Når jula blir jaga ut – og duken får nytt liv.

Frå blondeduk og juledul til vaskeposar.

Når juleduken først er avdanka, har fått ein flekk eller eit lite hol, og er teken av bordet – kvifor ikkje la han få eit nytt liv? ✨

Eg diggar gjenbruk og likar å sjå meg nytte av alt, både gammalt og nytt. Denne gongen fekk syntetiske juleduker og blondedukar nytt bruksområde: vaskeposar – store og små.

Dette er ikkje første gong eg syr vaskeposar av gamle tekstilar.
✨ Eg har tidlegare sydd vasketøyposar av kvite blondegardiner og duker, og dei har vore i flittig bruk i lang tid.

Ved dei kvite vaskeposane har eg brukt den fine jarekanten som blondekant og latt han overlappe glidelåsopninga. Det gir ein mjuk og dekorativ avslutning, samstundes som glidelåsen blir litt skjult og posen får eit meir gjennomarbeidd uttrykk.

Men:
Eg var så lei av at dei kvite vaskeposane vart rosa når eg vaska raude tekstilar 😅
Så då vart det å sy raude vasketøyposar i staden. Kanskje blir det òg eit par grøne vaskeposar – eg har nemleg liggjande ein grøn blondeduk som ventar på nytt liv.

Kvifor bruke heimelaga vaskeposar?

– Ekstra fine til BH-ar – held fasongen og forlenger levetida
– Tek godt vare på hekla brikker og andre sarte tekstilar i vask
– Fine når eg vaskar stoff, restar og scrap, og
👉 skånar vaskemaskina for lause trådar – og BH-bøylar som vil på avvegar…!

Med eigne posar kan eg sortere smartare – både før, under og etter vask. Når undertøyet er nyvaska og tørka, kan det leggjast rett i posane og takast med på reise. Det gjer det enkelt å halde orden i kofferten, og undertøyet ligg samla og beskytta. Dei lette og fine posane er òg praktiske til oppbevaring heime – anten i skuffa, på hylla eller i reisebaggen. Små løysingar som gjer kvardagen litt enklare ✨

Dette er ekte gjenbruk og upcycling , kombinert med oppbevaring og system på ein god og smart måte – praktiske løysingar som både tek vare på tekstilane og gjer kvardagen enklare ♻️✨ Og veldig kjekt å sy!!

Materiale

Desse dukene er kjøpte på NMS Gjenbruk i Førde – ein gullstad for tekstilskattar som ventar på nytt liv 💚

Enkel sybeskriving: Vaskepose med glidelås

  1. Klipp eitt rektangel i ønska storleik.
  2. Brett inn sidene på dei korte endane og
    sy i ein glidelås.
    → no har du ein sylinder.
  3. Brett posen flat, med rettsida ut, og glidelåset opp og slik at glidelåsen ligg der du vil ha åpninga.
  4. Sy fransk saum i sidene
    – først overlock eller sikk-sakk sidesaumane.
  5. Vreng gjennom glidelåsopninga.
  6. Sy ein søm på kvar side.
  7. Vreng tilbake til retta.

Voilá! Du har ein eller fleire vaskeposer til klesvask og oppbevaring ✨

Augestikkar – eit bildeteppe i tekstil.

Frå kursoppgåve i kursleiarutdanninga til ferdig quilt og kurs på quiltetreffet 2026.

Sommaren, sivet og lyset over innsektdammen vart utgangspunktet for denne quilten. Augestikkaren starta som ei oppgåve i kursleiarutdanninga mi hos Norsk Quilteforbund, men utvikla seg til ei forteljing sydd i stoff – om overgang, lys og bevegelse. I dette blogginnlegget deler eg både historia bak motivet og dei faglege vala som forma quilten.


Når augestikkaren flyr mot lyset – ei forteljing i tekstil.

