Toalett vesker av bordbrikker. Sy beskrivelse /Tutorial

Kva gjer ein når ein vinn  10 bordbrikkene på  ein basar?

Jo, då bruker ein fantasien og syr toalett vesker!

Kjøpte svart m/ lilla stoff på

butikken » Trapp ned i Førde».

Aplikasjon av hjerter.

Teikn hjerte på flisofix.

Stryk flisofix på det mørke stoffet.

Klipp ut hjerte.

Riv av  papiret på flisofixen

og stryk hjertet på bordbrikka.

Sydde fast hjerte med symaskin.

 Brukte «tungesting».

Sy på eit mindre hjerte, på same måte.

,

To hjerte applikert på toalettveska.

Glidelås:

Sy på glidelås.

Bruk glidelåsfoten på symaskina.

Har du ikkje slik fot, bruk den vanlige syfoten.

Sy ein  stikkning langs glidelåset.

Glidelåset er sydd fast i kort endane av bordbrikka.

Bordbrikka har  vorte til  ein sylinder.

Legg arbeidet flatt.

La glidelåset ligge minst  2 cm ifrå øverste bretten

Vreng  toalettveska.

Sy att og fram over endane på glidelåset.

Klipp vekk evt. ekstra ender av glidelåset.

Pass på! – at glidaren til glidelåaset er godt innanfor  sidene!

– Glidelåset må vere litt åpe for å få  forsida vrent ut igjen.

Sy vidare!

Sy saum på  begge sider av toalettveska.

Brett ut  dei to hjørna nede,

som to «øyrer».

Lag ein strek på tvers av saumen .

Ca 3 cm ifrå bretten ved botnen.

Sy ein saum, over der du har merka.

Begge hjørne er sydd.

Vreng toalettveska.

Toalettveska på innsida.

Eg  lar berre øyrene ligge slik inne i toalettveska.

Ein kan evt feste «øyrene »   med å sy  dei fast for hand ned i botnen.

Hjørne og sidesaum på utsida.

Ti ferdige toalettvesker – til  gåver og  utlodding på neste basar .

Publisert første gang på syoddny.blogspot.com 13.09.17

Toalettveske i «Ole Brum» stoff

Ei Ole Brum toalettveske stod på ønskelista til ein godt voksen mann !

Stoffrester med motiv av Ole Brum og Nasse Nøff vart leita fram.

Eg har brukt litt andre mål men

Sy- beskrivelse,- Tutorial finn du ved å trykke  HER

«Her kommer Ole Brumm,

en liten bjørn i Skogen

tra-la-la la-la bom!

jeg heter Ole Brumm.

Dette er en liten bjørnevise,

og mon tro jeg snart får litt å spise?

Her kommer Ole Brumm,

en liten bjørn i Skogen

tra-la-la la-la bom!

jeg heter Ole Brumm.»

(Torbjørn Egner)

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.28.08.17.

Grå toalettveske

Toalettveske sydd av «hyllevarmere»- restestoff som låg i hylla mi.

Bomullsstoffet med trykk er kjøpt på butikken Primula Design, Nordfjordeid.

Toalettveska er 35 cm brei og 30 cm høg.

Ytterstoffet er eit tjukt møbelstoff,så då  let eg vere  å vattere ytterstoffet med bordvatt.

Bordvatt vart brukt istandenfor støttestoff under foret.

Elles så brukte eg denne mønstra:

https://www.syoddny.no/2019/06/monster-pa-klassisk-toalettveske/

Inside lomme med glidelås

Inside med fleire lommer.

