Applikasjon av hjerte på kjoler

To blå kjoler

Kjoler sydd i blå jersey viscose  frå Stoff&Stil
og blå  mønstra strech jersey frå Sybutikken  på Lillehammer
Damekjole
Damekjolen er sydd av mønster frå Onion 2035.
Barnekjole
Lomme på barnekjolen:
Vrangsydde to firkanter.
(Nb! Hugs å sette av åpning  for vrenging.)
Stryk lomma  og sy den fast lomma på kjolen.
På symaskina fann eg ein fin dekorsøm som eg brukte på lomma.
Applikert  hjerte: 
 
Eg teikna eit hjerte på frihand.
Teikna hjertet over på flisofix.
Strauk flisofix over på stoffet.
Klipte ut hjertet og strauk det på kjolen.
La eit støtte-stoff på baksida av kjolestoffet der hjertet var .
Sydde fast hjertet med tette sikk-sakk sting.
Publisert første gang på Syoddny. blogspot.com 12. sep.2016

Mønster på klassisk toalettveske

No skal eg vise  steg for steg korleis eg  syr  enkel og klassisk toalettveske,
 der ein slepp å sy foret fast med  hand. Toalettveska har  lommer på innsida.
Mønster og syforklaring har eg laga sjølv.
Det er lov å dele mønstra med andre, til syinspirasjon!
Eg synest  det er godt å ha  innerlomme i toalettvesker og i vesker.
Om det tek ekstra tid å sy lommer på foret, synest eg det er verdt bryet.
Veska er  då meir anvendelig i bruk.
Veska  bør ha  ei lomme med gildelås,
 der ein kan gøyme små ting  som smykker og tabletter.
MATERIALLISTE:
Hovudstoff:
til utside:
1 stk. ca. 37 cm x 27 cm (reinskjerast til 35 cm x 25 cm).
1 stk. 35 cm x 25 cm.
Bordvatt:
1 stk. ca. 37 cm x 27cm (reinskjerast til 35 cm x 25cm).
1 stk. 35 cm x 25 cm.
1 stk . 35 cm x 11 cm.
For:
2 stk. . 35 cm x 25 cm .
Støttestoff til for:
2 stk. 35 cm x 25 cm.
Lommer: 
A: 2 stk.: 25 cm høg  x 10 cm brei (Kan gjerne vere samme stoff som foret).
B: 2 stk.: 22 cm brei  x 5 cm høg.
C: 2stk.:22 cm brei x 16 cm høg.
Glidelås:
1 glidelås minst 22 cm langt D
og 1 glidelås  minst 33 cm langt.
Stoffremse til glidelås:    
ca.  10 cm. x 5 cm.
Stoffrester:                     
Til applikasjon
Flisofix:                          
Til Applikasjon
Symaskin med sytilbehør
1 cm sømrom om ikkje noko anna er nemt.
  Det er opp til kvar enkelt korleis toalettveska skal sjå ut.
 Her er det berre å bruke fantasien!
Eg viser to måter å lage yttersida på, der eg skil  mellom eit framstykke og eit  bakstykke.
Eit stykke med quilting og applikasjon og eit vanlig stykke uten dekor og søm.
Men begge sidene på toalettveska kan syast likt.
FRAMSTYKKE:
 Skjer eit stykke bordvatt og eit stykke stoff (framsida), begge  27 cm x 37 cm .
Framstykket skal quiltast og då er det lurt å  skjere/ klippe litt ekstra  mål
Stoffet og vatten vil krympe og dra seg litt ved vattering/ «quilting».
Legg bordvatten under stoffet.
Vater eller «quilt «med å sy gjennom stoffet og vatten.
Eg brukte  trippelsøm og dekorsøm som eg sydde på skrå av stoffet.
 Frihandsquilting med  Stich Regulator syfot ( Bernina) .
Ein kan også bruke  stoppefoten til frihandsquilting.
NB! Hugs å koble ifrå undertransportøren på symaskina når ein frihandsquilter!
Eit ferdig «quilta» eller vattert stoffstykke!
 Applikasjon av hjerte:
Teikn hjerter på flisofix.
Lim flisofix på stoffet.
Klipp ut hjerte.
Riv av støttepapiret på flisofixen
 og plasser hjerta på stoffstykket der du vil ha dei.
Stryk fast hjerta med strykejern.
Sy  fast hjerta med symaskin.