Sommaren er komen, og vatnet i innsektdammen er varmare. Morgonsola sender sine fyrste strålar innover dammen, og sollyset kryp ned mellom sivstråa. Fleire fargar i lyse, grøne nyansar blir synlege, medan delar av graset framleis ligg i skugge og får mørkare grøne sjatteringar. Sollyset når ikkje heile dammen med ein gong – og det er nettopp i dette spelet mellom lys og skugge historia tek til.

Augestikkaren har levd i dammen som nymfe i minst tre år, kanskje lenger. No kjenner han seg uroleg. Er det i dag eg skal forlate innsektdammen?
I det siste nymfestadiet kryp nymfa opp av vatnet og festar seg til eit grasstrå. Der får ho tørke godt, før huda rivnar og eit vaksent insekt sakte kryp ut. Augestikkaren speglar seg i dammen og ser ein skapning med lang kropp, fire tynne venger med ornament og perlemor. To store auger ser tilbake før han løftar seg på vengene og flyr mot lyset. Augestikkaren ser vi helst når det er sommar og sol.


Frå forteljing til quilt

Quilten «Augestikkar» er eit bildeteppe som viser den siste scena i forteljinga – augestikkaren i det augeblikket han flyr mot lyset. Quilten vart laga som ei besvarelse på ei av oppgåvene i kursleiarutdanninga mi. Oppgåva gav rom for både kunstnarisk fridom og grundig fagleg refleksjon rundt teknikk, farge og komposisjon.

Bakgrunnen – sivet, graset og lyset – er sydd saman av smale remser med buande linjer. Desse linjene skaper rytme, djupne og bevegelse i bildet. Sjølve augestikkaren er applikert på bakgrunnen ved hjelp av vlisofix, og festa med doble knappeholsting sydd på symaskin. Eg valde denne typen sting fordi dei passar godt til strukturen i vengene, som har tydelege brettar og mange årer.

Quilten er sydd med symaskin, quilta med bordvatt som mellomlag og bomullsstoff på baksida. Rundt heile quilten er det sydd ein dobbel, smal lukkekant.


Materialval og fargar

Til sivet og graset er det brukt tekstilar i ulike kvalitetar: bomull, silke, møbelstoff og andre syntetiske stoff. Dei ulike strukturane og glansen i stoffa gir liv til bildet. Glansen speglar solstrålane som ein kan førestille seg reflektert i vatnet – sjølv om sjølve dammen ikkje er synleg i quilten.

Fargebruken i bakgrunnen er monokromatisk, med grønt i ulike valørar. Fargane går frå mørkt til lyst og tilbake til lyst igjen. Dei mørke fargane skaper skuggar, medan dei lyse viser kvar sola treff.

Augestikkaren er sydd av bomullsstoff. Eg vurderte å bruke tekstilar med meir glans og å dele opp mønsterdelane i mindre bitar, men valet fall på bomullsstoff med mønster og fargenyansar som minner om det naturlege mønsteret i vengene til insektet.


Auge, kontrast og val som måtte takast.

Eg var lenge usikker på fargen på augo. Først prøvde eg turkisblå, men då vart augestikkaren flat og forsvann litt i bakgrunnen. Det same skjedde med lilla auge – fargane harmonerte for godt med vengene og gav eit for snilt uttrykk.

Då eg valde raud-oransje auge, skjedde det noko heilt anna. Det var litt skummelt, men augo «poppa» fram og heile insektet fekk liv. Hovudet fekk meir merksemd, og det vart tydeleg at augestikkaren flyr mot lyset. I naturen har augestikkaren store, dominerande auge, og dette valet kjennest derfor riktig. Raud er komplementærfargen til grøn, og oransje er komplementærfargen til blå. Dette gjer at fargane forsterkar kvarandre og gir meir liv til motivet.

Det som kan sjå gult ut i quilten, er eigentleg lyst grønt stoff. På avstand – og på foto – verkar det nesten gult. Lilla er komplementærfargen til gult, og eg opplever at dei blå og lilla fargane i augestikkaren påverkar det lyse grøne stoffet slik at det verkar endå lysare. Dette kan vere eit døme på simultankontrast – der fargar endrar uttrykk i møte med kvarandre. (Eit lite men er at eg brukar briller med gule filterglas, så eg ser verda litt gulare enn mange andre.)


