Topp med knapper som designelement

I april og mai var eg med  på Syalong på Facebook gruppa : «Voksne sygale «.
Tema  var  «Selvvalgt dameplagg der knapper er et designelement».
Først hadde eg store planer med å sy eit skjørt og ein kvit bluse. Då  vi hadde konfirmasjon og så kom 17.mai, gløymte eg heile syalongen!
Då det var  ca. ei veke igjen byrja eg å tenke på kva eg skulle sy og byrja å  leite i stoff haugen min.
Etter ei stund, kom eg til at eg ikkje hadde noko stoff som egna seg til prosjektet mitt. Det vart for lita tid til å bestille noko nytt stoff på nettet.
Eg hadde liggande ein  utslitt  topp, som eg ville bruke til modell for ein ny.
Bestemte meg for å bruke strech jersey stoff, som eg hadde kjøpt på Stoffbutikken.no ; Digitalprint Flowerskull og einsfarga svart jersey .
Stoffet var ikkje så lett og tynt, som  det original stoffet i toppen. At  stoffet kanskje  ikkje ville rynke og  legge seg så fint, kunne kanskje bli eit problem?
Konkluderte med at  eg måtte utfordre meg sjølv i bruk av både kvalitet og mønster på stoffet.
Det var med skrekk blanda fryd, då eg klipte inn i  stoffet med mønster av  hovudskaller!
Eg var veldig spendt på om dette ville bli eit plagg eg kunne bruke!
Aller først måtte eg klippe opp alle saumane  i den gamle blusen.
Brukte alle delane som mønster til ein ny topp.
Eg byrja med å sy alt det svarte på toppen.
Først skar eg ei lang remse  som skulle bli stolpe midt framme på toppen.
Og ei smalare  remse som skulle brukast som halslinning.
På remsene sydde eg legg ( sjå bilde) og  klipte til stolpen og halslinning etter mønster.
Når alle dei svarte delane var sydd i hop; stolpe midt framme, halslinning og svart bakstykke, sydde eg resten av toppen.
Ein god del av blusen skulle rynkast. Sjølv om eg brukte rynkefot på overlock symaskina var stoffet litt for tjukt til å få til sikkelige rynker, så eg måtte hjelpe til med fingrane.
Til slutt vart legga bretta opp  og   eg sydde over ein med søm slik at legga skulle ligge  fast og bakover.
 (Sjå bilde med knappenåler).
  Sydde på knapper mellom legga.
Ferdig topp! 🙂
Selfie!!
Synest toppen vart veldig fin bak…
Føler meg nesten som ein sommerfugl! 🙂
Publisert første gang 1.juni. 2016 på SyOddny.blogspot.com