Eg har her brukt søm nr: 720 (Bernina symaskin 710).

Les meir om applikasjon av hjerte HER
Skjer/klipp det  ferdige vattert/ «quilta»,
  stoffstykket til  35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
BAKSTYKKE:
Klipp eller skjer bakstykke og eit stykke bordvatt med samme mål som framstykke (sjå bilde over).
35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg hovudstoffet opp på vatten, kant i kant.
Sy ein søm,  heilt ut i kanten  rundt sidene så stoffa heng fast i kvarandre.
Stoffa glir då ikkje  ifrå kvarandre og frynser og rakner.
No har du eit bakstykke og eit framstykke som er like store.
FOR / INNSIDE:
Klipp / skjer fòr (blå) og støttestoff (kvit):
2 stk.: 35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg foret  opp på støttestoffet, kant i kant.
Vranga på foret mot støttestoffet.
Sy ein søm rundt sidene, heilt ut i kanten,
slik at stoffa heng fast i kvarandre og ikkje glir.
Støttestoff  er for å gjere foret sterkare.
Viss ein ikkje skal ha lommer i veska  treng ein ikkje støttestoff.
Hoppe då  over avsnittet om korleis ein syr lommene
 og fram til korleis ein syr glidelås og syr samman toalettveska.
Lomme:

Klipp eller skjer stoff 35 cm x 24 cm og bordvatt 35 cm x 11 cm.
Brett stoffet i to. Stryk så det blir ei linje midt på stoffet.
Legg vatten inn til midden og brett stoffet rundt vatten.
Sy ein stikkning ved bretten slik at vatten blir festa i stoffet.
På den andre sida, ved sårkanten (klippekanten) er  stoffet  ca. 1 cm større enn vatten, dette for sømrom.
Legg lommedelen  på  eine fòrstykke,
retta mot retta.
Sårkanten skal ligge oppover ca. 8 cm parallelt frå nedre kant av foret.
Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.
Brett lomma oppover og styrk.
Sy ein stikkning  (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Del inn lomma til midre lommer,alt etter smak og behag.
Tenk litt på kva du vil ha i lommene; mobil, maskara, penner ol.
Bruk ein linjal og ein tusj (som kan strykast vekk) eller kritt
 til å merke  der ein  skal  sy.
Sy stikninger over merkelinjene.
 Fest sidene av lomma til foret med ein hjelpesøm.
Slik ser lomma ut i ferdig veske:
Lomme med glidelås:
A: 2  stk.: 25 cm høg  x 10 cm brei ( Kan gjerne vere samme stoff  som foret). B: 2 stk.:22 cm brei  x 5 cm høg.
C: 2 stk.: 22 cm brei x 16 cm høg.
D: Glidelås minst 22 cm ( helst litt lenger).
Legg eit stoffstykke B langs glidelåset D, retta mot retta .
Sy ein smal søm  (lite sømrom)
Eg bruker  glidelåsfot når eg syr fast glidelås.
Det er ein fordel at glidelåset er lenger enn 22 cm,
 då er det lenger enn arbeidet og glidaren kjem ikkje i vegen når ein skal sy.
Ta 2. stoffstykke B og legg retta mot vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med 1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm.  Somrøm  tilpassa etter glidelåset.
Når du snur arbeidet, er der to sømmer.
Brett stoffstykka mot kvarandre, vranga mot vranga.
Stryk stoffstykka godt oppover slik at glidelåsen viser.
Ta eit stoffstykke C og gjer det samme som ovanfor, men på den andre sida av glidelåset:
Legg stoffstykke retta mot retta på glidelåset.
Pass på at stoffstykke B og C er kant i kant.
Sy ein smal søm.
Ta  det 2. stoffstykke C og legg med retta på vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med  1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm , Sømrom  tilpassa etter glidelåset.
Brett stoffstykka mot kvarandre vranga mot vranga
Stryk stoffstykka godt nedover slik at glidelåset vise.
Sy stinkninger og gjerne pynte-søm langs glidelåset.
Dra glidelåsglidaren  innom sidene på stoffet
 og klipp av   glidelåset på begge sider viss det er for langt.
Reinskjer lomma 22 cm brei x 20 cm høg.
Legg lomma opp ned på  ned på det andre stykke med for.
Retta mot retta.
Sårkanten nede på lomma  skal vere ca. 7 cm parallelt frå nedre kant av foret.

Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.

Brett lomma oppover og stryk sømmen.
Sy ein stikkning  (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Fest lomma oppe ved ein søm ved kanten.
Ta  dei to stoffstykka A og  legg dei på kvar si  side av lomma,
retta mot retta.
Sy ein søm.
Brett stoffstykka over til sida og stryk.
Sy ein stikkning.
Snu arbeidet over på baksida og reinskjer eller klipp rundt støttestoffet med for.
Sy ein søm heilt ut ved kanten.
Då er den andre sida med fòr ferdig!
Slik ser lomma med glidelås ut i ferdig toalettveske .
Då er begge stykka på innsida /foret klar til å sy i hop.
GLIDELÅS:
Skjer/ Klipp ei 5 cm brei  remse, ca 10 cm lang.
Brett den dobbelt og stryk slik at det blir ein strek på midten.
Brett sårkantane inn mot midten, stryk.
Brett så igjen og stryk slik at stoffet er bretta som eit skråband.
Klipp glidelåset 33 cm langt.
Nb! Pass på at glidaren på glidelåset er innanfor der ein klipper.
Legg eine enden av glidelåset inn i det bretta bandet.
Sy fast bandet  på glidelåset, som ein firkant .
Sjå bilde ovenfor.
Klipp av bandet på sida av glidelåset.
Gjer det samme på den andre sida av glidelåset.
Då er glidelåset klar for bruk!
SY SAMMAN TOALETTVESKA:
Legg glidelåset retta mot retta på framstykket.
Midt på glidelåset skal vere midt på framstykket.
Sy ein smal søm.
Gjer det samme med bakstykket.
Dra sidene ifrå kvarandre og stryk ved søm ved glidelås.
Snu arbeidet.
Legg  det eine stykket med fòr, retta mot vranga av glidelåset.
Sy ein søm .
Sømrom tilpassa glidelåset.
Sy så det andre stykke med for fast i glidelåset på samme måte.
Dra stykka med for ifrå kvarndre så baksida av glidelåset vise .
Legg framstykke og bakstykke mot kvarandre, retta mot rette.
Legg begge stykka med for mot kvarandre, retta mot retta.
Dersom ein ønskjer merkelapp i sida på toalettveska,
legg ein den no inn i sømmen.
Putt merkelappen inn i sida mellom framtstykke og bakstykke, ca .4 cm nedan ifrå.
Sy søm rundt alle dei fire sidene.
NB! Hugs å ha åpning på eine sida av foret for  seinare vrening av veska.
NB!  Ved hjørna, der  firkantane  er klipt vekk,  skal det ikkje syast no!
Hjørna skal  først brettast flate.
Sidesøm  og søm i bunnen skal  vere rett mot kvarandre.
Sjå bilde ovenfor og under.
Sy  ein søm ved sårkant,  ved alle fire hjørner.
Når alle hjørnene er sydd, ser arbeidet slik ut på vranga.
Vreng veska  gjennom holet i foret.
Brett til vrengeholet og sy igjen med ein fin stikning med symaskin
 (eller sy i hop for hand).
Brett foret ned i veska og
SIMSALABIM!
Toalettveska er ferdig!!
Publisert første gang på  SyOddny.Blogspot.com 22.sep.2016

Opplegg med heklenål

Før brukte eg å legge opp heklearbeidet ved å lage ei remse med luftmasker,
slik som med fingerhekling.
Men så viste mora mi ein betre måte å legge opp på, slik at opplegget blir finare og elastisk.
Det blir og lettare å stikke heklenåla ned i opplegget  ved andre omgang.
Og faktisk kan ein bruke det til opplegg for strikking og!
Då tek ein opp masker langs kanten.
Her er  opppskrift på korleis ein  legg opp på denne måten:
Lag først ei løkke.
Stikk nåla inn i løkka
.

