|
Foto: Sol Ulve |
Så fekk eg tid til å sy ein «Båt kjole» av dette fine stoffet med kvitte anker på blå botn.
|
Foto: Sol Ulve. |
Eg kanta halsen og armane med kantebandsapparatet.
Eg har ikkje kanta kle med kantebandsapparatet før, men dette var gøy!.
Eg vart så fornøgd!
Så morgonen etterpå sydde eg meg ein shorts.
SHORTS
Mønster frå boka «Heilt Spesiell: Sy til liten og stor» av Kristin Thorsnes.
Shortsen passa perfekt og er veldig behaglig å ha på.
Dette blir absolutt ein favoritt!
Men eg forstod ikkje korleis eg skulle sy linningen, så linningensydde eg på min eigen måte.
KANTEBANDSAPPARAT
Eg har kun brukt Bernina Kantebandsapparat #88 til kanting av lappetepper og duker.
Men det gjekk veldig fint å kante kle på denne måten, som June Enerstad viste meg på Vestlandstreffet (quiltefestival på Vestlandet) i Florø 2014 .
Ein kan sjå korleis June kanter med kantebandsapparatet på BERNINA Webinar
HER
KJOLE TIL JENTE:
Mjuk og fin kvardagskjole str. 98.
HERREGENSAR
Så klart må skipperen må ha maritim gensar!!
No håper vi på masse fint ver, så båtsessongen held seg langt utover hausten!
|
Foto: Sol Ulve. |
Velkommen til å like meg på Facebook sida mi «SyOddny»