Påskegardiner

Høner applikert på ei gardin.

Tidligare synest eg det var vanskeleg  å finne stoff i den rette gule påske-fargen. På ein tur i Oslo kom eg over desse gule gardinene og fann ut at det var fult mulig å applikere på gardina.
Gardinene var ferdig sydde så då var det berre å:
Teikne  hønene og lage mønsteret.
Teikne av alle  mønsterdelane over på vlisofix.
Nb! Delane må overlappe kvaranadre, Dei bakerste delane må ligge under dei øverste delane.
F.eks. Egga  må ligge under høna og det må klippast litt ekstra/sømrom der egga går under høna.
Stryke vlisofix-delane bak på stoffet og klippe ut delane.
Rive av papiret på den andre sida av vlisofix`en og stryke delane fast på gardnina.
Sy fast rundt delane med tett sikksakk søm.

Hønene vart sydd før eg hadde symaskin med fin applikasjons søm som feks. knappeholsting.

Ut ifrå skissene mine, ser eg at det har gått nokre år sidan hønene vart sydd.
Eige design få mars 2007.
Det er berre kjekt om du vil bruke hønene i ditt eige syprosjekt,  men då ser eg gjerne at de legg ved link til bloggen min og liker facebooksida mi «SyOddny».
Når ein applikerer må ein vere obs på at bildet blir speilvendt når ein teikner mønstret over på vlisofix`en.
Publisert første gang  20.mars 2016

Krokus løper

Så heldig eg er som har eit stort teppe med tusenvis av krokuser ute på mitt tun. Eller rettare sagt dei veks på marka til mine svigerforeldre.  For ca. 20 år sidan kjøpte svigerfar ein pose med krokuser. Dei blomstrer  ved påsketider, dei får stå i fred til sauene blir slepp ut eller slåtten byrja. Dermed  sår dei seg vidare og heldige meg har krokusane funne vegen til min hage.

Med så mange krouser måtte det bli ein  KROKUSLØPER. Sjølve krokusane er sydd med restestoff på papir. Eg har brukt forskjellige kvaliteter i kvit stoff, lappestoff /bomull og gardinstoff. Lukkekanten er laga av gult lappestoff, bomull stoff. Ouilta med stoppefoten med «hjernemasse » mønster på det kvite .

Første gang puplisert;  6.april 2015 SyOddny. blogspot.no