Luftmaske:

Ta eit kast på heklenåla og  og dra tråden gjennom løkka.

Du har fått ei ny løkke.
Fastmaske:                            
Stikk heklenåla tilbake ned i første løkke
.
Ta eit kast med tråden rundt nåla og dra gjennom den første løkka.

Då får  du to løkker.

Ta eit nytt kast på heklenåla og dra gjennom begge to løkkane.

Slik at du får  ei  ny løkke.

Forsett med å hekle fastmasker.
Hekl vidare til opplegget er så langt eller breitt  det skal vere.
Då er ein klar for å hekle omgang 2.
 (ofte bruker  2. omgang  å starte med ei eller 2-3 luftmasker).
Eller ein kan ta opp masker/løkker til strikkepinner, langs sida for  vidare strikking 🙂
Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com  1. aug.2016

Toalettveske Eva & Mette

Toalettvesker med  lappeteknikk.
Nedanfor syner eg  litt korleis eg sydde firkantane ved hjelp av ein teknikken som blir brukt i «Bargello «.
Skar opp 1 remse av  minst 7 forskjellege stoff  2,5 »  (ca. 6.5cm).
Sydde i hop remsene.
Baksida: Strauk alle saumane til same side.
Skar så opp nye remser på tvers av dei ihop sydde remsene 2,5″ (ca.6,5 cm).
Til saman 10 remser.
Sydde  ihop kvar remse så det vart ein sirkel.
Remsene vart lagt  slik som på bilde , så det  passa til mønstra,…
.. ved å sprette opp sirklane/ saumane der det passa.
Forskyvde remsene slik at  firkanter med same mønster  ikkje kom under kvarandre.
Tok vekk overflødige firkanter.
Sydde i hop remsene.
Når ein syr i hop to remser med fleire saumar er det viktig at saumane til dei to remsene ligg  kvar sin veg.
På På første remse strauk eg saumane ein veg t.d. høgre.
For andre remsa strauk eg saumane  motsett veg, t.d vestre.
Og på tredje remsa strauk eg saumane same veg som den første remsa
På denne måten er det då lettare å få  fine/eksakte hjørne-treff.
.
Når ein gjer det slik  «låser» hjørnene seg fint og det blir ikkje klumpar.
Vidare er framgangsmåten forklart her: Mønster på klassisk toalettveske
Ikkje alltid går ting som planlagt!
 
 
Eg fann ut at toalettveske ville bli finare med ein ekstra  kant oppe ved glidelåset!
Så då sprette eg  opp saumen  litt  i sidene…
….og  sydde på ei remse med stoff og så blonder.
Bilder av ferdig toalettveske:
Innsida med  med lommer.
Til slutt vart eg veldig fornøgd med resultatet!
Publisert første gang på Syoddny.blogspot  10.aug 2016.

Maritime kle- til siste del av båtsessongen

Foto: Sol Ulve
Så fekk eg tid til å sy  ein «Båt kjole»   av  dette fine stoffet med kvitte anker på blå botn.
 Mjukt, behageleg strech jersey   frå Stoffbutikken.no.
Foto: Sol Ulve.
Eg kanta halsen og armane med  kantebandsapparatet.
Eg har ikkje kanta kle med kantebandsapparatet før, men dette var gøy!.
  Eg vart så fornøgd!
 Så morgonen etterpå sydde eg  meg ein shorts.
SHORTS
Mønster frå boka  «Heilt Spesiell: Sy til liten og stor» av Kristin Thorsnes.
Shortsen passa perfekt og er veldig behaglig å ha på.
Dette blir absolutt ein favoritt!
Men eg forstod  ikkje korleis  eg skulle sy linningen, så linningensydde eg på min eigen måte.
KANTEBANDSAPPARAT
Eg har kun brukt Bernina Kantebandsapparat #88  til kanting av lappetepper og duker.
Men det gjekk veldig fint å kante kle på denne måten, som June Enerstad viste meg på Vestlandstreffet (quiltefestival på Vestlandet) i Florø 2014 .
Ein kan  sjå korleis June kanter med kantebandsapparatet  på BERNINA Webinar HER
KJOLE TIL JENTE:
Mjuk og fin kvardagskjole  str. 98.
HERREGENSAR
Så klart må skipperen må  ha maritim gensar!!
No håper vi på masse fint ver, så  båtsessongen held seg langt utover hausten!
Foto: Sol Ulve.
Velkommen til å like meg på Facebook sida mi «SyOddny»
Publisert første gang på  Syoddny.blogspot.com  12.aug.2016

