Tenkte eg hadde litt kort stoff med print, så eg sydde på eit nokså breitt bråt /ribb nede på gensaren.
Jente gensaren er klipt etter eit mønster  frå  «Alt om Håndarbeid» Nr. 3/15.
Framstykket på begge gensarane er klipt i katte stoffet, mens resten av mønsterdelane er klipt i det svarte stoffet.  Gensaren er heilt svart bak.
For ein god  kjendsle det er når plagget er ferdig og det sitter som det skal!
Og ikkje minst er det veldig kjekt når  «kundane» er fornøgde!
Første gang publisert 18.april 2016 syoddny. blogspot.com

Barnekjole med katt

Ein behagelig kjole for ei skikkelig katte mamma !
 Denne kjolen er sydd  i mjuk orange strech velour og bomull stoff  med katter.
  Modellen, Stoff og mønster Onion 20045 er på butikken Primula Design.
Kjolen er som ein genser med ei rynka kappe nede.
Ein katt er klipt ut av bomullstoffet og applikert framme  på  kjolen.
Kjolen  er lett å dra over hovudet og ha utanpå ein   behagelig  tights eller strømpebukse.
Praktisk plagg for små jenter som liker  å pynte seg med kjole el skjørt!
Andre barnekjolar frå Onion sjå HER
Publisert første gang på SyOddny.blogspot.com 29.sep.2015.