Sy trekanter i lappeteknikk. Blå løper til Konfirmasjon.

 

Sy trekanter:

Skjer opp stoffstrimler f.eks. som her 4″.

Legg to stoffstrimler mot kvarandre retta mot retta.

Teikn kvadrat 4″x 4″.

Teikn ein strek på skrå frå hjørne til hjørne. Sjå bilde ovenfor.

Teikn så to strekar

 ein på kvar side. 1 cm eller 1/4 » -alt etter kva sømrom du bruker,

 parallelt til streken som går på skrå.

Då er der 3 streker som går på skrå,

 frå hjørne oppe til venstre  og på skrå ned til høgre hjørne.

Sy saum langs på dei to ytterste strekane.

Klipp opp, langs den mitterste streken.

Klipp så langs dei loddrette strekane.

Brett og ut stryk trekanten, til ein firkant laga av to trekanter.

Plasser firkantane  til det mønster du vil ha og sy samman.

Les meir om pynt til konfirmasjon HER

Publisert første gang på syoddny.blogspot.com 22.04.17.

Konfirmasjonskjole

Veldig kjekt å  sy ein festkjole,
då jenta ikkje ville gå med bunad i broren sin konfirmasjon  !
Kjolen er designet av  12 år gamle Lise Skov Jensen frå Danmark .
Dottera mi  på samme alder likte kjolen då ho såg den i «Alt om Håndarbeid» .
Mønster frå » Alt om Håndarbeid nr.02/2016.
Str. 34-44.
Kjolen er sydd av kvit brude tyll, kvit satin, kvit strech blonde og kvit strech jersy frå Stoff&Stil.
«Nusse» pus godt fornødt med «fotoshoot`en»!
Les om Pynting til konfirmasjonsfesten Her og
du er velkommen til å like Facebooksida mi SyOddny
Første gang publisert 23.aug 2016 Syoddny.blogspot.com

Konfirmasjonsfest med eit maritimt preg

15.05.16 vart vår eldste barn Stian konfirmert i Eid Kyrkje.
Konfirmasjonsfesten hadde vi  på Eid Kyrkjetun.
Ein skulle tru at ein hadde eit «hav» av tid, til å planlegge denne dagen, men det var den siste veka det meste vart bestemt når det gjaldt bordpynten!
Det første som vart kjøpt inn var serviettane. Desse vart kjøpt inn ved påsketider .
Serviettane  var i to forskjellige blå nyansar og vart utgangspunktet for pynten til konfirmasjonsfesten.
Serviettane vart bretta ut ein gang.
Dei små lyse blå serviettane   vart lagt over dei  store mørke blå serviettane,
saman vart dei   bretta  ihop som eit segl på ein seilbåt.
 Dei små barneskoa  var  konfirmanten sine første sko.
Skoa  var  utganspunktet for blomsteroppsatsen,  som stod  på bordet framfor konfirmanten .
 Dei slitne skoa var sjarmerande ilag med dei flott blomstrane.
Venninna mi Gitte Lefdal var så snill å lage blomsteroppsatser.
Gitte kom heim til oss og laga blomsteroppsatser på kjøkkenet vårt.
Vi kjøpte kun roser mens alt det andre er plukka direkte  frå hagen vår.
Ho laga blomsteroppsatser  til  krukkene som  vi fekk blomsterhelsinger i, då  konfirmanten var født.
Fleire bilder av blomsteroppsatsane til Gitte ,  lenger  nede.
Gitte  dekka bordet og  var til  stor hjelp med pynting .
Det meste av pynten og garnet er henta frå
   «Båtstova» -heime  og frå båten vår.
Den store lysestaken har  konfirmanten  laga sjølv,
 av rekeved som er funnen i fjæra.
Så den måtte vere med!
Den var så stor og mektig  at den måtte få  sitt eige bord!
Spennande  med dei små maritime miljø rundt bordet!
Gløymte å tenne lysa då eg tok bilder!
Det var  flott då sjå på når lysa var tent.
Vi brukte  for det meste batteridrevne telys pga. allergier i familien.
Pynten vart akkurat slik eg hadde tenkt det, og litt til !
Kjempe kjekt å pynte når vi var så enige om korleis det skulle sjå ut!
Gitte- Tusen  hjertlig takk for all hjelp!
 Det hadde ikkje vorte så fint uten hjelp og støtte frå deg!
Konfirmanten  var veldig glad og overraska på  kor flott og spesielt det var pynta!
Sjølv om foreldra er veldig glad i båtlivet og havet,
 så trur eg  det var fleire som synest dette var veldig fint!
Blomsterkorgene har eg sydd sjølv og sommerfuglane og  ankera er trykt ut med utstansemaskin.
Framgangsmåte på korleis ein syr korgene kan ein sjåHER
Blomsterhelsingane  passa fint til løparane .
På borda ved sofagruppene låg  4 duker som eg hadde sydd sjølv.
Inspirasjonen til fargane til desse dukane er servitettane.
 Modellen har eg sett på medlemsmøter i Nordfjord lappe og quilte klubb
og Facebook sida «Quiltesida» m.m .
Sjå korleis ein syr løparane HER
Fleire blomster dekorasjonar  laga av Gitte Ledal.
Ikkje så lett å treffe nøyaktig i alle hjørne når sy arbeidet må gå litt kjapt!
Lenge sidan eg har sydd noko så kjapt før!
Løparane  passa også fint  heime  med oss, her  med ein bukett kvitveis plukka av ei snill jente 😉
Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 22.04.17.