Konfirmasjonskjole

Veldig kjekt å  sy ein festkjole,
då jenta ikkje ville gå med bunad i broren sin konfirmasjon  !
Kjolen er designet av  12 år gamle Lise Skov Jensen frå Danmark .
Dottera mi  på samme alder likte kjolen då ho såg den i «Alt om Håndarbeid» .
Mønster frå » Alt om Håndarbeid nr.02/2016.
Str. 34-44.
Kjolen er sydd av kvit brude tyll, kvit satin, kvit strech blonde og kvit strech jersy frå Stoff&Stil.
«Nusse» pus godt fornødt med «fotoshoot`en»!
Les om Pynting til konfirmasjonsfesten Her og
du er velkommen til å like Facebooksida mi SyOddny
Første gang publisert 23.aug 2016 Syoddny.blogspot.com

Hekla koppunderlag «Tulipan»

I vår la eg ut bilde av desse  garnnøsta på Facebooksida mi «SyOddny».
Spent på kva tråden blei til?
Mamma var  på påskeferie hos oss
 og hekla fire koppunderlag av tråden Gjestal Bomull Sport og restegarn.
Oppskrifta  «Tulipan» er frå boka: «Bestemorshage. Hekling for nybegynnere og viderekomne»
av Gunn Beate Reinton Rulnes.
Koppunderlaga er nydelige og har vorte brukt masse ute på verandaen i vår og sommer!
Herlige sommerfarga!
Publisert første gang 23.aug.2016 Syoddny.blogspot.com

Topp med knapper som designelement

I april og mai var eg med  på Syalong på Facebook gruppa : «Voksne sygale «.
Tema  var  «Selvvalgt dameplagg der knapper er et designelement».
Først hadde eg store planer med å sy eit skjørt og ein kvit bluse. Då  vi hadde konfirmasjon og så kom 17.mai, gløymte eg heile syalongen!
Då det var  ca. ei veke igjen byrja eg å tenke på kva eg skulle sy og byrja å  leite i stoff haugen min.
Etter ei stund, kom eg til at eg ikkje hadde noko stoff som egna seg til prosjektet mitt. Det vart for lita tid til å bestille noko nytt stoff på nettet.
Eg hadde liggande ein  utslitt  topp, som eg ville bruke til modell for ein ny.
Bestemte meg for å bruke strech jersey stoff, som eg hadde kjøpt på Stoffbutikken.no ; Digitalprint Flowerskull og einsfarga svart jersey .
Stoffet var ikkje så lett og tynt, som  det original stoffet i toppen. At  stoffet kanskje  ikkje ville rynke og  legge seg så fint, kunne kanskje bli eit problem?
Konkluderte med at  eg måtte utfordre meg sjølv i bruk av både kvalitet og mønster på stoffet.
Det var med skrekk blanda fryd, då eg klipte inn i  stoffet med mønster av  hovudskaller!
Eg var veldig spendt på om dette ville bli eit plagg eg kunne bruke!
Aller først måtte eg klippe opp alle saumane  i den gamle blusen.
Brukte alle delane som mønster til ein ny topp.
Eg byrja med å sy alt det svarte på toppen.
Først skar eg ei lang remse  som skulle bli stolpe midt framme på toppen.
Og ei smalare  remse som skulle brukast som halslinning.
På remsene sydde eg legg ( sjå bilde) og  klipte til stolpen og halslinning etter mønster.
Når alle dei svarte delane var sydd i hop; stolpe midt framme, halslinning og svart bakstykke, sydde eg resten av toppen.
Ein god del av blusen skulle rynkast. Sjølv om eg brukte rynkefot på overlock symaskina var stoffet litt for tjukt til å få til sikkelige rynker, så eg måtte hjelpe til med fingrane.
Til slutt vart legga bretta opp  og   eg sydde over ein med søm slik at legga skulle ligge  fast og bakover.
 (Sjå bilde med knappenåler).
  Sydde på knapper mellom legga.
Ferdig topp! 🙂
Selfie!!
Synest toppen vart veldig fin bak…
Føler meg nesten som ein sommerfugl! 🙂
Publisert første gang 1.juni. 2016 på SyOddny.blogspot.com

