Når jula blir jaga ut – og duken får nytt liv.

Frå blondeduk og juledul til vaskeposar.

Når juleduken først er avdanka, har fått ein flekk eller eit lite hol, og er teken av bordet – kvifor ikkje la han få eit nytt liv? ✨

Eg diggar gjenbruk og likar å sjå meg nytte av alt, både gammalt og nytt. Denne gongen fekk syntetiske juleduker og blondedukar nytt bruksområde: vaskeposar – store og små.

Dette er ikkje første gong eg syr vaskeposar av gamle tekstilar.
✨ Eg har tidlegare sydd vasketøyposar av kvite blondegardiner og duker, og dei har vore i flittig bruk i lang tid.

Ved dei kvite vaskeposane har eg brukt den fine jarekanten som blondekant og latt han overlappe glidelåsopninga. Det gir ein mjuk og dekorativ avslutning, samstundes som glidelåsen blir litt skjult og posen får eit meir gjennomarbeidd uttrykk.

Men:
Eg var så lei av at dei kvite vaskeposane vart rosa når eg vaska raude tekstilar 😅
Så då vart det å sy raude vasketøyposar i staden. Kanskje blir det òg eit par grøne vaskeposar – eg har nemleg liggjande ein grøn blondeduk som ventar på nytt liv.

Kvifor bruke heimelaga vaskeposar?

– Ekstra fine til BH-ar – held fasongen og forlenger levetida
– Tek godt vare på hekla brikker og andre sarte tekstilar i vask
– Fine når eg vaskar stoff, restar og scrap, og
👉 skånar vaskemaskina for lause trådar – og BH-bøylar som vil på avvegar…!

Med eigne posar kan eg sortere smartare – både før, under og etter vask. Når undertøyet er nyvaska og tørka, kan det leggjast rett i posane og takast med på reise. Det gjer det enkelt å halde orden i kofferten, og undertøyet ligg samla og beskytta. Dei lette og fine posane er òg praktiske til oppbevaring heime – anten i skuffa, på hylla eller i reisebaggen. Små løysingar som gjer kvardagen litt enklare ✨

Dette er ekte gjenbruk og upcycling , kombinert med oppbevaring og system på ein god og smart måte – praktiske løysingar som både tek vare på tekstilane og gjer kvardagen enklare ♻️✨ Og veldig kjekt å sy!!

Materiale

Desse dukene er kjøpte på NMS Gjenbruk i Førde – ein gullstad for tekstilskattar som ventar på nytt liv 💚

Enkel sybeskriving: Vaskepose med glidelås

  1. Klipp eitt rektangel i ønska storleik.
  2. Brett inn sidene på dei korte endane og
    sy i ein glidelås.
    → no har du ein sylinder.
  3. Brett posen flat, med rettsida ut, og glidelåset opp og slik at glidelåsen ligg der du vil ha åpninga.
  4. Sy fransk saum i sidene
    – først overlock eller sikk-sakk sidesaumane.
  5. Vreng gjennom glidelåsopninga.
  6. Sy ein søm på kvar side.
  7. Vreng tilbake til retta.

Voilá! Du har ein eller fleire vaskeposer til klesvask og oppbevaring ✨