Publisert førstegang på syoddny.blogspot.com 11. des. 2016

Mønster på klassisk toalettveske

No skal eg vise  steg for steg korleis eg  syr  enkel og klassisk toalettveske,
 der ein slepp å sy foret fast med  hand. Toalettveska har  lommer på innsida.
Mønster og syforklaring har eg laga sjølv.
Det er lov å dele mønstra med andre, til syinspirasjon!
Eg synest  det er godt å ha  innerlomme i toalettvesker og i vesker.
Om det tek ekstra tid å sy lommer på foret, synest eg det er verdt bryet.
Veska er  då meir anvendelig i bruk.
Veska  bør ha  ei lomme med gildelås,
 der ein kan gøyme små ting  som smykker og tabletter.
MATERIALLISTE:
Hovudstoff:
til utside:
1 stk. ca. 37 cm x 27 cm (reinskjerast til 35 cm x 25 cm).
1 stk. 35 cm x 25 cm.
Bordvatt:
1 stk. ca. 37 cm x 27cm (reinskjerast til 35 cm x 25cm).
1 stk. 35 cm x 25 cm.
1 stk . 35 cm x 11 cm.
For:
2 stk. . 35 cm x 25 cm .
Støttestoff til for:
2 stk. 35 cm x 25 cm.
Lommer: 
A: 2 stk.: 25 cm høg  x 10 cm brei (Kan gjerne vere samme stoff som foret).
B: 2 stk.: 22 cm brei  x 5 cm høg.
C: 2stk.:22 cm brei x 16 cm høg.
Glidelås:
1 glidelås minst 22 cm langt D
og 1 glidelås  minst 33 cm langt.
Stoffremse til glidelås:    
ca.  10 cm. x 5 cm.
Stoffrester:                     
Til applikasjon
Flisofix:                          
Til Applikasjon
Symaskin med sytilbehør
1 cm sømrom om ikkje noko anna er nemt.
  Det er opp til kvar enkelt korleis toalettveska skal sjå ut.
 Her er det berre å bruke fantasien!
Eg viser to måter å lage yttersida på, der eg skil  mellom eit framstykke og eit  bakstykke.
Eit stykke med quilting og applikasjon og eit vanlig stykke uten dekor og søm.
Men begge sidene på toalettveska kan syast likt.
FRAMSTYKKE:
 Skjer eit stykke bordvatt og eit stykke stoff (framsida), begge  27 cm x 37 cm .
Framstykket skal quiltast og då er det lurt å  skjere/ klippe litt ekstra  mål
Stoffet og vatten vil krympe og dra seg litt ved vattering/ «quilting».
Legg bordvatten under stoffet.
Vater eller «quilt «med å sy gjennom stoffet og vatten.
Eg brukte  trippelsøm og dekorsøm som eg sydde på skrå av stoffet.
 Frihandsquilting med  Stich Regulator syfot ( Bernina) .
Ein kan også bruke  stoppefoten til frihandsquilting.
NB! Hugs å koble ifrå undertransportøren på symaskina når ein frihandsquilter!
Eit ferdig «quilta» eller vattert stoffstykke!
 Applikasjon av hjerte:
Teikn hjerter på flisofix.
Lim flisofix på stoffet.
Klipp ut hjerte.
Riv av støttepapiret på flisofixen
 og plasser hjerta på stoffstykket der du vil ha dei.
Stryk fast hjerta med strykejern.
Sy  fast hjerta med symaskin.

Eg har her brukt søm nr: 720 (Bernina symaskin 710).

Les meir om applikasjon av hjerte HER
Skjer/klipp det  ferdige vattert/ «quilta»,
  stoffstykket til  35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
BAKSTYKKE:
Klipp eller skjer bakstykke og eit stykke bordvatt med samme mål som framstykke (sjå bilde over).
35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg hovudstoffet opp på vatten, kant i kant.
Sy ein søm,  heilt ut i kanten  rundt sidene så stoffa heng fast i kvarandre.
Stoffa glir då ikkje  ifrå kvarandre og frynser og rakner.
No har du eit bakstykke og eit framstykke som er like store.
FOR / INNSIDE:
Klipp / skjer fòr (blå) og støttestoff (kvit):
2 stk.: 35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg foret  opp på støttestoffet, kant i kant.
Vranga på foret mot støttestoffet.
Sy ein søm rundt sidene, heilt ut i kanten,
slik at stoffa heng fast i kvarandre og ikkje glir.
Støttestoff  er for å gjere foret sterkare.
Viss ein ikkje skal ha lommer i veska  treng ein ikkje støttestoff.
Hoppe då  over avsnittet om korleis ein syr lommene
 og fram til korleis ein syr glidelås og syr samman toalettveska.
Lomme:

Klipp eller skjer stoff 35 cm x 24 cm og bordvatt 35 cm x 11 cm.
Brett stoffet i to. Stryk så det blir ei linje midt på stoffet.
Legg vatten inn til midden og brett stoffet rundt vatten.
Sy ein stikkning ved bretten slik at vatten blir festa i stoffet.
På den andre sida, ved sårkanten (klippekanten) er  stoffet  ca. 1 cm større enn vatten, dette for sømrom.
Legg lommedelen  på  eine fòrstykke,
retta mot retta.
Sårkanten skal ligge oppover ca. 8 cm parallelt frå nedre kant av foret.
Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.
Brett lomma oppover og styrk.
Sy ein stikkning  (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Del inn lomma til midre lommer,alt etter smak og behag.
Tenk litt på kva du vil ha i lommene; mobil, maskara, penner ol.
Bruk ein linjal og ein tusj (som kan strykast vekk) eller kritt
 til å merke  der ein  skal  sy.
Sy stikninger over merkelinjene.
 Fest sidene av lomma til foret med ein hjelpesøm.
Slik ser lomma ut i ferdig veske:
Lomme med glidelås:
A: 2  stk.: 25 cm høg  x 10 cm brei ( Kan gjerne vere samme stoff  som foret). B: 2 stk.:22 cm brei  x 5 cm høg.
C: 2 stk.: 22 cm brei x 16 cm høg.
D: Glidelås minst 22 cm ( helst litt lenger).
Legg eit stoffstykke B langs glidelåset D, retta mot retta .
Sy ein smal søm  (lite sømrom)
Eg bruker  glidelåsfot når eg syr fast glidelås.
Det er ein fordel at glidelåset er lenger enn 22 cm,
 då er det lenger enn arbeidet og glidaren kjem ikkje i vegen når ein skal sy.
Ta 2. stoffstykke B og legg retta mot vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med 1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm.  Somrøm  tilpassa etter glidelåset.
Når du snur arbeidet, er der to sømmer.
Brett stoffstykka mot kvarandre, vranga mot vranga.
Stryk stoffstykka godt oppover slik at glidelåsen viser.
Ta eit stoffstykke C og gjer det samme som ovanfor, men på den andre sida av glidelåset:
Legg stoffstykke retta mot retta på glidelåset.
Pass på at stoffstykke B og C er kant i kant.
Sy ein smal søm.
Ta  det 2. stoffstykke C og legg med retta på vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med  1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm , Sømrom  tilpassa etter glidelåset.
Brett stoffstykka mot kvarandre vranga mot vranga
Stryk stoffstykka godt nedover slik at glidelåset vise.
Sy stinkninger og gjerne pynte-søm langs glidelåset.
Dra glidelåsglidaren  innom sidene på stoffet
 og klipp av   glidelåset på begge sider viss det er for langt.
Reinskjer lomma 22 cm brei x 20 cm høg.
Legg lomma opp ned på  ned på det andre stykke med for.
Retta mot retta.
Sårkanten nede på lomma  skal vere ca. 7 cm parallelt frå nedre kant av foret.

Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.

