Barnekjoler 4 år, 6 år 8 år og 10 år
sydd i ull på rull frå JANUS og pelsstoff frå butikken Fantasi på Sandane og Panduro.
Mønsteret har eg hatt liggande, usikker på kvar mønsteret kjem ifrå.
Det er eit heilt enkelt mønster til kjole i strekkstoff
som dei fleste mønster merker/firma og syblad har.
Ser at Soff &Stil har mønster som fint kan brukast.
Eg laga armane vidare sidan pelsstoffet er eit faststoff og ikkje strekker seg.
Sydde på bråt framme på armane.
Ein kan og bruke eit mønster til gensar, som ein forlenger og skråer ut nede,
slik at det blir til ein kjole.
Ideen til å sy slike kjolar kom etter at eg hadde sydd ein slik kjole til meg sjølv
og eg fekk spørsmål om å sy samme kjole til barn.
Les om kjolen min HER
God og varm kosekjole til vinteren!
Publisert første gang på Syoddny. blogspot.com29. okt. 2016