Når juleduken først er avdanka, har fått ein flekk eller eit lite hol, og er teken av bordet – kvifor ikkje la han få eit nytt liv? ✨
Eg diggar gjenbruk og likar å sjå meg nytte av alt, både gammalt og nytt. Denne gongen fekk syntetiske juleduker og blondedukar nytt bruksområde: vaskeposar – store og små.
Dette er ikkje første gong eg syr vaskeposar av gamle tekstilar. ✨ Eg har tidlegare sydd vasketøyposar av kvite blondegardiner og duker, og dei har vore i flittig bruk i lang tid.
Ved dei kvite vaskeposane har eg brukt den fine jarekanten som blondekant og latt han overlappe glidelåsopninga. Det gir ein mjuk og dekorativ avslutning, samstundes som glidelåsen blir litt skjult og posen får eit meir gjennomarbeidd uttrykk.
Men: Eg var så lei av at dei kvite vaskeposane vart rosa når eg vaska raude tekstilar 😅 Så då vart det å sy raude vasketøyposar i staden. Kanskje blir det òg eit par grøne vaskeposar – eg har nemleg liggjande ein grøn blondeduk som ventar på nytt liv.
Kvifor bruke heimelaga vaskeposar?
– Ekstra fine til BH-ar – held fasongen og forlenger levetida – Tek godt vare på hekla brikker og andre sarte tekstilar i vask – Fine når eg vaskar stoff, restar og scrap, og 👉 skånar vaskemaskina for lause trådar – og BH-bøylar som vil på avvegar…!
Med eigne posar kan eg sortere smartare – både før, under og etter vask. Når undertøyet er nyvaska og tørka, kan det leggjast rett i posane og takast med på reise. Det gjer det enkelt å halde orden i kofferten, og undertøyet ligg samla og beskytta. Dei lette og fine posane er òg praktiske til oppbevaring heime – anten i skuffa, på hylla eller i reisebaggen. Små løysingar som gjer kvardagen litt enklare ✨
Dette er ekte gjenbruk og upcycling , kombinert med oppbevaring og system på ein god og smart måte – praktiske løysingar som både tek vare på tekstilane og gjer kvardagen enklare ♻️✨ Og veldig kjekt å sy!!
Materiale
Desse dukene er kjøpte på NMS Gjenbruk i Førde – ein gullstad for tekstilskattar som ventar på nytt liv 💚
Enkel sybeskriving: Vaskepose med glidelås
Klipp eitt rektangel i ønska storleik.
Brett inn sidene på dei korte endane og sy i ein glidelås. → no har du ein sylinder.
Brett posen flat, med rettsida ut, og glidelåset opp og slik at glidelåsen ligg der du vil ha åpninga.
Sy fransk saum i sidene – først overlock eller sikk-sakk sidesaumane.
Vreng gjennom glidelåsopninga.
Sy ein søm på kvar side.
Vreng tilbake til retta.
✨ Voilá! Du har ein eller fleire vaskeposer til klesvask og oppbevaring ✨
Frå kursoppgåve i kursleiarutdanninga til ferdig quilt og kurs på quiltetreffet 2026.
Sommaren, sivet og lyset over innsektdammen vart utgangspunktet for denne quilten. Augestikkaren starta som ei oppgåve i kursleiarutdanninga mi hos Norsk Quilteforbund, men utvikla seg til ei forteljing sydd i stoff – om overgang, lys og bevegelse. I dette blogginnlegget deler eg både historia bak motivet og dei faglege vala som forma quilten.
Når augestikkaren flyr mot lyset – ei forteljing i tekstil.
Sommaren er komen, og vatnet i innsektdammen er varmare. Morgonsola sender sine fyrste strålar innover dammen, og sollyset kryp ned mellom sivstråa. Fleire fargar i lyse, grøne nyansar blir synlege, medan delar av graset framleis ligg i skugge og får mørkare grøne sjatteringar. Sollyset når ikkje heile dammen med ein gong – og det er nettopp i dette spelet mellom lys og skugge historia tek til.