Quilting og balanse.

Eg vurderte å legge til gule, oransje og raude sommarfuglar i bildet, men dei vart alt for dominerande. Augestikkaren forsvann i bakgrunnen, og for å skape balanse måtte eg flytte motivet – då forsvann også kjensla av at han flyr mot lyset. Løysinga vart å kutte ut sommarfuglane og heller bruke raud og oransje sytråd i quiltinga på dei grøne sivblada. Slik fekk eg meir liv og kontrast utan å ta fokus frå hovudmotivet.

Eg prøvde først å quilte med rette, vertikale stikningar på tvers av saumlinjene i blada, men dette vart for rotete og dominerande. Det vart meir harmoni då eg quilta innfor kantane av sivblada, slik at stikningane følgjer same retning som blada. Øvst i bildet – «himmelen» eller lyset – hadde eg eigentleg tenkt å quilte lite, men då vart quilten ujamn og bulkete. Meir quilting i dei lyse partia gjorde at heile quilten vart fysisk jamnare og flatare.

Det er brukt sytråd i mange ulike fargar: raud, oransje og fleire nyansar av grøn – frå heilt lys til mørk. Ein av sytrådane er flamma, med fargar som går frå lyst grønt via blått til lilla. Samla speglar trådane alle fargane i bildet og skaper liv, kontrastar og skuggar.


Vidare liv

Augestikkaren starta som ei oppgåve i kursleiarutdanninga, men har fått eit vidare liv. Denne quilten er no sett opp som kurs og vil også vere eitt av kursa på Norsk Quilteforbund sitt quiltetreff på Gardermoen i mars 2026. Det kjennest både stort og meiningsfullt å kunne dele denne prosessen vidare – frå forteljing, via tekstil, til kurs.

Link til Norsk Quiltetreff 2026: https://www.nqf.no/norsk-quiltetreff-2026-2/

Ønskjer du at eg skal komme og halde kurs i din klubb eller på din heimplass, er det berre å ta kontakt: syoddny@gmail.com

På kurset lagar vi eit unikt bildeteppe (art quilt) med utgangspunkt i Augestikkaren. Bakgrunnen blir sydd saman av smale remser og buande linjer i ulike tekstilkvalitetar, som gir eit dynamisk og spennande uttrykk. Motivet kan vere ein augestikkar – eller noko heilt anna, som ein fugl, ein sommarfugl, eller eit reint abstrakt uttrykk.

Kurset passar både for nybyrjarar og meir erfarne. Du får bruke dei tekstila du har tilgjengeleg, og lærer om ulike tekstilkvalitetar, stabilisering, korleis lage buande linjer, applikasjon, quilting og enkel fargelære – og korleis ein kan skape djupn og liv i eit tekstilt bilde.

Bli med og utforsk kreativiteten din gjennom tekstilkunst!

Toalettveske i «Ole Brum» stoff

Ei Ole Brum toalettveske stod på ønskelista til ein godt voksen mann !

Stoffrester med motiv av Ole Brum og Nasse Nøff vart leita fram.

Eg har brukt litt andre mål men

Sy- beskrivelse,- Tutorial finn du ved å trykke  HER

«Her kommer Ole Brumm,

en liten bjørn i Skogen

tra-la-la la-la bom!

jeg heter Ole Brumm.

Dette er en liten bjørnevise,

og mon tro jeg snart får litt å spise?

Her kommer Ole Brumm,

en liten bjørn i Skogen

tra-la-la la-la bom!

jeg heter Ole Brumm.»

(Torbjørn Egner)

Publisert første gang på Syoddny.blogspot.28.08.17.

Grå toalettveske

Toalettveske sydd av «hyllevarmere»- restestoff som låg i hylla mi.

Bomullsstoffet med trykk er kjøpt på butikken Primula Design, Nordfjordeid.

Toalettveska er 35 cm brei og 30 cm høg.

