Tovende tøfler i viking eco ull.

Tovende tøfler i Viking Eco Ull 100% økologisk ull . Viking garn.
Mønster, strikkepinner og tråd kjøpt på  Husfliden i Florø.
Når eg ute og reiser må eg alltid  ha med meg  eit strikk.  Eg har lett for å bli rastlaus og utrolig i kroppen viss eg skal berre sitte rett opp og ned i ein buss eller ein bil. Då er det godt å ha eit strikk mellom henda  og la tankane flyte ilag med tråden og maskane.
Når vi er på båten tar eg heilt fri frå symaskinene, men eg har alltid med meg eit eller fleire handabeid. På båten er det god tid til slikt  .  Kjekt og sosialt er det og   å treffe  damer som liker handarbeid  og båtliv!
I fjor sommer hadde vi  ein   flott båttur ved kysten av Sogn og Fjordane. Som vanlig var vi innom  Florø og  eg besøkte  Husfliden. Eg har alltid hatt lyst til å strikke meg nokre tøffler som eg kunne tove. På husfliden kom eg over ein   strikkepakke  med garn, pinnar og mønster  på tova tøfler frå Viking Garn som eg kjøpte.
Strikke pakken vart liggande  heilt fram til eg no skulle reise til Oslo med buss .  Eit passelig handarbeidprosjekt for turen. Når eg kom heim var to tøfler ferdig strikka og klare for å syast samman og tovast.
Nokon meinte at eg hadde fått kanin føtter.  Mjuke og varme er dei iallefall.
Tøflane måtte heile 3 ganger i vaskemaskina før eg synest dei var passelig tova og passa min fot.  Med ein varm sommerdag, var det ingen problem  å ta tøflane på mens dei var våte. Då fekk eg  gå til tøflane og  forma  dei til føttene..
No har eg nokre mjuke og svale  tøfler til lange sommer kveldar og etterkvart varme og lune tøfler til mørke haustkveldar. Eg tek dei med på  neste båttur!
Første gang publisert på syoddny.blogspot. com 02.juli 2015.