Augestikkaren har levd i dammen som nymfe i minst tre år, kanskje lenger. No kjenner han seg uroleg. Er det i dag eg skal forlate innsektdammen? I det siste nymfestadiet kryp nymfa opp av vatnet og festar seg til eit grasstrå. Der får ho tørke godt, før huda rivnar og eit vaksent insekt sakte kryp ut. Augestikkaren speglar seg i dammen og ser ein skapning med lang kropp, fire tynne venger med ornament og perlemor. To store auger ser tilbake før han løftar seg på vengene og flyr mot lyset. Augestikkaren ser vi helst når det er sommar og sol.
Frå forteljing til quilt
Quilten «Augestikkar» er eit bildeteppe som viser den siste scena i forteljinga – augestikkaren i det augeblikket han flyr mot lyset. Quilten vart laga som ei besvarelse på ei av oppgåvene i kursleiarutdanninga mi. Oppgåva gav rom for både kunstnarisk fridom og grundig fagleg refleksjon rundt teknikk, farge og komposisjon.
Bakgrunnen – sivet, graset og lyset – er sydd saman av smale remser med buande linjer. Desse linjene skaper rytme, djupne og bevegelse i bildet. Sjølve augestikkaren er applikert på bakgrunnen ved hjelp av vlisofix, og festa med doble knappeholsting sydd på symaskin. Eg valde denne typen sting fordi dei passar godt til strukturen i vengene, som har tydelege brettar og mange årer.
Quilten er sydd med symaskin, quilta med bordvatt som mellomlag og bomullsstoff på baksida. Rundt heile quilten er det sydd ein dobbel, smal lukkekant.
Materialval og fargar
Til sivet og graset er det brukt tekstilar i ulike kvalitetar: bomull, silke, møbelstoff og andre syntetiske stoff. Dei ulike strukturane og glansen i stoffa gir liv til bildet. Glansen speglar solstrålane som ein kan førestille seg reflektert i vatnet – sjølv om sjølve dammen ikkje er synleg i quilten.
Fargebruken i bakgrunnen er monokromatisk, med grønt i ulike valørar. Fargane går frå mørkt til lyst og tilbake til lyst igjen. Dei mørke fargane skaper skuggar, medan dei lyse viser kvar sola treff.
Augestikkaren er sydd av bomullsstoff. Eg vurderte å bruke tekstilar med meir glans og å dele opp mønsterdelane i mindre bitar, men valet fall på bomullsstoff med mønster og fargenyansar som minner om det naturlege mønsteret i vengene til insektet.
Auge, kontrast og val som måtte takast.
Eg var lenge usikker på fargen på augo. Først prøvde eg turkisblå, men då vart augestikkaren flat og forsvann litt i bakgrunnen. Det same skjedde med lilla auge – fargane harmonerte for godt med vengene og gav eit for snilt uttrykk.
Då eg valde raud-oransje auge, skjedde det noko heilt anna. Det var litt skummelt, men augo «poppa» fram og heile insektet fekk liv. Hovudet fekk meir merksemd, og det vart tydeleg at augestikkaren flyr mot lyset. I naturen har augestikkaren store, dominerande auge, og dette valet kjennest derfor riktig. Raud er komplementærfargen til grøn, og oransje er komplementærfargen til blå. Dette gjer at fargane forsterkar kvarandre og gir meir liv til motivet.
Det som kan sjå gult ut i quilten, er eigentleg lyst grønt stoff. På avstand – og på foto – verkar det nesten gult. Lilla er komplementærfargen til gult, og eg opplever at dei blå og lilla fargane i augestikkaren påverkar det lyse grøne stoffet slik at det verkar endå lysare. Dette kan vere eit døme på simultankontrast – der fargar endrar uttrykk i møte med kvarandre. (Eit lite men er at eg brukar briller med gule filterglas, så eg ser verda litt gulare enn mange andre.)
