Sy trekanter:
Skjer opp stoffstrimler f.eks. som her 4″.
Legg to stoffstrimler mot kvarandre retta mot retta.
Begynn med å teikne kvadrat 4″x 4″ på den øverste stoffremsa.
Teikn ein strek på skrå frå hjørne til hjørne. Sjå bilde ovenfor.
Teikn så to strekar
ein på kvar side. 1 cm eller 1/4 » -alt etter kva sømrom du bruker,
parallelt til streken som går på skrå.
Då er der 3 streker som går på skrå,
frå hjørne oppe til venstre og på skrå ned til høgre hjørne.
Sy saum diagonalt, på dei to ytterste strekane.
Klipp opp, langs den mitterste streken.
Klipp så langs dei loddrette strekane.
Brett og ut stryk trekanten, til ein firkant laga av to trekanter.
Snu og plasser firkantane til det mønster du vil ha og sy samman.
Les meir om pynt til konfirmasjon HER
Publisert første gang på syoddny.blogspot.com 22.04.17.