Nostalgisk hjerte, redesign av kjole

Denne kjolen må ha vore nydelig som ny. Brokadestoff, blonder, strass og paljetter. Overdelen var korsett med spiler.

Klipte opp kjolen og sprette av blonder og pynt , før eg tok i bruk stoffet.

Når eg spretta opp kjolen, sat eg og tenkte på kor mykje arbeid det har vore å sydd denne kjolen. Skal tru kor gamal den er ? Var det ein brudekjole eller ballkjole? Tenk på kor mykje den har dansa…. eg satt å mimra og fantaserte , levde meg tilbake til ei anna tid …

Eg teikna eit hjerte som eg brukte som mønster.

Klipte ut to hjerte i stoffet. La dei rette mot rette. Sydde ein søm rundt, men let stå igjen eit lita åpning for vrening av hjertet.

Reparerte og forsterka blondene med sikk – sakksøm over sølvbanda på blondene. Brukte sølvtråd i undertråden. Pynta hjerta med bloder og strass, brukte nål , tråd og lim. Ein sterk tråd til oppheng.

Redesign av ullteppe.

 

 

Teppet som vart  til ei jakke! For  mange år sidan, fekk vi  eit teppe frå ei bestemor. Teppet vart mykje brukt, godt å ha  over seg både i stova og i bilen.  I det siste var det katten som hadde glede av teppet.

Vi var tenkt å kaste   teppet.  No i desse gjenbrukstider, fekk eg lyst til å redesigne teppet.

 

Teppet som  var godt brukt!

Sjølv om der  var eit hol i teppet og nokre  kattehår på  det, synest eg det var for godt til å kaste!

Teppet fekk nokre omganger i vaskemaskina og vart lufta godt ute i nokre dager.

Fann eit mønster på ei fin jakke i eit symagasin.  Teikna av mønstret, tilpassa og lag det på teppet.  Bretta teppet dobbelt.  La midtbak på  bakstykket inntil bretten på teppet .

 

 

Framstykket la eg inn til den andre kanten. Eg ville bruke dei  fine kantane på teppet.   Då vart jarekanten på teppet   midtframme på jakka. Då slapp eg belegg der .

Jarekanten på teppet,  midt framme på jakka, åpning . Frynser nede på jakka.

Nede på jakka kom frynsene, frå eine enden av teppet.  Då slapp eg opplegg nede  på jakka. Resten av frynsene brukte eg til krage.

Klipte ut alle mønsterdelane i teppet, med 1 cm sømrom.  Då stoffet var bretta dobbelt,  fekk eg 2 stk. framstykke, 2 stk. armer og 1 stk. bakstykke. Bretten midt bak skal ikkje klippast !

Sybeskrivelse: 

Eg brukte overlock- cover- og rettsøm.  Det går fint å bruke ei heilt valig symaskin med rettsøm og sikk-sakksøm , og gjerne ein falsk overlocksøm.

  1. Sy skuldersøm.   Legg skulder  på framstykket, retta mot retta til skulder på bakstykke.
  2. Sy armane fast på framstykke + bakstykke.
  3. Sy sidesøm.  Sidene til framstykke og bakstykket leggast  med retta mot retta. Sidene på arm blir og  lagt retta mot retta.
  4. Legg opp armer til passelig lengde. Eg har  coversøm. Søm med  tvilingnål eller enkelt nål går fint.
  5. Tilpass kragen   etter lengda på halsåpning.   Lengd på kragen tilpassast med ein søm midtbak.                                                                                                                                    Sy kragen fast i halsåpning, bakside på kragen  leggast på rettsida av bakstykke  og framstykke. Legg sømmen ned på framstykket og bakstykket og sy ein stikning, så  sømrommet held seg fast og kragen ligg fint.

    Søm midtbak på kragen.

    Innsida av jakka, midt bak. Søm midtbak på kragen blir skjult , når kragen blir bretta ned .

    Stikning på rettsida, søm som held sømmrommet nede og  på plass.

Jakka bak

No er det eg som har glede av teppet. Jakka er god å ha på seg når det er kaldt ute.  Ekstra kjekt er det å tenke på alle minnene ein har frå dette teppet. Og kor mykje omsorg det ligg i eit varmt og godt  teppe frå ei bestemor. Eg hadde ikkje hjerte til å kaste det og eg er glad det kjem til nytte igjen somei jakke.  Trur denne jakka vert god å ha med seg på busstur , båtur og andre spennande reiser. Jakka er alt i god bruk!

