SyOddny i FjordnesTidende 22.12.2015

Hausten 2015 hadde eg besøk av journalist Ingeborg N. Stokkenes både heime på Torheim men og på butikken Primula design – der eg jobba litt tidligare. Eg over-gjekk meg sjølv og slapp Ingeborg inn på syrommet mitt. På syrommet lar eg sjela og kreativiteten fare fritt mellom stoff og tråd og då seier det seg sjølv at syrommet ikkje er alltid like ryddig! Syrommet eit veldig personlig rom!  Terskelen for å sleppe gjester inn på mitt kreative rom har vore høg.- Og det var med skrekk blanda fryd eg tok imot ein journalist  og snakka om å syinga mi!
Rikard, Rakel og Lilly stille gladelig opp som modeller for tanta og mora sine kreative påfunn!
 Det var nydelig sommerver!
 På grunn av den sterke sola vart det utfordrende å ta bilder ute.
 Men i  julenummeret til avisa Fjordnes Tidende 22.12.2015 var der ei 3-sider reportasje om SyOddny.
I tillegg var  Elin Grinde og Helena Nilsen Sætre intervjua om sying av kle.
Og «jammen det» i forrige veke dukka det uventa opp eit bilde i «Norge Rundt» i Norsk Ukeblad nr. 8. 2016.
Her under vil eg vise nokre av mine eigne bilder av  klede som eg har sydd og som var med i artikkelen i Fjordnes Tidende og på bildet i Norsk Ukeblad.
Blå gensar:
Eige design. Teikna om eit mønster frå Stoff og Stil.
Blonder kjøpt på Primula Design.
Blå velour frå Myllymuksut.
Guttegensar:
Bamsemerke og stoff frå Stoff & Stil
Paljett gensar til jente:
To  gensar frå to paljett kjoler, ein rosa og svart.
Mønster klipt etter ein anna gensar.
Svart stoff fann eg i skåpa – Hyllevarmere!
Bak paljettstoffet, er det  fora med eit  mjukt svart velour stoff.
Paljett vesker:
Vesker laga av rester frå paljett kjoler og svart stoff.
Eige mønster.
Jentekjoler:
Stoff og mønster frå Stoff & Stil
 Stoff ifrå Stoff & Stil
Mønster frå Ottobre
Dukke kjoler og sparkebukse:
Restestoff frå Stoff& Stil
Eige mønster
Guttegensar:
Stoff i frå Stoff& Still
Mønster frå Ottobre.
Redesign  damekjole:

Ein gull glitter gensar vart til armer og hals på ein kjole.
Chenille stretch frå Stoff& Stil.
Eige design.
Ull gensar:
Ein av mine favoritter!
Har sydd eit par i voksen størelse og eit par i jente størelse.
Nydelig varmt Ull stoff frå Myllymuksut.
Ull ribb stoff frå Janus.
Mønster frå Stoff &Stil
Onion kjole:
Onion kjole, stoff og blonder frå Primula Design
Vrangsydde barnekjoler:
Les om kjolane HER
Damegensar med krage:
Jersey stoff kjøpt på Sømsenteret  Oslo.
Eige mønster
Damegensar med rund hals:
Jersey stoff kjøpt på Sømsenteret  Oslo.
Eige mønster.
Første gang publisert 04.mars 2016 syoddny.blogspot.com