Ytterstoffet er eit tjukt møbelstoff,så då  let eg vere  å vattere ytterstoffet med bordvatt.

Bordvatt vart brukt istandenfor støttestoff under foret.

Elles så brukte eg denne mønstra:

https://www.syoddny.no/2019/06/monster-pa-klassisk-toalettveske/

Inside lomme med glidelås

Inside med fleire lommer.

Publisert førstegang på syoddny.blogspot.com 11. des. 2016

Mønster på klassisk toalettveske

No skal eg vise  steg for steg korleis eg  syr  enkel og klassisk toalettveske,
 der ein slepp å sy foret fast med  hand. Toalettveska har  lommer på innsida.
Mønster og syforklaring har eg laga sjølv.
Det er lov å dele mønstra med andre, til syinspirasjon!
Eg synest  det er godt å ha  innerlomme i toalettvesker og i vesker.
Om det tek ekstra tid å sy lommer på foret, synest eg det er verdt bryet.
Veska er  då meir anvendelig i bruk.
Veska  bør ha  ei lomme med gildelås,
 der ein kan gøyme små ting  som smykker og tabletter.
MATERIALLISTE:
Hovudstoff:
til utside:
1 stk. ca. 37 cm x 27 cm (reinskjerast til 35 cm x 25 cm).
1 stk. 35 cm x 25 cm.
Bordvatt:
1 stk. ca. 37 cm x 27cm (reinskjerast til 35 cm x 25cm).
1 stk. 35 cm x 25 cm.
1 stk . 35 cm x 11 cm.
For:
2 stk. . 35 cm x 25 cm .
Støttestoff til for:
2 stk. 35 cm x 25 cm.
Lommer: 
A: 2 stk.: 25 cm høg  x 10 cm brei (Kan gjerne vere samme stoff som foret).
B: 2 stk.: 22 cm brei  x 5 cm høg.
C: 2stk.:22 cm brei x 16 cm høg.
Glidelås:
1 glidelås minst 22 cm langt D
og 1 glidelås  minst 33 cm langt.
Stoffremse til glidelås:    
ca.  10 cm. x 5 cm.
Stoffrester:                     
Til applikasjon
Flisofix:                          
Til Applikasjon
Symaskin med sytilbehør
1 cm sømrom om ikkje noko anna er nemt.
  Det er opp til kvar enkelt korleis toalettveska skal sjå ut.
 Her er det berre å bruke fantasien!
Eg viser to måter å lage yttersida på, der eg skil  mellom eit framstykke og eit  bakstykke.
Eit stykke med quilting og applikasjon og eit vanlig stykke uten dekor og søm.
Men begge sidene på toalettveska kan syast likt.
FRAMSTYKKE:
 Skjer eit stykke bordvatt og eit stykke stoff (framsida), begge  27 cm x 37 cm .
Framstykket skal quiltast og då er det lurt å  skjere/ klippe litt ekstra  mål
Stoffet og vatten vil krympe og dra seg litt ved vattering/ «quilting».
Legg bordvatten under stoffet.
Vater eller «quilt «med å sy gjennom stoffet og vatten.
Eg brukte  trippelsøm og dekorsøm som eg sydde på skrå av stoffet.
 Frihandsquilting med  Stich Regulator syfot ( Bernina) .
Ein kan også bruke  stoppefoten til frihandsquilting.
NB! Hugs å koble ifrå undertransportøren på symaskina når ein frihandsquilter!
Eit ferdig «quilta» eller vattert stoffstykke!
 Applikasjon av hjerte:
Teikn hjerter på flisofix.
Lim flisofix på stoffet.
Klipp ut hjerte.
Riv av støttepapiret på flisofixen
 og plasser hjerta på stoffstykket der du vil ha dei.
Stryk fast hjerta med strykejern.
Sy  fast hjerta med symaskin.

Eg har her brukt søm nr: 720 (Bernina symaskin 710).

