Når juleduken først er avdanka, har fått ein flekk eller eit lite hol, og er teken av bordet – kvifor ikkje la han få eit nytt liv? ✨
Eg diggar gjenbruk og likar å sjå meg nytte av alt, både gammalt og nytt. Denne gongen fekk syntetiske juleduker og blondedukar nytt bruksområde: vaskeposar – store og små.
Dette er ikkje første gong eg syr vaskeposar av gamle tekstilar. ✨ Eg har tidlegare sydd vasketøyposar av kvite blondegardiner og duker, og dei har vore i flittig bruk i lang tid.
Ved dei kvite vaskeposane har eg brukt den fine jarekanten som blondekant og latt han overlappe glidelåsopninga. Det gir ein mjuk og dekorativ avslutning, samstundes som glidelåsen blir litt skjult og posen får eit meir gjennomarbeidd uttrykk.
Men: Eg var så lei av at dei kvite vaskeposane vart rosa når eg vaska raude tekstilar 😅 Så då vart det å sy raude vasketøyposar i staden. Kanskje blir det òg eit par grøne vaskeposar – eg har nemleg liggjande ein grøn blondeduk som ventar på nytt liv.
Kvifor bruke heimelaga vaskeposar?
– Ekstra fine til BH-ar – held fasongen og forlenger levetida – Tek godt vare på hekla brikker og andre sarte tekstilar i vask – Fine når eg vaskar stoff, restar og scrap, og 👉 skånar vaskemaskina for lause trådar – og BH-bøylar som vil på avvegar…!
Med eigne posar kan eg sortere smartare – både før, under og etter vask. Når undertøyet er nyvaska og tørka, kan det leggjast rett i posane og takast med på reise. Det gjer det enkelt å halde orden i kofferten, og undertøyet ligg samla og beskytta. Dei lette og fine posane er òg praktiske til oppbevaring heime – anten i skuffa, på hylla eller i reisebaggen. Små løysingar som gjer kvardagen litt enklare ✨
Dette er ekte gjenbruk og upcycling , kombinert med oppbevaring og system på ein god og smart måte – praktiske løysingar som både tek vare på tekstilane og gjer kvardagen enklare ♻️✨ Og veldig kjekt å sy!!
Materiale
Desse dukene er kjøpte på NMS Gjenbruk i Førde – ein gullstad for tekstilskattar som ventar på nytt liv 💚
Enkel sybeskriving: Vaskepose med glidelås
Klipp eitt rektangel i ønska storleik.
Brett inn sidene på dei korte endane og sy i ein glidelås. → no har du ein sylinder.
Brett posen flat, med rettsida ut, og glidelåset opp og slik at glidelåsen ligg der du vil ha åpninga.
Sy fransk saum i sidene – først overlock eller sikk-sakk sidesaumane.
Vreng gjennom glidelåsopninga.
Sy ein søm på kvar side.
Vreng tilbake til retta.
✨ Voilá! Du har ein eller fleire vaskeposer til klesvask og oppbevaring ✨
Sy vimpar til 17.mai, hagen, barnerommet eller fest! Her kjem sybeskrivelse, «tutorial» om korleis ein kan sy fleire forskjellege vimplar til ei lang vimpelrekke. Eg viser korleis ein lager ein litt brei vimpel og ein smal vimpel . Ein kan bruke forskjellege quilte linjaler eller ein kan lage sin eigen mal, når ein vil skjere ut eller klippe ut trekanter til vimplar.
Rekke med breide vimplar.
Brei
Smal
Rekke med smale viplar.
Eg sydde i hop vimplane, litt forskjelleg . Brukt vanleg rettsøm, pytesøm, eller falsk overlocksøm på vanleg symaskin. Eg har sydd med overlock symaskin på nokre av vimplane, men det er ikkje nødvendig. Du klarer deg fint med ei heilt vanleg symaskin! Nokre av vimplane er vrangsydde .
Sy og varier, etter smak og behag, alt etter kvaliteten på stoffet. Om du ønskjer å vrangsy vimplane, har eg erfart at det er best å bruke vanleg bomullstoff. Om ein vel litt tjukkare stoff, som gardiner ol. , kan det vere lettare å legge stoffet, vranga mot vranga og sy rundt kantane ( på rettsida) uten å vrenge. Les gjennom heile blogginnlegget før du bestemmer deg for stoff og søm.
Pyntesøm , falsk overlock og vrangsydd.
Materialliste:
*STOFFREMSER 27 cm breie, i fleire forskjellege stoff, med fargar i raudt, kvitt og blått , friske sommerfarger til hagen eller søte stoff til babyrommet ect.
Evt. STOFFRESTER Liten vimpel min. 30 cm x 30 cm. Stor vimpel 2 stk. min. 27cm x 32 cm.
* SKRÅBAND 1,5 m – 6 m lang eller så lang du vil ha snora til vimplar. Evt. eit band som kan brettast eller lage ditt eige kanteband.
