Penalhus

«Å nei!»  » Mamma glidelåset på penalhuset er øydelagt!!» Det er kvelden før nytt skuleår og mi datter held på å pakke nytt penalhus som var kjøpt i sommerferien. Eg kan enda kjenne magefølelsen av spenning til å starte eit nytt skuleår.  Og no var det krise i heimen for penalhus må ein jo ha! Eg tenkte at her må  jo vere eit  penalhus ein kan bruke men så kom eg på at  det var jo ekstra kjekt å byrje skuleåret viss eg hadde fått noko nytt som penalhus, matboks , sekk og nye kle.

Her var det berre å brette opp armane og invitere mi datter inn på syrommet. Vi treng eit penalhus av god kvalitet! Altså vi må  eit heimelaga penalhus!

Desse to hjerta var utgangspunktet for penalhuset. Ein pakke med dekorhjerte har eg fått ved eit kjøp ved Primula Design for lenge sidan. Hjerta har vorte beundra og leika med ved fleire stunder. Men no var tida inne for at to av hjerta skulle brukast for å få til eit vellykka prosjekt.
Eg foreslo å bruke dongri sidan dette er eit slitesterkt stoff. Ei dongribukse vart klippa opp og så var det å leite i skuffene for å sjå om ein fann bomullstoff som passa til. Bomullstoffa vi brukte er kjøpt på Primula Design, Nordfjordeid.
 
PENALHUS:

Skjer to firkanter 25cm x 29 cm; Ein firkant  i ytterstoff, her dongri og ein firkant i for, her eit bomullstoff. Ein kan evt. legge inn i bordvatt for å gjere penalhuset stivare og stødigare.
Måla  aukast dersom ein ønskjer eit større penalhus eller vil ha ei toalettveske ol.

Legg vranga mot vranga og sy sikksakk rundt kantane.  Quilt gjerne stoffa sammen. og evt dekorermed stoppefoten. (Sjå andre penalhus lenger nede). Her har eg berre sydd ein saum mitt på stoffstykket .
Sy kanteband på langsidene:
Retta, utsida av penalhuset.
Vranga, det som blir inne i penalhuset.
Eg sydde på kantebandet ved hjelp av kantebandsapparatet  Bernina #88, 38mm.  Dette apparatet bretter og syr på kanteband i ein og samme opperasjon, i ein søm. Går veldig fort og greit når apparatet  først er innstilt til di Bernina symaskin. Det er berre ein skru å feste. Ein kan sjølvsagt sy på kanteband slik som ein syr på eit skråband.
Sy på glidelås på langsidene. Eg legg glidelåset under kanten frå retta og syr ein stikkning.
Legg glidelåset rett over midt på stoffstykket. Her har eg lagt det midt på stikningen eg laga når eg sydde ihop stoffstykka ved start.
Dersom ein ønskjer hemper, band eller andre  dekor på endane på penalhuset er det tid for å lage det til no!
Eg klipte av opplegget på dongribuksa og laga slike hemper:
Fest hempene på retta , midt på ved glidelåset. Sy att og fram slik at hempenen og ende av glidelås vert sikkelig festa.
Vreng penalhuset slik at vranga er ut. Sy ein hjelpesaum ved endane.
Klipp remser på ca 5 cm  og  skjul sårkantane med desse remsene. Kan også bruke skråband.  Her bruker eg ikkje kantebandsapparatet for eg synest det blir for tjukt. Men syr på bandet ved to saumer. Legg bandet kant i kant  ved enden av penalhus . Sy ein søm.
Bretter inn bandet, legg bandet over på den andre sidan og syr ein søm/stikning. Ein treng
nødvendigvis ikkje  sette på kanteband, men sy tette sikksakk sting.  Men eg synest det blir finare med kanteband.

Det er fleire måter å lage til hjørna på penalhuset. F.eks kan ein brette til hjørna slik som på bilde. Enten på vranga eller på rettsida  Feste for hand der knappenålene er .

Men eg velger heller å klippe og sy til hjørna:
Klipp ut hakk i hjørna 4cm (langs glidelås ) x 3 cm
.
Brett ut og legg sårkantane mot kvarandre og sy ein hjelpesøm.
Sett på kanteband.
Sy att og fram på skrå der banda stikker ut. Klipp inntil sømmen.
Vreng heile penalhuset og Volla Penalhuset er ferdig!
Sy gjerne på knapper el anna fint dekor! 🙂
Lykke til med nytt skuleår! 
Bilde av andre penalhus eg har sydd:
Publisert første gang SyOddny.blogspot.com 17.aug. 2015.