Butterfly – Skulderveske med Kari Renolen

Kurs med Kari Renolen ( My Quilt):.
På Vestlandstreffet 2015 arrangert av Nordfjord Lappe og Quilte klubb  gjekk eg  på kurs med Kari Renolen . Kari Renolen er og redaktør for  bladet My Quilt .
På kurset laga vi «Butterfly»Skulderveske med stilige detaljer.
Først samla vi ihop servietter.
For ein gammel serviettsamler var det veldig kjekt å bytte servietter med dei andre kursdeltakarane.
Det  var ikkje nokk med ein serviett !
-så då drog eg gladelig ein tur i sentrum for å kjøpe fleire servietter 🙂
                                               Foto: NLQ
Veska har  eit stort lokk der vi med hjelp av decoupage limte servietter på lokket.
                                              Foto: NLQ
Er veldig fornøgd med valg av stoff iforhold til serviettane!
Foret klart til å syast samman og festast i veska.
Ferdig veske!
 Veska mi er allerede godt brukt!
Neste gang trur eg ikkje eg vil ha reim for lukking  over lokket,
pga. at eg føler det slit veldig på serviettane  ved å smette lokket under reima.
Eg vil heller ha lukking på ein anna måte, feks. slik som på bilda under her:
 Veska til Vigdis E Høve Ørskog
Kari Renolen si veske.
Les meir om Vestlandstreffet og Kurset HER og HER
Publisert på SyOddny.blogspot.com  4.mars 2016.

Dongeriveske kurs med Liv Ingunn Holvik .

Du kor stilig det var med sommerfugl på baken! Dongribuksa med paljetter , stifter og  broderi, hadde eg ikkje hjerte til å kaste. Eg gjøymte buksa som ein skatt på mitt sy rom! Eg har sydd fleire dongri vesker og synest det er kjempe  gøy å lage noko nytt av avlagte dongribukser og blande dongri med anna stoff.  Men denne buksa hadde eg ikkje tørt å klippe i! Den måtte eg gjøyme til noko heilt spesielt!

Frå Nordfjord Lappe og Quilte klubb kom det invitasjon til Dongrivekse kurs med Liv Ingunn Holvik  frå Sandane og eg viste at dette måtte vere kurset for meg og buksa!

Her ser du korleis veska vart på den eine sida. Denne sida skal vere inn mot kroppen når eg ber veska over skuldra.
Og veska på den andre sida som ein gang var den flotte rompa på buksa!
Innsida av veska. Lomme med glidelås og fleire lommer for mobiltelefon, penner ol.
Stoffet frå mamma sitt loft fann sin plass som for i veska.

Eg laga ei lang snor med karabinkrok som eg kan hekte nøklane mine i.
Eit must for meg som aldri finn nøklane mine i veska!
Ei stilig veske med raude hankar  og raudt grovt glidelås kjøpt på  Primula Design.
Les meir om Dongriveske kurset HER
Dette kurset var og på Vestlandstreffet 16.-18. oktober 2015 , Nordfjordeid
Redigert, Første gang publisert; 14.juni 2015