Konfirmasjonsfest med eit maritimt preg

15.05.16 vart vår eldste barn Stian konfirmert i Eid Kyrkje.
Konfirmasjonsfesten hadde vi  på Eid Kyrkjetun.
Ein skulle tru at ein hadde eit «hav» av tid, til å planlegge denne dagen, men det var den siste veka det meste vart bestemt når det gjaldt bordpynten!
Det første som vart kjøpt inn var serviettane. Desse vart kjøpt inn ved påsketider .
Serviettane  var i to forskjellige blå nyansar og vart utgangspunktet for pynten til konfirmasjonsfesten.
Serviettane vart bretta ut ein gang.
Dei små lyse blå serviettane   vart lagt over dei  store mørke blå serviettane,
saman vart dei   bretta  ihop som eit segl på ein seilbåt.
 Dei små barneskoa  var  konfirmanten sine første sko.
Skoa  var  utganspunktet for blomsteroppsatsen,  som stod  på bordet framfor konfirmanten .
 Dei slitne skoa var sjarmerande ilag med dei flott blomstrane.
Venninna mi Gitte Lefdal var så snill å lage blomsteroppsatser.
Gitte kom heim til oss og laga blomsteroppsatser på kjøkkenet vårt.
Vi kjøpte kun roser mens alt det andre er plukka direkte  frå hagen vår.
Ho laga blomsteroppsatser  til  krukkene som  vi fekk blomsterhelsinger i, då  konfirmanten var født.
Fleire bilder av blomsteroppsatsane til Gitte ,  lenger  nede.
Gitte  dekka bordet og  var til  stor hjelp med pynting .
Det meste av pynten og garnet er henta frå
   «Båtstova» -heime  og frå båten vår.
Den store lysestaken har  konfirmanten  laga sjølv,
 av rekeved som er funnen i fjæra.
Så den måtte vere med!
Den var så stor og mektig  at den måtte få  sitt eige bord!
Spennande  med dei små maritime miljø rundt bordet!
Gløymte å tenne lysa då eg tok bilder!
Det var  flott då sjå på når lysa var tent.
Vi brukte  for det meste batteridrevne telys pga. allergier i familien.
Pynten vart akkurat slik eg hadde tenkt det, og litt til !
Kjempe kjekt å pynte når vi var så enige om korleis det skulle sjå ut!
Gitte- Tusen  hjertlig takk for all hjelp!
 Det hadde ikkje vorte så fint uten hjelp og støtte frå deg!
Konfirmanten  var veldig glad og overraska på  kor flott og spesielt det var pynta!
Sjølv om foreldra er veldig glad i båtlivet og havet,
 så trur eg  det var fleire som synest dette var veldig fint!
Blomsterkorgene har eg sydd sjølv og sommerfuglane og  ankera er trykt ut med utstansemaskin.
Framgangsmåte på korleis ein syr korgene kan ein sjåHER
Blomsterhelsingane  passa fint til løparane .
På borda ved sofagruppene låg  4 duker som eg hadde sydd sjølv.
Inspirasjonen til fargane til desse dukane er servitettane.
 Modellen har eg sett på medlemsmøter i Nordfjord lappe og quilte klubb
og Facebook sida «Quiltesida» m.m .
Sjå korleis ein syr løparane HER
Fleire blomster dekorasjonar  laga av Gitte Ledal.
Ikkje så lett å treffe nøyaktig i alle hjørne når sy arbeidet må gå litt kjapt!
Lenge sidan eg har sydd noko så kjapt før!
Løparane  passa også fint  heime  med oss, her  med ein bukett kvitveis plukka av ei snill jente 😉
Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 22.04.17.