Brett lomma oppover og stryk sømmen.
Sy ein stikkning  (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Fest lomma oppe ved ein søm ved kanten.
Ta  dei to stoffstykka A og  legg dei på kvar si  side av lomma,
retta mot retta.
Sy ein søm.
Brett stoffstykka over til sida og stryk.
Sy ein stikkning.
Snu arbeidet over på baksida og reinskjer eller klipp rundt støttestoffet med for.
Sy ein søm heilt ut ved kanten.
Då er den andre sida med fòr ferdig!
Slik ser lomma med glidelås ut i ferdig toalettveske .
Då er begge stykka på innsida /foret klar til å sy i hop.
GLIDELÅS:
Skjer/ Klipp ei 5 cm brei  remse, ca 10 cm lang.
Brett den dobbelt og stryk slik at det blir ein strek på midten.
Brett sårkantane inn mot midten, stryk.
Brett så igjen og stryk slik at stoffet er bretta som eit skråband.
Klipp glidelåset 33 cm langt.
Nb! Pass på at glidaren på glidelåset er innanfor der ein klipper.
Legg eine enden av glidelåset inn i det bretta bandet.
Sy fast bandet  på glidelåset, som ein firkant .
Sjå bilde ovenfor.
Klipp av bandet på sida av glidelåset.
Gjer det samme på den andre sida av glidelåset.
Då er glidelåset klar for bruk!
SY SAMMAN TOALETTVESKA:
Legg glidelåset retta mot retta på framstykket.
Midt på glidelåset skal vere midt på framstykket.
Sy ein smal søm.
Gjer det samme med bakstykket.
Dra sidene ifrå kvarandre og stryk ved søm ved glidelås.
Snu arbeidet.
Legg  det eine stykket med fòr, retta mot vranga av glidelåset.
Sy ein søm .
Sømrom tilpassa glidelåset.
Sy så det andre stykke med for fast i glidelåset på samme måte.
Dra stykka med for ifrå kvarndre så baksida av glidelåset vise .
Legg framstykke og bakstykke mot kvarandre, retta mot rette.
Legg begge stykka med for mot kvarandre, retta mot retta.
Dersom ein ønskjer merkelapp i sida på toalettveska,
legg ein den no inn i sømmen.
Putt merkelappen inn i sida mellom framtstykke og bakstykke, ca .4 cm nedan ifrå.
Sy søm rundt alle dei fire sidene.
NB! Hugs å ha åpning på eine sida av foret for  seinare vrening av veska.
NB!  Ved hjørna, der  firkantane  er klipt vekk,  skal det ikkje syast no!
Hjørna skal  først brettast flate.
Sidesøm  og søm i bunnen skal  vere rett mot kvarandre.
Sjå bilde ovenfor og under.
Sy  ein søm ved sårkant,  ved alle fire hjørner.
Når alle hjørnene er sydd, ser arbeidet slik ut på vranga.
Vreng veska  gjennom holet i foret.
Brett til vrengeholet og sy igjen med ein fin stikning med symaskin
 (eller sy i hop for hand).
Brett foret ned i veska og
SIMSALABIM!
Toalettveska er ferdig!!
Publisert første gang på  SyOddny.Blogspot.com 22.sep.2016

Toalettveske Eva & Mette

Toalettvesker med  lappeteknikk.
Nedanfor syner eg  litt korleis eg sydde firkantane ved hjelp av ein teknikken som blir brukt i «Bargello «.
Skar opp 1 remse av  minst 7 forskjellege stoff  2,5 »  (ca. 6.5cm).
Sydde i hop remsene.
Baksida: Strauk alle saumane til same side.
Skar så opp nye remser på tvers av dei ihop sydde remsene 2,5″ (ca.6,5 cm).
Til saman 10 remser.
Sydde  ihop kvar remse så det vart ein sirkel.
Remsene vart lagt  slik som på bilde , så det  passa til mønstra,…
.. ved å sprette opp sirklane/ saumane der det passa.
Forskyvde remsene slik at  firkanter med same mønster  ikkje kom under kvarandre.
Tok vekk overflødige firkanter.
Sydde i hop remsene.
Når ein syr i hop to remser med fleire saumar er det viktig at saumane til dei to remsene ligg  kvar sin veg.
På På første remse strauk eg saumane ein veg t.d. høgre.
For andre remsa strauk eg saumane  motsett veg, t.d vestre.
Og på tredje remsa strauk eg saumane same veg som den første remsa
På denne måten er det då lettare å få  fine/eksakte hjørne-treff.
.
Når ein gjer det slik  «låser» hjørnene seg fint og det blir ikkje klumpar.
Vidare er framgangsmåten forklart her: Mønster på klassisk toalettveske
Ikkje alltid går ting som planlagt!
 
 
Eg fann ut at toalettveske ville bli finare med ein ekstra  kant oppe ved glidelåset!
Så då sprette eg  opp saumen  litt  i sidene…
….og  sydde på ei remse med stoff og så blonder.
Bilder av ferdig toalettveske:
Innsida med  med lommer.
Til slutt vart eg veldig fornøgd med resultatet!
Publisert første gang på Syoddny.blogspot  10.aug 2016.

Penalhus

«Å nei!»  » Mamma glidelåset på penalhuset er øydelagt!!» Det er kvelden før nytt skuleår og mi datter held på å pakke nytt penalhus som var kjøpt i sommerferien. Eg kan enda kjenne magefølelsen av spenning til å starte eit nytt skuleår.  Og no var det krise i heimen for penalhus må ein jo ha! Eg tenkte at her må  jo vere eit  penalhus ein kan bruke men så kom eg på at  det var jo ekstra kjekt å byrje skuleåret viss eg hadde fått noko nytt som penalhus, matboks , sekk og nye kle.

