Sli syr du pute. Tutorial

Mange  festlige puter!!

Det frista å sy  puter av dette kule stoffet!

Stoffpanel med bilder av artige dyr.

.

(Kjøpt hos Lappestua. Men trur Fantasi på Sandane og  har hatt stoffet ).

Klipp firkanter.

Her passa det fint å klippe rundt motiva på stoffet.

Ein treng to like store firkanter.

Kast  over kantane med sikksak saum.

Legg firkantane opp på kvarandre.

Kant i kant.

Sy  saum rundt alle  sidene.

Sy  dei loddrette sidene i samme retning ,

og dei vassrette sidene i samme retting.

– Dette for betre hold.

Bruk ca 1 cm saumrom,

= halve foten på syfoten.

Ikkje sy; 10 cm midt på sida, nede.

Opning for vrenging av puta.

Vreng puta gjennom opninga .

Putt fullvatt inn i puta,

til den blir passelig tjukk og mjuk.

Sy igjen holet for hand med nål og tråd.

Ferdige puter!

Putekrig!

Publisert første gang på Syoddny.blogspot 13.09.17

Duk og puter i enkel lappeteknikk med blonder og stempel

Byrja å sy puter i enkel lappeteknikk med blonder og stempel.

Og det enda opp med 7 puter og 3 løpara!

Nokre er selde, og resten gitt vekk 🙂

FRAMSIDE PUTE:


Ca. 40 cm x 40 cm.

Skar opp;

 9 kvadrat til ei pute; 4,1/2 » x  4, 1/2  (ca 11,5 cm x 11,5 cm).

  4 remser; 16 1/2″ x  2 1/2″ (ca. 42 x 6,5  cm) til ramme på puta.

Alt er inkl. 1/4″ sømrom (ca. 7 mm.)

Stempla «God Jul» på ein firkant av halvlin….

…og sydde på blonder.

Sydde ihop tre  firkanter til ei remse.

Til putene brukte eg tre remser.

På første remse strauk eg saumane ein veg t.d. høgre.

For andre remsa strauk eg saumane  motsett veg, t.d vestre.

Og på tredje remsa strauk eg saumane same veg som den første remsa.

Når ein gjer det slik  «låser» hjørnene seg fint og det blir ikkje klumper.

På denne måten er det då lettare å få  fine/eksakte hjørne-treff.

La remsene rette mot rette.

Pass på at saumane (mellom kvadrata)  ligg over for kvarandre,

hjørna blir då  mot kvarandre.

Sydde saum.

Sydde  på neste remse, slik at alle 9 firkantane vart sydd saman  til ein stor kvadrat.

Langs sidene sydde eg så på remsene som skulle ramme inn puta.

 Først  oppe og nede på puta.

Reinskar.

Så på remsene på dei to andre sidene.

( som starten på teknikken «Rådhustrapp»)

Reinskar.

Klipte bomullsvatt /babyvatt og fòr/ bommulstoff like stort som framstykket på puta.

La dei tre laga opp på kvarnadre, nåla og gjorde klar for quilting

– sydde i hop dei tre laga; framside, vatt og bakstykke.

Eg quilta, sydde   ned i saumane. «Stitch in the Ditch».

Det finst eigne syføtter  til «Stitch in the ditch».

Nål godt og bruk gjerne overtransportør.

 Eller først tråkle saman alle tre laga  godt for hand .

Det går då fint å sy med ein vanleg syfot og midtstilt nål.

BAKSIDE PUTE:

Bakstykke og støttestoff: 2 stk:  ca 11″  x 17 »  (ca. 30 cm x 42 cm).

Tilpass etter framstykket på puta.

Tok først eit  bakstykke og  eit støttestoff, la rette og rette og sydde ein saum langs eine langsida.

Bretta ut og strauk saumen.

La vrange mot vrange og  sydde ei pyntestikning langs kanten.

Gjorde det samme med det andre bakstykke og støttestoffet, slik at eg hadde to like stykker.

NB! pass på at mønstret på stoffet blir rette vegen -med bruk av mønstra stoff!

På det eine stoffet skal du sy på langside oppe.

Og på det andre stykke stoff, skal du sy på langside nede.

La dei to stykka med stoff,  slik at dei lappa over kvarandre.

Sida med søm og pyntestikkning mot kvarandre.

La  bakstykka mot framstykket, retta mot retta.

Sydde  først ein saum rundt alle dei fire sidene.

Klipte av hjørna utanfor saumen.

Sydde sikk-sakk-saum langs sårkanten slik at stoffet ikkje skal rakne.

Vrengde puta.

Og putta ei innerpute inn i åpning bak.

LØPAR :

Firkanter sydd saman på same måte som putene ovenfor.

18 kvadrat  4,5″ x 4,5″ ( ca. 11,5 cm x 11,5 cm).

Ramme rundt: 2 remser 16 3/4″ x  2  1/2″  (43cm x  6,5 cm)

2 remser  25″ x  2 1/2″  (64 cm x 6,5 cm )

Inkl 1/4″  saumrom (ca. 7 m.m)

Quilting: Merka opp på skrå begge veger og sydde gjennom framstykke, vatt og bakstykke langs oppmerkning.

Sydde fast blonder langs saum ved innramming av løparen og sette på lukkekant ved sårkanten, sidene.

Publisert første gang på Syoddny. blogspot.com 31.12.16.