Ferdig jakke

SyAlong «Vest til dame»

Her er mitt bidrag i Syalongen «Vest til dame»,  på facebookgruppa «Voknse Sygale» Haust 2015. Reglane for temaet var vest med snitt, glidelås og / eller knapper, gjerne med artige detaljer.
Valgfritt mønster. Ein måtte bruke minst to sorter stoff, det eine stoffet kunne  brukast som for.
Sjølv om eg var den heldige som fekk velge temaet, gjekk det ei stund før eg fann ut korleis eg skulle sy vesten. Eg ville gjerne sy ein dongrivest med  knapper, glidelås og nagler.
Då eg alt har  3 dongri vester frå før, fann eg ut at eg måtte finne på noko anna!
Fekk bli ein svart vest med glidelås, men nei, mønstra som eg då skulle klippe  etter, var vekk!
Hadde ein draum å sy ein vest med hekla roser, men var der tid? Nei, eg skulle  jo sy og ikkje hekle!
Eg stupte ned i boksa med kvitt restestoff og fann ut at desse stoffa passa fint samman!
Der var  både vevde og strikka stoff i ulike kvaliteter!
Svigermor si gamle gardin kunne bli til stilige  detaljer!!
Sidan det både var strech stoff og stoff i fast kvalitet viste eg at dette kunne gi meg  utfordringer.
 Men eg fann ut at det let seg gjere  med modellen  eg hadde valgt.
Mønster frå Alt frå Håndarbeid nr. 05-2005.
Dette strikka stoffet var litt gjennonsiktig,
så eg fann eit lyst mjukt ribb stoff som eg la under.
 Eg  klipte  sidestykka dobbelt og overlocka rundt kantane, slik at dei to stoffa hang i hop i eit stykke.
Så la eg blondene opp på sidestykka, framme, og tilpassa slik at det vart likt på begge sider!
Festa blonda ved å sy rettsaum fleire ganger over blodestoffet, følgde mønsteret i blonda.
Uforandrede å få blonda rett på ryggen!
Vesten skulle ikkje forast, men det var belegg for armane.
Prøvde å følgje mønsteret  men istaden for løpegang for snor nede på vesten, valgte eg å sy på eit bukse strikk nede på vesten, brette opp og sy ein fin dobbelstikning med tvillingnål.
Brukte tvillingnål til å sy  stikninger og legge andre sømmer og.
 Eg droppa snor i hetta pågrunn av det fine «pels» stoffet .
 Pelsstoffet   brukte eg  til for og fin kant på hetta.
  Istaden for å berre sy, overlokke hetta i sjølve vesten, laga eg eit belegg som skjulte sømmen.
Glidelåset vart sydd på, retta mot retta  på forkantane. Eg sydde  ein fin stikning på retta ved glidelåset. Neste gang vil eg bruke belegg på vranga når eg syr i glidelåset. Då blir det finare på vranga, ein kan dra ned glidelåset mot brystet og legge hetta ut mot skuldrane . Med denne modellen kunne eg med fordel også  klipt dobbelt forkantane,  slik eg gjorde med sidestykka.   Då ville eg ha lagt frontstykket og «foret/ribbstoffet»  retta mot retta og lagt glidelåset inn i sømmen.  Sy på vranga , brett fram glidelåset og legg «foret/ ribbstoffet» bak på frontstykket og ilag sy fast i sidestykket. Då trur eg at fontstykket ville ha vorte litt meir stabilt og glidelåset hadde vorte penare på vesten.
Tross alt så er eg kjempe fornøgd med vesten og eg har alt brukt den kjempe mykje!
Veldig kjekt at ei har sett vesten på ønskelista,
 men det gjenstår å sjå om eg finn samme stoff  til ein ny vest! 
Å sy kle sjølv, av gammalt og nytt  er kjempe gøy!
Ingen andre har det samme klesplagget som deg!
Publisert førstegang  SyOddny.blogspot. 27.0kt.2015

