Onion 2035 Kjole med blomster.

Sommarfesten er om kvelden!

Regnbyene  driv innover Vestlandet!

Den lave temperaturen  freistar ikkje til å leite fram lett sommarkjole!

Leitte fram  mønster og det sprekaste blomsterstoffet blei dratt ut av skuffa.

Ein ny kjole, med lange armer, vart  klipt og sydd ihop på  føremiddagen.

Kjolen er delt i to med søm under brystet.

Mønster frå Onion nr. 2035

Ryggen og armane er klipt i raudt viscose jersey.

Berstykke framme og skjørtet er i jersystoff med print av flotte blomster.

Stoffet er kjøpt på Stoff &Stil.

Ein ny sommerkjole som passer fint  til Vestlandsver!

Publisert første gang på Syoddny.blogspot. com 17.04.17

Kvit viterkjole Laila

Onion kjole mønster nr. 2035 brukt til kjole i  kvit babycordfløyel og pelsstoff.
Eg hadde sydd ein vinterkjole til meg sjølv i ull og pelsstoff. Les om kjolen HER
Ei god venninne ønskte seg samme sort kjole men ikkje i ull.
Her var utfordringa  å finne det rette stoffet som passa til det kvite pelsstoffet.
 Både farge og kvalitet måtte stemme .
Eg fann eit kvit strech babycordfløyelstoff frå Stoff & Stil
Som passa fint til det kvite pelsstoffet frå Panduro.
Eg tok mål og tilpassa mønstra før eg  klippte og sydde ihop kjolen.
Då mønstra for framstykket og bakstykkte er delt i to
 kan ein bruke  mønster til størelse S i overdel og størelse L i underdel.
Hærlig kjendsle då  kjolen passa  fint  til  den flotte modellen! <3
Publisert førte gang på Syoddny. blogspot. com 29. okt. 2016

Kvit vinterkjole i ull

Facebook gruppa «Vaksne sygale» arrangerte  hausten 2013 Sy-along / Sew Along;
Kjolemønster nr, 2035 frå Oninon .
Dette ville eg prøve! Men tida gjekk fort! Eg fekk ikkje tida til å bestille stoff eller mønsteret. Heldigvis hadde  den lokale lappestoff- butikken Primula Design kjolemønseret i salg. I skåpa på syrommet  fann eg  eit ull/syntetisk strech- stoff som var arva og pelstoff kjøpt på ein ferie tur til Stavanger.
Eg  hadde andre planer for pelsstoffet ( som eg i dag ikkje hugsa kva var!) – men dei to  stoffa i lag var perfekte  til kjolen min!  Pelsstoffet var brukt som armer, hals og kant nede på kjolen.
  Eg vart veldig fornøgd med kjolen og fekk Fotografen Eide til å ta bilde.
Dei andre medlemane i Facebook gruppa stemte meg fram det til ein fin 2. plass.
 Det har vore veldig kjekt å få så mange fine tilbakemeldinger på kjolen .
Tusen takk alle saman! Det varmer  hjertet mitt og dette har gitt meg inspirasjon til å sy fleire kjoler 🙂
Kjolen  er sydd i ull og pelsstoff, ein varm og god vinter kjole!
Dette var mitt  aller første Oninon mønster !!
 Seinare har eg vorte veldig glad i desse  mønstrene  frå Onion.
 I det siste har eg sydd fleire slike kjoler i  ull frå JANUS og pelsstoff frå  Fantasi (Sandane )/ Panduro.

Eg har  sydd ein kjole der eg brukte  babykordfløyel istaden for ull.

Sjå kjolen på modell HER

Publisert første gang på Syoddny. blogspot.com 29. okt .2016.

Applikasjon av hjerte på kjoler

To blå kjoler

Kjoler sydd i blå jersey viscose  frå Stoff&Stil
og blå  mønstra strech jersey frå Sybutikken  på Lillehammer
Damekjole
Damekjolen er sydd av mønster frå Onion 2035.
Barnekjole
Lomme på barnekjolen:
Vrangsydde to firkanter.
(Nb! Hugs å sette av åpning  for vrenging.)
Stryk lomma  og sy den fast lomma på kjolen.
På symaskina fann eg ein fin dekorsøm som eg brukte på lomma.
Applikert  hjerte: 
 
Eg teikna eit hjerte på frihand.
Teikna hjertet over på flisofix.
Strauk flisofix over på stoffet.
Klipte ut hjertet og strauk det på kjolen.
La eit støtte-stoff på baksida av kjolestoffet der hjertet var .
Sydde fast hjertet med tette sikk-sakk sting.
Publisert første gang på Syoddny. blogspot.com 12. sep.2016

Barnekjole med katt

Ein behagelig kjole for ei skikkelig katte mamma !
 Denne kjolen er sydd  i mjuk orange strech velour og bomull stoff  med katter.
  Modellen, Stoff og mønster Onion 20045 er på butikken Primula Design.
Kjolen er som ein genser med ei rynka kappe nede.
Ein katt er klipt ut av bomullstoffet og applikert framme  på  kjolen.
Kjolen  er lett å dra over hovudet og ha utanpå ein   behagelig  tights eller strømpebukse.
Praktisk plagg for små jenter som liker  å pynte seg med kjole el skjørt!
Andre barnekjolar frå Onion sjå HER
Publisert første gang på SyOddny.blogspot.com 29.sep.2015.

Sommerkjole og hatt

 Barnekjole  med raglansarma mønster frå Oniom  nr: 20042
Mønster får ein kjøpt på Primula Design, Nordfjordeid.
Sommerhatt, mønster  frå boka: «Sy av håndklær» av Hilde Reier og Ellen Dyrop
Bomull stoff og skråband frå butikken Primula Design.
Her får ein kjøpt masse fint bomullstoff både til kjoler og lappeteknikk.
Butikken  Primula Design er ein sikkelig «snopebutikk» for oss som elsker å sy.
Hærlig å plukke med seg fine skråband  i mange forskjellige fargar og mønster!
Publisert førtse gang på SyOddny.blogspot.com juli.2015.