Quilting og balanse.
Eg vurderte å legge til gule, oransje og raude sommarfuglar i bildet, men dei vart alt for dominerande. Augestikkaren forsvann i bakgrunnen, og for å skape balanse måtte eg flytte motivet – då forsvann også kjensla av at han flyr mot lyset. Løysinga vart å kutte ut sommarfuglane og heller bruke raud og oransje sytråd i quiltinga på dei grøne sivblada. Slik fekk eg meir liv og kontrast utan å ta fokus frå hovudmotivet.
Eg prøvde først å quilte med rette, vertikale stikningar på tvers av saumlinjene i blada, men dette vart for rotete og dominerande. Det vart meir harmoni då eg quilta innfor kantane av sivblada, slik at stikningane følgjer same retning som blada. Øvst i bildet – «himmelen» eller lyset – hadde eg eigentleg tenkt å quilte lite, men då vart quilten ujamn og bulkete. Meir quilting i dei lyse partia gjorde at heile quilten vart fysisk jamnare og flatare.
Det er brukt sytråd i mange ulike fargar: raud, oransje og fleire nyansar av grøn – frå heilt lys til mørk. Ein av sytrådane er flamma, med fargar som går frå lyst grønt via blått til lilla. Samla speglar trådane alle fargane i bildet og skaper liv, kontrastar og skuggar.
Vidare liv
Augestikkaren starta som ei oppgåve i kursleiarutdanninga, men har fått eit vidare liv. Denne quilten er no sett opp som kurs og vil også vere eitt av kursa på Norsk Quilteforbund sitt quiltetreff på Gardermoen i mars 2026. Det kjennest både stort og meiningsfullt å kunne dele denne prosessen vidare – frå forteljing, via tekstil, til kurs.
Ønskjer du at eg skal komme og halde kurs i din klubb eller på din heimplass, er det berre å ta kontakt: syoddny@gmail.com
På kurset lagar vi eit unikt bildeteppe (art quilt) med utgangspunkt i Augestikkaren. Bakgrunnen blir sydd saman av smale remser og buande linjer i ulike tekstilkvalitetar, som gir eit dynamisk og spennande uttrykk. Motivet kan vere ein augestikkar – eller noko heilt anna, som ein fugl, ein sommarfugl, eller eit reint abstrakt uttrykk.
Kurset passar både for nybyrjarar og meir erfarne. Du får bruke dei tekstila du har tilgjengeleg, og lærer om ulike tekstilkvalitetar, stabilisering, korleis lage buande linjer, applikasjon, quilting og enkel fargelære – og korleis ein kan skape djupn og liv i eit tekstilt bilde.
Bli med og utforsk kreativiteten din gjennom tekstilkunst!
Sewalong 3, 2014 Redesign og bruk av det man allerede har.
Facebookgruppa :»Voksne Sygale»
«Tema for denne sew alongen er Redesign og bruk av stoffer man allerede har(nye stoffer,som ligger og varmer godt i hyllene) og da skal man sy minst 2 plagg, disse må kunne kombineres. Disse 2 er med i avstemningen. men man må gjerne 4 og enda fler,evt tilbehør i tillegg for de som ønsker 🙂 Man bestemmer selv om man syr ett redesigns plagg og ett plagg av «nye/glemte» stoffer,eller om man lager en kombinasjon i plaggene…
Å redesigne vil si å gjøre om ett plagg,det kan være noe som er for stort, for lite, ikke har rett passform osv, da kan man bruke fantsti og mønster til å gjør dette om til noe man kan bruke 🙂 redesignet må være mer enn å sette to lommer på en genser, mer enn å klippe beina av en bukse og kalle det shorts. 🙂
Det som skal redesignes kan være klær fra hvem som helst i huset der du bor,evt. gamle gardiner og sengetøy kan være tillegg. Det du syr må kunne brukes av deg, din partner eller dine foreldre/svigerforeldre.