Les meir om applikasjon av hjerte HER
Skjer/klipp det  ferdige vattert/ «quilta»,
  stoffstykket til  35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
BAKSTYKKE:
Klipp eller skjer bakstykke og eit stykke bordvatt med samme mål som framstykke (sjå bilde over).
35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg hovudstoffet opp på vatten, kant i kant.
Sy ein søm,  heilt ut i kanten  rundt sidene så stoffa heng fast i kvarandre.
Stoffa glir då ikkje  ifrå kvarandre og frynser og rakner.
No har du eit bakstykke og eit framstykke som er like store.
FOR / INNSIDE:
Klipp / skjer fòr (blå) og støttestoff (kvit):
2 stk.: 35 cm x 25 cm.
Klipp vekk to  firkanter  nede i hjørna, 4 x 4 cm.
Legg foret  opp på støttestoffet, kant i kant.
Vranga på foret mot støttestoffet.
Sy ein søm rundt sidene, heilt ut i kanten,
slik at stoffa heng fast i kvarandre og ikkje glir.
Støttestoff  er for å gjere foret sterkare.
Viss ein ikkje skal ha lommer i veska  treng ein ikkje støttestoff.
Hoppe då  over avsnittet om korleis ein syr lommene
 og fram til korleis ein syr glidelås og syr samman toalettveska.
Lomme:

Klipp eller skjer stoff 35 cm x 24 cm og bordvatt 35 cm x 11 cm.
Brett stoffet i to. Stryk så det blir ei linje midt på stoffet.
Legg vatten inn til midden og brett stoffet rundt vatten.
Sy ein stikkning ved bretten slik at vatten blir festa i stoffet.
På den andre sida, ved sårkanten (klippekanten) er  stoffet  ca. 1 cm større enn vatten, dette for sømrom.
Legg lommedelen  på  eine fòrstykke,
retta mot retta.
Sårkanten skal ligge oppover ca. 8 cm parallelt frå nedre kant av foret.
Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.
Brett lomma oppover og styrk.
Sy ein stikkning  (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Del inn lomma til midre lommer,alt etter smak og behag.
Tenk litt på kva du vil ha i lommene; mobil, maskara, penner ol.
Bruk ein linjal og ein tusj (som kan strykast vekk) eller kritt
 til å merke  der ein  skal  sy.
Sy stikninger over merkelinjene.
 Fest sidene av lomma til foret med ein hjelpesøm.
Slik ser lomma ut i ferdig veske:
Lomme med glidelås:
A: 2  stk.: 25 cm høg  x 10 cm brei ( Kan gjerne vere samme stoff  som foret). B: 2 stk.:22 cm brei  x 5 cm høg.
C: 2 stk.: 22 cm brei x 16 cm høg.
D: Glidelås minst 22 cm ( helst litt lenger).
Legg eit stoffstykke B langs glidelåset D, retta mot retta .
Sy ein smal søm  (lite sømrom)
Eg bruker  glidelåsfot når eg syr fast glidelås.
Det er ein fordel at glidelåset er lenger enn 22 cm,
 då er det lenger enn arbeidet og glidaren kjem ikkje i vegen når ein skal sy.
Ta 2. stoffstykke B og legg retta mot vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med 1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm.  Somrøm  tilpassa etter glidelåset.
Når du snur arbeidet, er der to sømmer.
Brett stoffstykka mot kvarandre, vranga mot vranga.
Stryk stoffstykka godt oppover slik at glidelåsen viser.
Ta eit stoffstykke C og gjer det samme som ovanfor, men på den andre sida av glidelåset:
Legg stoffstykke retta mot retta på glidelåset.
Pass på at stoffstykke B og C er kant i kant.
Sy ein smal søm.
Ta  det 2. stoffstykke C og legg med retta på vranga av glidelåset.
Pass på at 2. stoffstykke ligg i kant i kant med  1. stoffstykke , retta mot retta.
Sy ein søm , Sømrom  tilpassa etter glidelåset.
Brett stoffstykka mot kvarandre vranga mot vranga
Stryk stoffstykka godt nedover slik at glidelåset vise.
Sy stinkninger og gjerne pynte-søm langs glidelåset.
Dra glidelåsglidaren  innom sidene på stoffet
 og klipp av   glidelåset på begge sider viss det er for langt.
Reinskjer lomma 22 cm brei x 20 cm høg.
Legg lomma opp ned på  ned på det andre stykke med for.
Retta mot retta.
Sårkanten nede på lomma  skal vere ca. 7 cm parallelt frå nedre kant av foret.