*PAPIR, KARTONG , LIMSTIFT og PAPIRSAKS om ein vil lage mal.
*QUILTE LINJAL; vanleg, avlang firkanta med 90 ° og 60 ° vinkel strek. (evt. «Hex N More»- linjalen, «Spider Web» – linjalen eller andre trekanta linjaler).
*SKJEREKNIV , SAKS og evt. TAGGESAKS
* VLISOFIX om ein ønskjer å stryke saman framstykke og bakstykke på vimpelen . Då kan ein ikkje vrangsy vimplane.
*SYMASKIN med sytilbehør. Evt. OVERLOCK SYMASKIN.
Brei vimpel med 60 graders vinkel.
Når ein teiknar eller skjer vimpel etter 60 grader streken på linjalen, vil ein få ein likesida trekant. Vimpelen virker då litt brei og kort. Men eg synes det fungerer bra når alle vimplane er sydd saman på eit band og hengt i ei lang rekke. Vrangsyr ein vimplane blir det veldig bra!
Vimplar vrangsydd.
Vimplar kanta med overlock symaskin.
Skjer stoffremser, 27 cm breie.
( Om ein ønskjer større eller mindre vimplar, skjer ein breiare eller smalare stoffremser).
Legg gjerne to stoffremser opp på kvarandre og skjer dobbelt. Skal du vrangsy, må du legge stoffremsene med retta mot retta. Skal du sy med overlock eller pyntesøm rundt kantane, legg du stoffremsene med vranga mot vranga.
Ta utganskpunkt i eine enden av stoffremsa. Skjer enden vinkelrett 90 grader i forhold til kantane oppe og nede på remsa. Om ein ikkje vil skjere, teiknar ein berre ein strek langs linjalen.
Finn 60 grader- streken på linjalen. Der er gjerne to 60 grader- strekar på linjalen, bruker den streken som passer den veg ein skal skjere/ måle. Snu linjalen alt etter kva veg ein skal skjere.
Legg 60 grader streken parallelt med den eine langsida på stoffremsa. Og la linjalen gå ut mot eine hjornet på stoffet, for å utnytte stoffet.
Då ligg linjalen på skrå (60 grader) over stoffremsa.
Skjer med kniv langs sida på linjalen . Sjå bilde under.
Eller teikn ein strek på stoffet, langs sida på linjalen.
Snu linjalen og gjer det samme, til ein trekant.
Fortsett på same måte bortover stoffremsa, slik at du får fleire trekanter. NB! Trekantane går då kvar sin vei, sjå bilde under.
Klipp med saks langs strekane eller skjer med kniv langs sida på linjalen.
Ein kan bruke»HexNMore» – linjalen eller andre trekanta linjaler.
Om ein vel å bruke «Hex N More»- linjalen, blir vimplane kortare enn dei vimplane eg har sydd og forklart her.
«Mini Hex N More» linjal. Bilde lånt
Smal vimpel
«Spider Web» linjalen er fin å bruke til å skjere ut vimpler.
«Spider Web» linjal Bilde lånt.
Om ein ikkje har denne linjalen, kan ein teikne trekanten sjølv og lage mal som forklart under her.
Mal / Mønster :
Teikn ei 20 cm rett linje, oppe på eit A4 ark.
Finn midten på streken , altså 10 cm. Teikn ein strek frå midten og rett ned, vinkelrett, 90 grader. Streken skal vere 27 cm lang. Teikn ein rett strek som går på skrå frå venstre ende av streken oppe og ned til enden av midtstreken, som er 27 cm lang. Bruk linjal Gjer det samme på høgre side . Sjå bilder under.
Brukt desse måla, for då er det plass til mønster/mal på eit A4 ark. Om ein vil ha ein mindre, smalare vimpel, forminskar ein måla. For større eller lenger vimpel, forlenger ein måla.
Lim arket på kartong og klipp ut .
Eg laga to maler. Kan vere greit å ha, når ein vil sjå om der er nok stoff til framstykke og bakstykke på ein stoffrest.
Skjer stoffremser, 27 cm brei.
Legg malen på stoffremsa. Den kortaste sida på trekanten ( oppe vimpel), leggast til eine langsida på stoffremsa. Teikne rundt malen.
Så snur ein malen og legg malen inntil den teikna trekanten. Teikne trekanter bort over stoffremsa , gjerne med ein merkepen som kan strykast vekk. Legg malen opp og så ned, anna kvar gang bortover. Slik at trekantane heng ihop. Sjå bilde under.
Om ein ikkje vil teikne mal , vil eg vise ein anna måte å lage desse trekantane…
Ta ei stoffremse, 27 cm brei. Ta utgangspunkt i eine enden av stoffremsa. Skjer enden vinkelrett 90 grader i forhold til kantane oppe og nede på remsa. Om ein ikkje vil skjere, teikne berre ein strek langs linjalen.
Legg linjalen langs langsida av stoffremsa. Og sett eit merke for kvart 10 cm bortover. Alstå 10, 20, 30, 40 cm osv.
