Onion 2035 Kjole med blomster.

Sommarfesten er om kvelden!

Regnbyene  driv innover Vestlandet!

Den lave temperaturen  freistar ikkje til å leite fram lett sommarkjole!

Leitte fram  mønster og det sprekaste blomsterstoffet blei dratt ut av skuffa.

Ein ny kjole, med lange armer, vart  klipt og sydd ihop på  føremiddagen.

Kjolen er delt i to med søm under brystet.

Mønster frå Onion nr. 2035

Ryggen og armane er klipt i raudt viscose jersey.

Berstykke framme og skjørtet er i jersystoff med print av flotte blomster.

Stoffet er kjøpt på Stoff &Stil.

Ein ny sommerkjole som passer fint  til Vestlandsver!

Publisert første gang på Syoddny.blogspot. com 17.04.17

Raud velour kjole

I kassa for raude stoff, hadde eg fleire stykker med velour stoff.

 Både store og mindre stykkjer stoff som var quilta.

Tidleg på 1980, talet sydde mamma seg kjole og vest i dette stoffet!

Resten av stoffet var nok til ein kjole til meg.

Mamma hadde sjølv quilta stoffet med ruter .

Ruta vatt med nylonfor  på eine sida, la ho opp på baksida av velour stoffet.

 Tråkkla  godt fast med store sting og sydde/quilta med raud tråd etter dei merka rutene på vatten

Det quilta stoffet brukte eg til berstykke, framme på kjolen.

Stoffet er fast, med lite strekk.

Brukte då mønster til ein college gensar,  som eg forlenga til kjole.

Då det er eit fast stoff, er halskanten og brota på armane er klipt på tvers av tråd retninga.

Når ein klipper/skjer på skrått, vert det litt strekk i stoffet og ein får betre hold bl.a. i halskanten.

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 17.04.17.

Julehjerter i crazy quilt

 Crazy quilt hjerte sydd på same måte som juleteppet.
Juleteppet kan du lese  om HER
Laga ein mal til hjerte og teikna det på lerret/ kvit bomullsstoff.
Snudde stoffet, slik at omrisset av hjertet var på baksida .
Midt på hjertet la eg ein bit med raudt stoff.
Tok ein ny raud lapp som eg la kant i kant med den første  lappen, retta mot retta.
Sydde ein saum langs kanten og gjennom støttestoffet (det kvite).
Bretta den andre lappen tilbake over sømmen , så sårkanten vart skjult.
Strauk  over med strykejernet, slik at stoffa la seg fint ned på støttestoffet.
Tok ein ny lapp og sydde den fast på samme måte.
Forsette slik til arbeidet dekte hjertet på baksida.
Klipte  ut hjerte etter risset på baksida.
Sydde fast silkeband der det passa.
Laga eit nytt hjerte, der eg brukte større raude stoff -biter.
Eg laga ei lita lomme med glidelås og
stempla  «God jul » på hjertet.
Klipte ut hjertet etter omrisset på baksida.
La dei to hjerta mot kvarandre, retta mot retta.
Sydde rundt hjertet, slik som ein gjer når ein syr pute.
 Hugs åpning for vrenging og stapping.
Når  hjertet var vrengt og stappa  med fyllvatt, sydde eg igjen holet for hand.
Sydde fast ein liten raud ring til oppheng.
Hekta ein karabinkrok med band ned i den raude ringen.
Publisert første gang  på Syoddny.blogspot.com 27.Des 2016.
Gjøym  gjerne snop i den lille lomma.
Julegavetips for neste jul?

Juleteppe i Crazy quilt

 

Etter fleire år har det samla seg ei stor kasse med raude stoffrester.
Lenge har eg  hatt tanker om å sy eit  juleteppe med berre raude stoff.
Eg har òg samla på ein del kle som eg meinte eg kunne sjå meg nytte av.
Bla. ein morgon-kåpe som tanta til mamma, Liv Myren sydde til meg då eg var lita.
Kåpa var litt øydelagt i sømmane og ikkje i bruk,
Kåpa vart sydd om til ei toalettveske og restane fekk vere med i dette minne- teppet.
Eg byrja med å finne fram lerret og anna kvit stoff – til støttestoff .
Eg klipte 70 lapper   ca 23 x 23 cm.
Eg fann ein bit med raudt stoff og la det ca. på midten av ein kvit lapp.
Så fann eg ein anna raud lapp som eg la kant i kant med den første raude lappen, retta mot retta.
Sydde ein saum langs kanten og gjennom støttestoffet (det kvite).
Bretta den andre lappen tilbake over sømmen , så sømmen vart skjult.
Strauk sømmen med strykehjarnet slik at arbeidet la seg fint ned på støttestoffet.
Fann ein ny lapp og forsette vidare på samme måte.
Bekledningstoff som jersy og chenille kan vere utfordrandre å bruke i lappeteknikk.
Då må ein gjerne feste stoffet ned  i støttestoffet med nokre  knappenåler.
Bruk det ein har av bitar og remser. Klipp og tilpass gjerne med ei saks.
Viktig å stryke kvar søm før ein forsetter å sy vidare på lappen
Sy gjerne på trekanter
Bruk knappenåler til å feste stoff som vil «leve»
Fyll ut lappen, slik at ikkje det kvite støtestoffet viser.
 Det er best å bruke små smale biter på midten, store og  breide lapper ytterst.
 Lappane skal til slutt  reinskjerast og ein må ha sømrom når ein skal sy  lappane ihop.
Bruk trekanter i hjørne som ikkje har vorte sikkelig dekt.
Ein kan sy i hop to stykker til ei remse, før ein syr det fast til lappen.
Lapp klar til å bli klipt/ skjert til 22 x 22 cm
Eit tips som eg kom på då eg skulle skjere fleire kvadrat i samme mål.
Eg blir så forvirra av alle strekane på linjalen,
så eg festa markeringsteip ved den streken på linjalen eg skal legge kanten etter.
Arbeidet går fortare  og teipen er lett å ta av og på.
.
Eg sydde ihop lappane. Først sydde eg ihop 7 lapper til remser.
Så sydde eg ihop remsene til eit stort teppe
På baksida sydde eg fast falsk pels frå Panduro.
Til slutt sydde eg  lukkekant rundt teppet.
Til tross for ulike kvalitetar i stoffa, vart teppet  veldig lekkert og levande
 då stoffa var i samme farge skala.
Nusse pus likte teppet veldig godt  og stod frivillig modell.
Teppet har mange stoff med minner,så teppet er ikkje til sals.
Men fram til jul 2016 er teppet er utstilt på Siv og Synnøve Oddny sitt  Syatelier i Eidsgata 24. Nordfjordeid.
Besøk oss gjerne!
<3 Velkommen  <3
Publisert første gang på Syoddny.blogspot.com 11.Des. 2016