Sy ein søm, ca 1/4 » / 0.5 cm.

Brett lomma oppover og stryk sømmen.
Sy ein stikkning  (søm) nede på lomma, litt breidare så brei at sårkanten blir skjult inne i lomma.
Fest lomma oppe ved ein søm ved kanten.
Ta  dei to stoffstykka A og  legg dei på kvar si  side av lomma,
retta mot retta.
Sy ein søm.
Brett stoffstykka over til sida og stryk.
Sy ein stikkning.
Snu arbeidet over på baksida og reinskjer eller klipp rundt støttestoffet med for.
Sy ein søm heilt ut ved kanten.
Då er den andre sida med fòr ferdig!
Slik ser lomma med glidelås ut i ferdig toalettveske .
Då er begge stykka på innsida /foret klar til å sy i hop.
GLIDELÅS:
Skjer/ Klipp ei 5 cm brei  remse, ca 10 cm lang.
Brett den dobbelt og stryk slik at det blir ein strek på midten.
Brett sårkantane inn mot midten, stryk.
Brett så igjen og stryk slik at stoffet er bretta som eit skråband.
Klipp glidelåset 33 cm langt.
Nb! Pass på at glidaren på glidelåset er innanfor der ein klipper.
Legg eine enden av glidelåset inn i det bretta bandet.
Sy fast bandet  på glidelåset, som ein firkant .
Sjå bilde ovenfor.
Klipp av bandet på sida av glidelåset.
Gjer det samme på den andre sida av glidelåset.
Då er glidelåset klar for bruk!
SY SAMMAN TOALETTVESKA:
Legg glidelåset retta mot retta på framstykket.
Midt på glidelåset skal vere midt på framstykket.
Sy ein smal søm.
Gjer det samme med bakstykket.
Dra sidene ifrå kvarandre og stryk ved søm ved glidelås.
Snu arbeidet.
Legg  det eine stykket med fòr, retta mot vranga av glidelåset.
Sy ein søm .
Sømrom tilpassa glidelåset.
Sy så det andre stykke med for fast i glidelåset på samme måte.
Dra stykka med for ifrå kvarndre så baksida av glidelåset vise .
Legg framstykke og bakstykke mot kvarandre, retta mot rette.
Legg begge stykka med for mot kvarandre, retta mot retta.
Dersom ein ønskjer merkelapp i sida på toalettveska,
legg ein den no inn i sømmen.
Putt merkelappen inn i sida mellom framtstykke og bakstykke, ca .4 cm nedan ifrå.
Sy søm rundt alle dei fire sidene.
NB! Hugs å ha åpning på eine sida av foret for  seinare vrening av veska.
NB!  Ved hjørna, der  firkantane  er klipt vekk,  skal det ikkje syast no!
Hjørna skal  først brettast flate.
Sidesøm  og søm i bunnen skal  vere rett mot kvarandre.
Sjå bilde ovenfor og under.
Sy  ein søm ved sårkant,  ved alle fire hjørner.
Når alle hjørnene er sydd, ser arbeidet slik ut på vranga.
Vreng veska  gjennom holet i foret.
Brett til vrengeholet og sy igjen med ein fin stikning med symaskin
 (eller sy i hop for hand).
Brett foret ned i veska og
SIMSALABIM!
Toalettveska er ferdig!!
Publisert første gang på  SyOddny.Blogspot.com 22.sep.2016