Blomsterpotte-skjuler, pose eller korg. – Sydd på to forskjellige måter.

Eg har fått ein del spørsmål om korleis eg syr korgene (poser) som eg bruker som
blomsterpotteskjuler. Posane  eller korgene kan brukast til masse meir enn å skjule blomsterpotter.
 Det har vore populært å fylle korgene med telys, sjokolade og mjøl pakker m.m.
 Framgangsmåten kan også brukast som utganspunkt til å sy vesker og poser,
– då er det  berre å endre måla  for å gjere korga el posen midre eller større.
Ein kan ein sy korgene  på fleire måter og det er ingen måte som er meir rett enn den andre.
Her under viser eg to måter å sy korgene .
Hjørna på korgene kan ein og sy på minst to måter.
Eg viser  to måter  å lage hjørner på , ved kvar si korg.
Begge måtane  kan ein bruke på dei to forskjellige korgene.
 Eg tenkjer ein må berre prøve seg fram og sjå kva framgangsmåte ein liker best!
 KORG  NR. 1:
 Klipp 2 ulike stoff 22 cm x 44 cm, eit til for (her; stoff med mønster/grønnsaker) og
ytterside (her; halvlin).
Klipp også bordvatt 22 cm x 44 cm
Kortsidene blir oppe på korga.
Langsidene blir sidesømmane, sidene på korga.
  Legg vatten på baksida av ytterstoffet.
 Legg foret og ytterstoffet opp mot  kvarandre, rette mot rette.
Sy søm ved kortsidene.
1 cm sømrom
Sy med vanlig rettsøm.
(Eg har sydd med trippelrettsøm pga. at sømmen skal visast betre på bilda).
Klipp vekk sømrommet  til vatten, inntil  dei to sømmane.
Dette fordi det  seinare blir lettare å brette arbeidet ved sømmen .
Stryk sømmane.
Legg om arbeidet, slik at sømmane  ligg rett opp på kvarandre.
Dersom ein bretter sømrommet  til kvar si side, vil sømmane  «låse seg»
og sømmane  treffer akkurat over for kvarandre.

Ein får ikkje forskyvninger og kanten på den ferdige korga får ein fin kant oppe.

Sy begge side-sømmane .
På den eine sida ved foret;
 sy 7-8 cm  og stopp å sy. Hopp over  ca 4-5 cm og fortsett med å sy ned resten av sida.
Der ein ikkje har sydd blir det hol til vrenging av arbeidet seinare.
Stryk arbeidet.
HJØRNE ALTERNATIV 1:
Ved alle fire hjørner; teikn firkanter 4 cm x 3 cm.
Nb! 4 cm inn frå  sida  pga. inkludert sømrom i side-sømmen.
Klipp ut firkantane.
Legg om arbeidet slik at sidesøm ligg rett opp på linja ved botnen.
Viktig at ein då har strøke arbeidet tidligare slik at ein har ein linje ved kortsidene.
Sett knappenåler slikk at arbeidet held seg på plass
Sy alle dei fire hjørna.
Sy langs klippekanten, 1 cm sømrom.
Vreng arbeidet ut gjennom holet i den eine side-sømmen.
Putt foret ned i korga.
Vreng korga, slik at foret vender ut.
 Sy igjen  holet for hand ,med nål og tråd .
Ein kan sy igjen holet med maskin men då blir det ikkje så fint
dersom  ein vil  vrenge korga og bruke den på begge sider.
Strykt arbeidet slik at det blir  fine hjørner og fin kant oppe.
Sy ein stikning øverst på korga, viss ein ønskjer det.
Stikninga gir betre hold,  held kanten/ bretten mellom ytersida og foret fint på plass.
Brett ned kanten og fyll den ferdige korga med det du vill! 🙂
NB!
  Skal ein bruke stoff med mønster som går samme veg må ein dele stoffet midt på, snu mønsteret kvar sin veg og sy i hop.   Då må ein hugse å plusse på ein cm til sømrom.
Altså  2 stk 23 cm x 22 cm av det mønstra stoffet som blir sydd samman til 22 cm x 44 cm
 Den ekstra sømmen blir då midt under korga.
Men har ein stoff med mønster som går berre ein veg villa eg ha sydd korg alternativ nr. 2.
Korg nr. 1 klipte eg 44 cm (22 cm x 2)  x 22 cm .
Korg  nr. 2 ville eg ha litt lavere så då 21 cm x 44 cm
 KORG NR. 2:
 