Fora barnekjoler som kan brukast på begge sider

Barnekjoler med for . Mønster frå det tyske sy magasinet «Sabrina Nähen» Nr. 14/2015
Diverse reste stoff kjøpt på Stoff og Still og Primula Design og litt gjenbruk.
Kjolane er vrangsydde. Klikk her: https://www.syoddny.no/2019/02/vrangsy-barnekjole/ for å sjå korleis eg har vrangsydd.
Kjole av blå  kordfløyel , ein stoffrest frå mamma  og mønstra bomullstoff frå Stoff og Stil. Nede på kjolen  har eg lagt opp det blå stoffet, mens eg har laga ei dobbel rynkekappe av bommulstoffet som er sydd på foret.  Lomma er klipt i to stykker og vrangsydd. Lomma  er sydd på framstykket før kjolen blir sydd samman.

Lyse blå kjole er laga av eit fleece sjerf og det  blomstra jersy stoffet er  kjøpt på Stoff og Stil for snart 30 år sidan! Nede på kjolen er det lyse blå fleece stoffet  lagt opp. Eg har laga ein dobbel rynke kappe av det blå blomstra stoffet som er sydd fast i foret. Her er og er lomma vrangsydd og sydd fast på framstykket før delane blir sydd samman.

Det blå stjerne stoffet er ein rest etter at eg sydde ei bukse til Syalongen «Sommer 2015 «på Facebookgruppa «Voksne Sygalne»   Det er eit tynt jeans stoff med litt strekk i som eg har kjøpt på Primula Design.  Det ruta stoffet har eg fått med mamma.  På denne kjolen har eg laga eit breit skråband  av det ruta stoffet som eg har sydd på nede på kjolen, der eine sida er sydd fast på   ytterstoffet og den andre sida er sydd fast på foret. Så på denne kjolen heng ytterstoffet og foret i hop med skråbandet.

Denne kjolen er eit skikkelig gjenbruk prosjekt! Det kvite stoffet var ein duk frå svigermor. Hjertet er er frå ei rosa blonde truse! Hjertet har eg tenga på frihand på eit stykke visofix, stroke visofixèn på baksida av blondestoffet. Klipt ut hjertet og stroke hjertet på farmstykket før eg sydde kjolen. Kjolen er fora med eit rosa bomull stoff fått av mamma. Eg har og sydd to rynke kappe på kjolen , ei på ytterstoffet og ei på foret.
Rynke på kappene har eg laga/ sydd ved hjelp av rynkeapparat som eg fester på mi Bernina 800 DL overlock symaskin.
Alle 4 kjolane er vrangsyd slik at  dei kan brukast på begge sider då alle sårkanter er gjøymt inne i kjolen.
Retta
Vranga
Kjekt at ein kjole kan brukast på begge sider!
Publisert første gang  SyOddny.blogspot.com 7.aug.2015.

KOMMENTARER

Dongeriveske kurs med Liv Ingunn Holvik .

Du kor stilig det var med sommerfugl på baken! Dongribuksa med paljetter , stifter og  broderi, hadde eg ikkje hjerte til å kaste. Eg gjøymte buksa som ein skatt på mitt sy rom! Eg har sydd fleire dongri vesker og synest det er kjempe  gøy å lage noko nytt av avlagte dongribukser og blande dongri med anna stoff.  Men denne buksa hadde eg ikkje tørt å klippe i! Den måtte eg gjøyme til noko heilt spesielt!

Frå Nordfjord Lappe og Quilte klubb kom det invitasjon til Dongrivekse kurs med Liv Ingunn Holvik  frå Sandane og eg viste at dette måtte vere kurset for meg og buksa!

Her ser du korleis veska vart på den eine sida. Denne sida skal vere inn mot kroppen når eg ber veska over skuldra.
Og veska på den andre sida som ein gang var den flotte rompa på buksa!
Innsida av veska. Lomme med glidelås og fleire lommer for mobiltelefon, penner ol.
Stoffet frå mamma sitt loft fann sin plass som for i veska.

Eg laga ei lang snor med karabinkrok som eg kan hekte nøklane mine i.
Eit must for meg som aldri finn nøklane mine i veska!
Ei stilig veske med raude hankar  og raudt grovt glidelås kjøpt på  Primula Design.
Les meir om Dongriveske kurset HER
Dette kurset var og på Vestlandstreffet 16.-18. oktober 2015 , Nordfjordeid
Redigert, Første gang publisert; 14.juni 2015