Her var det berre å brette opp armane og invitere mi datter inn på syrommet. Vi treng eit penalhus av god kvalitet! Altså vi må  eit heimelaga penalhus!

Desse to hjerta var utgangspunktet for penalhuset. Ein pakke med dekorhjerte har eg fått ved eit kjøp ved Primula Design for lenge sidan. Hjerta har vorte beundra og leika med ved fleire stunder. Men no var tida inne for at to av hjerta skulle brukast for å få til eit vellykka prosjekt.
Eg foreslo å bruke dongri sidan dette er eit slitesterkt stoff. Ei dongribukse vart klippa opp og så var det å leite i skuffene for å sjå om ein fann bomullstoff som passa til. Bomullstoffa vi brukte er kjøpt på Primula Design, Nordfjordeid.
 
PENALHUS:

Skjer to firkanter 25cm x 29 cm; Ein firkant  i ytterstoff, her dongri og ein firkant i for, her eit bomullstoff. Ein kan evt. legge inn i bordvatt for å gjere penalhuset stivare og stødigare.
Måla  aukast dersom ein ønskjer eit større penalhus eller vil ha ei toalettveske ol.

Legg vranga mot vranga og sy sikksakk rundt kantane.  Quilt gjerne stoffa sammen. og evt dekorermed stoppefoten. (Sjå andre penalhus lenger nede). Her har eg berre sydd ein saum mitt på stoffstykket .
Sy kanteband på langsidene:
Retta, utsida av penalhuset.
Vranga, det som blir inne i penalhuset.
Eg sydde på kantebandet ved hjelp av kantebandsapparatet  Bernina #88, 38mm.  Dette apparatet bretter og syr på kanteband i ein og samme opperasjon, i ein søm. Går veldig fort og greit når apparatet  først er innstilt til di Bernina symaskin. Det er berre ein skru å feste. Ein kan sjølvsagt sy på kanteband slik som ein syr på eit skråband.
Sy på glidelås på langsidene. Eg legg glidelåset under kanten frå retta og syr ein stikkning.
Legg glidelåset rett over midt på stoffstykket. Her har eg lagt det midt på stikningen eg laga når eg sydde ihop stoffstykka ved start.
Dersom ein ønskjer hemper, band eller andre  dekor på endane på penalhuset er det tid for å lage det til no!
Eg klipte av opplegget på dongribuksa og laga slike hemper:
Fest hempene på retta , midt på ved glidelåset. Sy att og fram slik at hempenen og ende av glidelås vert sikkelig festa.
Vreng penalhuset slik at vranga er ut. Sy ein hjelpesaum ved endane.
Klipp remser på ca 5 cm  og  skjul sårkantane med desse remsene. Kan også bruke skråband.  Her bruker eg ikkje kantebandsapparatet for eg synest det blir for tjukt. Men syr på bandet ved to saumer. Legg bandet kant i kant  ved enden av penalhus . Sy ein søm.
Bretter inn bandet, legg bandet over på den andre sidan og syr ein søm/stikning. Ein treng
nødvendigvis ikkje  sette på kanteband, men sy tette sikksakk sting.  Men eg synest det blir finare med kanteband.

Det er fleire måter å lage til hjørna på penalhuset. F.eks kan ein brette til hjørna slik som på bilde. Enten på vranga eller på rettsida  Feste for hand der knappenålene er .

Men eg velger heller å klippe og sy til hjørna:
Klipp ut hakk i hjørna 4cm (langs glidelås ) x 3 cm
.
Brett ut og legg sårkantane mot kvarandre og sy ein hjelpesøm.
Sett på kanteband.
Sy att og fram på skrå der banda stikker ut. Klipp inntil sømmen.
Vreng heile penalhuset og Volla Penalhuset er ferdig!
Sy gjerne på knapper el anna fint dekor! 🙂
Lykke til med nytt skuleår! 
Bilde av andre penalhus eg har sydd:
Publisert første gang SyOddny.blogspot.com 17.aug. 2015.