Gjer dette på begge sider av remsa. Sjå raude prikkar på bilder under.
Så legg ein linjalen på skrå mellom merke, oppe og nede og streker opp. Slik teiknar ein opp trekanter bortover.
Klippeller skjer ut trekantane.
Ein kan gjerne skjere ut trekanter etterkvart med linjal og kniv, i staden for å teikne strekar og klippe etterpå.
Vel ein å lime framstykke og bakstykke ihop med vlisofix og strykehjarn, kan det vere fint å klippe med tagge saks.
Vliesofix. Bilde lånt.
Om ein bruker vliesofix, pass på å stryk godt, så det ikkje blir luftbobler eller rynker.
Kan klippe med taggesaks om ein ikkje bruker vliesofix mellom bakstykket og framstykket. Bruk gjerne klyper som held stoffa saman, om ein klipper fleire lag stoff samtidig.
SØM
Framstykke og bakstykke på vimplane kan syast saman med søm på framsida. Ein kan då leike seg med masse forskjellege pytesøm, som ein har på symaskina. Eller ein kan vransy vimpelen med vanleg rettsøm på vranga.
SY SAMAN FRÅ RETTSIDA: Legg to trekanter saman, vranga mot vranga. Baksida av framstykket ligg mot baksida av bakstykket. Ein skal ikkje sy oppe på vimpelen . Dei to lengste sidene syr ein saman med feks. ;
Overlock
Ei overlock symaskin skjer kanten samtidig som den syr og kaster over kanten.
Falsk overlock søm
Om du ikkje har ei overlock symaskin, kan du sy falsk overlocksøm. Dei fleste symaskiner har slik søm.
Om ein skal sy falsk overlock søm på vanleg symaskin, er mi erfaring at det kan vere greit å ha litt sømrom. Sy ca 1/4 » inn på stoffet og klipp vekk stoffet etterpå – inn til sømmen.
Pyntesøm
Leik deg med dei sømmane du har på di symaskin!
Sy pyntesømmen, litt inn på stoffet. Er kantane klipt med taggesaks treng ein ikkje å klippe vekk sømrommet etter ein har sydd. Pyntesøm kjem litt betre fram og det blir betre hold, om ein syr på stivare stoff, eller har vliesofix eller vliselin mellom framstykket og bakstykket.
Her er det brukt litt tjukt stoff. Sydd med pyntesøm, litt inn på stoffet og så klipt vekk kanten inntil sømmen.
Trippel søm
Dei fleste symaskiner har trippelsøm. Symaskina syr fram, tilbake og fram igjen. Bruk min 3 i stinglengde.
Sy gjerne to trippelsaumer ved sidan av kvarandre, parallelt.
Sikk-sakk-søm
Alle symaskiner har sikk- sakk- søm ! Varier med sting- bredde og sting-lengde – alt etter smak og behag!
VRANGSY
Legg to trekanter retta mot retta.
Ikkje sy ihop oppe!
Sy langs dei lengste sidene. Bruk vanleg rettsøm, stinglengde ca 2,5.
På den smale modellen er det brukt sømrom 1/4″ ved vrangsying.
Ved den store modellen, 60 graders vinkel, er det brukt 1 cm sømrom ved vrangsying.
Klipp vekk stoff ved sømrom ved spissen, då er det lettare å få spissen fin , når ein skal vrenge vimpelen.
Vreng vimpelen gjennom opning oppe.
Bruk ei saks, pinsett eller nokre spisse redskaper til å presse ut spissen nede på vimpelen. Nb! Pass på at ein ikkje stikk hol i stoffet.
Pirk gjerne spissen ut med ei knappenål på framsida.
Stryk godt ut sømmane med strykejarn. Reiskjer vimplane oppe, slik at alle vimplar er like store.
Legg vimplane i den rekkefølgje ein ønskjer.
Sy på band.
Eg bruker skråband, når eg skal sy vimplane saman til ei lang rekke. Den kortaste vippelrekka eg har sydd er ca.1,5 m, mens den lengste snora er nesten 6 m ! Ein lager skråbandet så lang ein vil ha vimpelrekka.
Først bretter ein skråbandet og syr eit stykke før ein sett vimplane inn i skråbandet, ein etter ein. Sy fast med rettsøm, stikning. Stinglengde min. 3.
Legg kanten, oppe på vimplane inn i skråbandet og hald på plass ved hjelp av klyper. Sy vidare. Avstanden mellom vimplane er alt etter smak og behag . Nokon syr vimplane tett i tett, mens andre har gjerne 10 cm mellom vimplane! Eg bruker ca 2 cm mellom vimplane.
I begge endar, sy ei løkke til å henge opp med.
Brukt skråband med blonder.
Eller ein kan lage sine eigne skråband
Ein kan og bruke vanlege breie band som ein brettar i to eller lage band av stoff. Treng ikkje vere skråband ( skråklipt stoff) når det skal vere ei rett snor.