Strikkemønster Restegarnteppe

Heile teppet er strikka i dobbelt garn.

Det eine tråden er einsfarga (her; mørkt) , fyl arbeidet  heile tida.

Eg brukte to nøster (400 g per.  nøste) Basic Super Big Tweed, mørkegrå/svart.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Eg byrja å felle  teppet, på slutten av nøste 1,

 – for å vere sikker  på at eg hadde nokk tråd til side to.

Når ein strikker ilag med anna ulik restegarn,

kan det varierer kor mykje garn ein bruker på dei to ulike sidene.

Den andre tråden er  restegarn  i mange fargar og kvalitet.

Når ein rest er oppbrukt, fester ein på ein ny farge.

Eg brukte stkrikkepinne nr 10.

Dersom restegarnet er  tynt, legg  dobbelt.

Eg har lært å strikke slike teppe av mamma

og det er hennar  oppskrift eg har brukt.

Legg opp tre maskar!

1. Strikk 1. omgang rett.

2. Strikk 1. masken (den strikkar ein ikkje seinare) auk i 2. masken, strikk den siste = 4 masker

    NB! Når ein tek laust av 1. masken på pinnen ( dvs ikkje strikkar den) då skal tråden igge bak pinnen/masken.

     Då vert der «perler» på kanten. Ytste kanten vert jamn, stram og fin:

3. Snu, ta 1. masken laust av pinnen, strikk 1 maske,  auk i 3 masken, strikk siste masken =   5 maskar på pinnen.

4. Snu, ta 1. masken laust av pinnen, strikk 2 maskar, auk i 4 masken, strikk siste masken =   6 maskar.

5. Snu, ta 1. masken laust av pinnen, strikk 3 maskar, auk i 5 masken, strikk siste masken =   7 maskar.

6. Snu ta 1. masken laust av pinnen, strikk 4 maskar, auk i 6 masken,  strikk siste masken =   8 maskar.

7. Snu ta 1. masken laust av pinnen, strikk 5 maskar, auk i 7 masken,  strikk siste masken =   9 maskar.

8 .Snu ta 1. masken laust av pinnen, strikk 6 maskar, auk i 8 masken,  strikk siste masken = 10 maskar.

9 .Snu ta 1. masken laust av pinnen, strikk 5 maskar, auk i 6 masken, strikk ut pinnen (4)  =  11 maskar på pinnen.

10. omgang og alle omgangar vidare;

Snu, ta 1. masken laust av pinnen strikk 5 maskar, auk i 6 masken. Strikk rett – ut pinnen

NB! Berre auking på begynnelsen av omgangen/ pinnen.

Auking;

Ta pinnen inn i masken og hent fram 1 (ny) maske, men slepp ikkje av masken på venstre pinnen.

Masken som heng på venstre pinnen er no vridd som eit 8 tal, stikk høgre pinnen inn i masken på venstre pinnen, men i øvre de av 8-talet.

Då er der to nye maskar i ein.

Aukar ein på denne måten, vert det ikkje hol i strikket

Strikk vidare, til der er 275 – 300 maskar på pinnen, alt etter kor stort teppet skal verte og kor tjukk tråd ein brukar.

Felling;

Ta fyrste masken laust av, strikk 5 maskar rett, strikk så 6 og 7 maske saman til 1 maske, strikk ut omgangen!

NB! Berre felling på begynnelsen av omgangen/pinnen.

Fell slik til der er 11 maskar att på arbeidet – då feller ein i hop – på same måte – som ein auka.

Men omvendt  Omgang 9 – 2. Fell av når det er 3 maskar att.

Sol H. Ulvestad

Her er eg  koma godt i gang med teppet mitt!

Teppet varmar meg, medan  eg strikkar.

Kanina NonStop liker å ligge på det  varme og mjuke teppe.

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 13.09.17

Tovende tøfler i viking eco ull.

Tovende tøfler i Viking Eco Ull 100% økologisk ull . Viking garn.
Mønster, strikkepinner og tråd kjøpt på  Husfliden i Florø.
Når eg ute og reiser må eg alltid  ha med meg  eit strikk.  Eg har lett for å bli rastlaus og utrolig i kroppen viss eg skal berre sitte rett opp og ned i ein buss eller ein bil. Då er det godt å ha eit strikk mellom henda  og la tankane flyte ilag med tråden og maskane.
Når vi er på båten tar eg heilt fri frå symaskinene, men eg har alltid med meg eit eller fleire handabeid. På båten er det god tid til slikt  .  Kjekt og sosialt er det og   å treffe  damer som liker handarbeid  og båtliv!
I fjor sommer hadde vi  ein   flott båttur ved kysten av Sogn og Fjordane. Som vanlig var vi innom  Florø og  eg besøkte  Husfliden. Eg har alltid hatt lyst til å strikke meg nokre tøffler som eg kunne tove. På husfliden kom eg over ein   strikkepakke  med garn, pinnar og mønster  på tova tøfler frå Viking Garn som eg kjøpte.
Strikke pakken vart liggande  heilt fram til eg no skulle reise til Oslo med buss .  Eit passelig handarbeidprosjekt for turen. Når eg kom heim var to tøfler ferdig strikka og klare for å syast samman og tovast.
Nokon meinte at eg hadde fått kanin føtter.  Mjuke og varme er dei iallefall.
Tøflane måtte heile 3 ganger i vaskemaskina før eg synest dei var passelig tova og passa min fot.  Med ein varm sommerdag, var det ingen problem  å ta tøflane på mens dei var våte. Då fekk eg  gå til tøflane og  forma  dei til føttene..
No har eg nokre mjuke og svale  tøfler til lange sommer kveldar og etterkvart varme og lune tøfler til mørke haustkveldar. Eg tek dei med på  neste båttur!
Første gang publisert på syoddny.blogspot. com 02.juli 2015.