SyOddny på Vestlandstreffet 2015

Endelig var helga komen, der Vestlandstreffet 2015, 16.-18. oktober, stod med store bokstaver på kalenderan! Eg og mine quiltevenniner i Nordfjord Lappe og quilteklubb ( NLQ) hadde lenge sett fram  til  «Quiltefestivalen på Vestlandet»- i år på Nordfjordeid!
Nordfjordlappe og quilteklubb feirar i år 20 års jubileum.
 Klubben ville då invitere andre syglade til å komme å feire ilag med oss på Vestlandstreffet.
Sidan ca. 1997 har eg vore med medlem i Nordfjordlappe og quilte klubb.
NLQ har arrangert Vestlandstreffet,  både i 2000 og 2006.
Eg har delteke på Vestlandstreffet i Bergen  i 2006 og på Voss i 2012
og som besøkande  i Florø 2014.
 Eg hugsar ikkje så mykje frå dei første Vestlandstreffa eg var med på.
 Derfor vil eg lage ei lita  minne bok frå treffet i år – her på bloggen min.
UTSTILLING:
På Vestlandstreffet hadde medlemane i  NLQ  hengt opp noko av dei siste års arbeid i korridorene på     EidUngdomsskule.
Twisterteppe:
Twisterteppet er eit av  lappeteppa mine som  eg er mest glad i . Teppet er sydd i friske fargar av for det meste gamle stoff – eit ekte lappeteppe! Eg hadde aldri prøvd  twister linjalen, så på første forsøk ville eg bruke  stoff som eg ikkje var så redd for !  Eg fekk finne   gamle  stoff  frå mamma sine hyller.  Gardiner og bluser vart klipt opp, men dei  fleste stoffa låg og venta på å bli skjert og sydd i hop!
Til den lyseblå ramma måtte eg kjøpe stoff på Lappestua på Nordfjordeid.
Meir om twister teppet mitt kjem seinare på bloggen min.
Valmueblide:
Valmue bildet mitt som eg sydde på kurs med Randi Røys, våren  2015,  var utstilt inne på klasserommet der Randi  hadde kurs på treffet.
 Her kunne ein sjå bilder og løparar,  mønster frå Randi Røys.
Kurs med Randi Røys kan de lese meir om
Sommerbristeppe:
I sommer sydde eg Sommerbris slumreteppe for butikken Primula Design. Mønster etter Bente Malm.
Veldig kjekt å treffe igjen June Enerstad frå Bernina!
Les meir om Sommerbris slumreteppe her:
Buggy-Barn Hjerteteppe:

Mitt blå Buggy-Barn Hjerteteppe,  sydde eg på eit kurs med Marie Myklebust som NLQ arrangert i 2013. Stoffet er kjøpt på Primula Design og på baksida er det micro  fleece frå  nettbutikken Kreativ. Fleecen er kjøpt  med eit gavekort som eg vann på ein syalong på Facebooksida :» Voksne Sygalne». Enkelt quilta  fordi dette skal vere  eit mjukt kose teppe!

                                          Tina Eckeroth , June Enerstad og Bente Boksasp studerer  teppet mitt.

Dei andre klubb  medlemane hadde stilt ut masse fint! Eg tok masse bilder  av «kunstverka» for eg ville ha å syne til mamma ,som var sjuk og ikkje kunne vere med  denne gangen.
Nyt bilda som kjem under her. Eg kom iallefall i julestemning!


                              
KAFFI &KAKER:
I år og var det kiosk med mange fine og gode kaker!
.
 Kake med Tråsneller, nål og lappeteppe laga av mi gode venninne  Laila J. Vangberg Gangdal
Foto: June Enerstad frå. Bernina Nordic
BUTIKKER:
På Vestlandstreffet er det alltid ein del quilte butikker som sel stoff og sytilbehør til oss «Quilteglade». Butikkane har med ferdige modellar og materialpakkar, som vi let oss friste av!
Her er litt av utvalget deira!
Sølvi Quiltestudio:
 
Primula Design:
 
