Raud velour kjole

I kassa for raude stoff, hadde eg fleire stykker med velour stoff.

 Både store og mindre stykkjer stoff som var quilta.

Tidleg på 1980, talet sydde mamma seg kjole og vest i dette stoffet!

Resten av stoffet var nok til ein kjole til meg.

Mamma hadde sjølv quilta stoffet med ruter .

Ruta vatt med nylonfor  på eine sida, la ho opp på baksida av velour stoffet.

 Tråkkla  godt fast med store sting og sydde/quilta med raud tråd etter dei merka rutene på vatten

Det quilta stoffet brukte eg til berstykke, framme på kjolen.

Stoffet er fast, med lite strekk.

Brukte då mønster til ein college gensar,  som eg forlenga til kjole.

Då det er eit fast stoff, er halskanten og brota på armane er klipt på tvers av tråd retninga.

Når ein klipper/skjer på skrått, vert det litt strekk i stoffet og ein får betre hold bl.a. i halskanten.

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 17.04.17.

Eplesang, -bordbrikke og mugrugs

På butikken Primula Design, Nordfjordeid er der Eplefest! Der har vi leita fram mønsteret «Eplesang»  av AnnAKa og sydd  bordbrikker og  MugRugs (koppeunderlag, gryteklutar el.)Det vart både raude og grønne epler, og jammen det eit blomstra og!

Epla er sydd med vanlig saum på maskin, applikasjon, frihandsquilting med stoppefoten og litt handsøm.

På butikken  Primula Design i Eidsgata på Nordfjordeid kan du  kjøpe mønsteret «Eplesang» av AnnAKa og  stoffpakkar til epler og mug rugs.

Første gang publisert  SyOddny.blogspot.com 06. juli 2015.

Valmue bilde, kurs med Randi Røys

 

Siste helga i mai 2015, hadde Nordfjord Lappe og Quilteklubb  jubileums-kurs med Randi Røys. Les meir om jubileums-kurset her: http://nlq2007.blogspot.no/2015/06/jubileumskurset-med-randi-rys.html
På kurset sydde eg sommerbilde med valmue og sommerfugl med stoff i friske sommerfargar frå butikken Primula Design. Ein bygde opp bilde med å sy remser rundt eit lyst bakgrunnstoff.

Valmuene og sommerfuglen vart lim på med vlisofix . Eg brukte frisøm med stoppefoten men dei   fleste brukte  knappeholsting  til applikasjonen. Quilta med fine stikningar, bue- søm ( søm 719 på symaskin Bernina 710) og  frisøm med stoppefoten. På kurset fekk vi fleire råd om korleis ein kan sy på stilken men alt kan eg ikkje røpe her!

Løparar og bilder sydd av Randi Røys og andre som har gått på kurs med henne og  som var utstilt på Vestlandstreffet 2015: 
 
Første gang publisert; 11.juni 2015 syoddny.blogspot.no