 Klipp 2 ulike stoff  21 cm høg x 44 cm lang, eit til for (her: halvlin) og
eit til ytterside (stoff med mønster/ grønnsaker).
Klipp også bordvatt 21 cm x 44 cm .
  Legg vatten på baksida av ytterstoffet.
 Legg foret og ytterstoffet opp mot  kvarandre, rette mot rette.
 Sy ein søm øverst på langsida.  1 cm i sømrom. Sy med vanlig rettsøm.
 (Eg har sydd med trippel rettsøm slik at det skal vere enklare å sjå sømmen på bilde).
 Klipp vekk sømrommet  til vatten, inntil sømmen.
Dette fordi det  seinare blir lettare å brette ved sømmen.
 Brett ut  arbeidet og  stryk sømmen.
Brett arbeidet retta mot retta …
og sy ein søm ned langs sida…
… sy ned til foret , sy 7-8 cm  og stopp og sy. Hopp over  ca. 4-5 cm og fortsett å sy ned resten av sida. Der ein ikkje har sydd blir det hol til vrenging av arbeidet seinare.
(Om ein gløymer seg og syr heile sida uten å lage hol er det ikkje krise!
 Ein har mulighet for å lage hol seinare.)
Pass på at sømmen møtast,  akkurat nøyaktig over seg sjølv i sida.
Dersom ein bretter sømrommet til kvar si side, vil sømmen «låse seg» og sømmen treffer akkurat over seg sjølv  (sjå bilde over).
Stryk ut sømmen og stryk heile arbeidet så ein får ei linje ved bretten.
 Legg om arbeidet slik at sømmen  kjem rett på bretten/linja,
då kjem sømmen mitt på arbeidet.
 Sy kortsidene, oppe  og nede.
(No kan ein  lage hol til vrenging ved sømmen på foret viss ein gløymte å lage hol i sidesømmen!
Pass på at holet blir midtpå arbeidet, ved sømmen og bretten.
Stryk, slik ein får ei linje ved dei to brettane.)
 Det gjer ingen ting at sømrommet  er vridd ved «låsinga» . Dette vill legge seg fint til når korga er ferdig sydd og skal brettast til.
HJØRNE ALTERNATIV 2:
Legg sømmen ved kortenden rett opp på den strøkne  linja i sida.
Fest med ei nål.
Gjer dette  ved alle fire hjørner.
 Teikna ein strek tvers over hjørnet,
ca 4 cm inn på sømmen og 90 grader ut frå side-sømmen.
45 graders linja på skjere – linjalen er eit godt hjelpemiddel.
Sjå bilde ovenfor.
Sy ein søm over streken…
… og klipp vekk trekanten, hjørnet.
Hugs å ha litt sømrom.
Gjer dette i alle fire hjørne.
Vreng arbeidet ut gjennom holet.
Putt foret inn i ytterstoffet , slik at det blir ein pose eller korg.
Vreng  korga slik at foret blir ut og sy igjen holet.
Sy igjen  holet for hand ,med nål og tråd .
Ein kan sy igjen holet med maskin men då blir det ikkje så fint
viss ein vil  vrenge korga og bruke den på begge sider.
Strykt arbeidet slik at det blir ein fin kant oppe og fine hjørne.
Sy ein stikning øverst på korga, viss ein ønskjer det.
Stikkninga gir betre hold,  held kanten,
 – bretten mellom ytersida og foret fint på plass
Vreng foret inn slik at ytterstoffet kjem på sin plass.
 Brett ned kanten.
Korga er ferdig!
Publisert førstegang  24.mai 2016. SyOddny . blogspot.com