Trapp Ned:
Lappestua:
Northen quilts:
FOREDRAG:
Vestlandstreffet åpnar alltid med eit foredrag på fredagskvelden.
I år var det Wenche Wolff Hatling  som fortalde om seg sjølv og oppsarten til design firmaet «Northern quilts» og  ho viste fram mykje av sine arbeid !  Ho liker å kombinere lappeteknikk med «broderusk» ( stitcery-broderi).Veldig kjekt å få sjå mange av teppa hennar «live» !
Ho fortalde og om prosessen med å designe eigne lappestoff der ho er inspirert av natur, reiser og kultur, f.eks. blomster, bygninger og rosemåling.
«Heldige meg» som fekk vere assistenten til Wenche under foredraget!!!
Leiar i NLQ Anne Marie Holsvik studerer det flotte juleteppe til Wenche.
Wenche svarte gjerne på spørmål etter foredraget.
Les meir om foredraget HER
KURS:
Klubben hadde mykje arbeid med å avikle Vestlandstreffet, men alt var veldig godt organisert så vi fekk både tid til å gå på kurs, sjå innom dei andre kursa , drikke kaffi og snakke med dei andre .
Kurs med Kari Renolen ( My Quilt):.
Eg gjekk på kurs med Kari Renolen  som driv «My Quilt».
Vi laga»Butterfly»Skulderveske med stilige detaljer med eit stort lokk der vi med hjelp av decoupage limte servietter på lokket.
SyOddny
SyOddny

og andre kursdeltakara sine kreative serviett collage:

Kari sine ferdige quilta modeller:
 
Kari si  veske
Eg vart ikkje heilt ferdig med veska mi på kurset…
Medan andre vart ferdig med veska på kurset !
Til slutt vart veska mi ferdig og er godt brukt!!
Les meir om sommerfuglveska mi
Andre veske frå Kari Renolen:
 
Meir om kurset til Kari Renolen kan du lese om HER
Kurs med Vigdis Hovden Månsson:
Vesker fletta av kaffiposar, ukeblad, reklamer, sjokoladepapir og Donald blad!
Fleire bilder frå kurset med  Vigdis Hovden Månsson:HER
Kurs med  Ingeborg Strupstad:
Ei lita fin veske.
 
Ingeborg sine modeller.
Fleire bilder frå kurs med  Ingeborg Strupstad trykk her: HER
Kurs med Liv Ingunn Holvik:
På dette kurset sydde ein vesker av dongri bukser.
Dette kjekke kurset har eg gått på tidligare og du kan lese meir om det Her.
Sjå fleire Bilder frå kurset på Vetlandstreffet.
Kurs med Patricia Iden:
Bilde, applikasjon av hus og ulike sting med symaskin.

Anita Obo
Ingrid Olaisen
 
Symaskina med underlag til Patricia Iden og andre modeller under:
Sjå fleire bilder frå kurset med Patricia Ida HER
 
JUBILEUMSMIDDAG:
På Nordfjord hotell  var det nydelig pynta til festmiddag til nesten  150 personer.
Det vart severt koldtbord
Rundt om i festlokalet hadde medlemer i lappeklubben pynta med eigne arbeid.
Under festmiddagen hadde nokre «Vis & fortell».
 
Turid Bakken frå Ulsteinvik syr hexagon med handsaum
og  skriv bloggen «Den syende himmel.»
 Les bloggen hennar HER.
Turid med  sitt store prosjekt «La Passions» Design av Grift`s Life.
I Facebook gruppa: »  Hexagonquilt «La Passion»  » samlar den tyske designar mange som syr
«La Passion».
Marianne Gjesdal Lyngås frå Rogaland
viste  eit fellesprosjekt frå hennar lappeklubb
og eit juleteppe med familiebilder.
Les meir om Festmiddagen Her
Jippi eg vant denne kjempe fine haust løparen på lotteriet!
Fint minne å ta med meg frå Vestlandstreffet 2015!
Tusen takk til gamle og nye quiltevenninner for ei kjempe flott helg!!
———————————————————————————————————————
Ein må gjerne kopiere bilda mine men då ser eg  at de likar facebooksida mi «SyOddny«
og legg ved link til syoddny.no
Publisert første gang 23.10.15. på SyOddny.blogspot.no