Alt av stoff og dekor skal man ha i hus allerede når man melder seg på. man kan ikke gå på butikken i morgen og kjøpe nytt, da forsvinner hele poenget 🙂
Mønster skal være noe du har fra før, fra ett blad eller en bok. Mønsteret må ikke følges slavisk,men må minst være ett utgangspunkt som kan gjenkjennes 🙂 i større grad. Skal man bare gjøre små endringer på ett plagg trenger man ikke mønster, men endringene må kunne være merkbare.
For og delta i Alongen må du starte på ett nytt prosjekt for avstemning/premiering!..
sew alongen starter 01.06.2014, og avsluttes 30.07.2014.»
Jakke, hatt og sjal:
Sjalet er sydd samman av remser med jarekant,- Eit lyst tynt gardinstoff.
Eit gamalt «Alt om Håndarbeid» (9/1994) inspirerte meg til å sy om ei jakke og sy ein hatt.
I dette bladet er det mønster på hatten.
Hatten er sydd i eit svart stoff, som eg hadde liggande i skåpa.
Hatten er fora med stoff, frå eit gamalt skjørt .
Mannen min hadde ei dressjakke med utslitt krage!
Ullstoffet var forsatt fint, så eg syntest at jakka kunne bli ein ny jakke til meg!
Tok vekk ein del stoff, oppe på skuldrane og på armane.
Sydde ny søm på skuldrane og sette på armane.
Foret på jakka måtte også tilpassast!
Tok vekk den gamle kragen og sette på ny .
Ny krage er av samme stoff eg brukte til hatten.
Det svarte stoffet brukte eg og til detajer på skuldane og framme på armane.
KJOLE:
Brukte klede, som eg hadde fått, hadde eg liggande;
Jakker, kjoler skjort , bukser m.m
Kjolen, som eg sydde av desse kleda og det svarte stoffe, er inspiret av lappeteknikk .
Først tok eg for meg den svarte og grå jakka. Kragen vart avruda og det vart vart sydd snitt i ryggen. Framstykket vart teke av og skifta ut med det svarte stoffet og stoff frå ei kåpe.
Glidelåset måtte syast i på nytt.
Eit grått skjørt og ei lys linbukse, vart til deler av kjoleskjørtet.
Deler frå ein tunika, kåpe og det svarte stoffet vart brukt til resten av skjørtet!
I skjørtet er for frå ein ein gamal kjole til mamma.
I dag er det Påskeafta og det passa fint å leite fram kjolen.
Kjolen er mjuk og god, eit plagg for avslapping og kos i påska.
Den har ein herlig gul farge, som konkurerer med vår sola!
Mønster til kjolen:
Eg tok utganspunkt i ei jakke . Armer og hette vart klipt av og brukt som mønster
til hette og armer på kjolen. Resten av kjolen tilpassa eg sjølv.
Underdelen framme er rynka. Bakdelen er figursydd, med ein søm midt bak.
Over oppleggsaumen nede, sydde eg fast ei gul krokalisse i velour.
Kassa med gultstoff gav inspirasjon til å sy ein kjole. Eg brukte eit reste-stoff i strekk chenille frå Stoff&Stil og eit blomstra stoff frå 1960-70 tallet . Gidelåset er kjøpt på ein tur til Oslo,
i ein stoffbutikk på Grønnland.
Overdelen er fora og quilta.
Det blomstra stoffet vart inspirasjon til quilte- mønsteret,
frihandsquilta med symaskin.
Langs kanten, oppe på underdelen, sydde eg med overlock ,
så rynka eg og sydde den fast, ned på den quilta overdelen.
Hetta er fora med det blomstra stoffet.
Ein skikkeleg gla` kjole om våren!
Publisert første gang på SyOddny. Blogspot.com 17.04.2017