15.05.16 vart vår eldste barn Stian konfirmert i Eid Kyrkje.
Konfirmasjonsfesten hadde vi på Eid Kyrkjetun.
Ein skulle tru at ein hadde eit «hav» av tid, til å planlegge denne dagen, men det var den siste veka det meste vart bestemt når det gjaldt bordpynten!
Det første som vart kjøpt inn var serviettane. Desse vart kjøpt inn ved påsketider .
Serviettane var i to forskjellige blå nyansar og vart utgangspunktet for pynten til konfirmasjonsfesten.
Serviettane vart bretta ut ein gang.
Dei små lyse blå serviettane vart lagt over dei store mørke blå serviettane,
saman vart dei bretta ihop som eit segl på ein seilbåt.
Dei små barneskoa var konfirmanten sine første sko.
Skoa var utganspunktet for blomsteroppsatsen, som stod på bordet framfor konfirmanten .
Dei slitne skoa var sjarmerande ilag med dei flott blomstrane.
Venninna mi Gitte Lefdal var så snill å lage blomsteroppsatser.
Gitte kom heim til oss og laga blomsteroppsatser på kjøkkenet vårt.
Vi kjøpte kun roser mens alt det andre er plukka direkte frå hagen vår.
Ho laga blomsteroppsatser til krukkene som vi fekk blomsterhelsinger i, då konfirmanten var født.
Fleire bilder av blomsteroppsatsane til Gitte , lenger nede.
Gitte dekka bordet og var til stor hjelp med pynting .
Det meste av pynten og garnet er henta frå
«Båtstova» -heime og frå båten vår.
Den store lysestaken har konfirmanten laga sjølv,
av rekeved som er funnen i fjæra.
Så den måtte vere med!
Den var så stor og mektig at den måtte få sitt eige bord!
Spennande med dei små maritime miljø rundt bordet!
Gløymte å tenne lysa då eg tok bilder!
Det var flott då sjå på når lysa var tent.
Vi brukte for det meste batteridrevne telys pga. allergier i familien.
Pynten vart akkurat slik eg hadde tenkt det, og litt til !
Kjempe kjekt å pynte når vi var så enige om korleis det skulle sjå ut!
Gitte- Tusen hjertlig takk for all hjelp!
Det hadde ikkje vorte så fint uten hjelp og støtte frå deg!
Konfirmanten var veldig glad og overraska på kor flott og spesielt det var pynta!
Sjølv om foreldra er veldig glad i båtlivet og havet,
så trur eg det var fleire som synest dette var veldig fint!
Blomsterkorgene har eg sydd sjølv og sommerfuglane og ankera er trykt ut med utstansemaskin.
Framgangsmåte på korleis ein syr korgene kan ein sjå
HER
Blomsterhelsingane passa fint til løparane .
På borda ved sofagruppene låg 4 duker som eg hadde sydd sjølv.
Inspirasjonen til fargane til desse dukane er servitettane.
Modellen har eg sett på medlemsmøter i Nordfjord lappe og quilte klubb
og Facebook sida «Quiltesida» m.m .
Fleire blomster dekorasjonar laga av Gitte Ledal.
Ikkje så lett å treffe nøyaktig i alle hjørne når sy arbeidet må gå litt kjapt!
Lenge sidan eg har sydd noko så kjapt før!
Løparane passa også fint heime med oss, her med ein bukett kvitveis plukka av ei snill jente 😉
Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 22.04.17.